Digital danning

Ville du latt barna dine dra på badetur utan å kunne symje? Ville du latt seksåringen din setje utfor den svarte løypa i skisenteret? Ville du sendt barnet ditt ut på Internettet åleine?

Publisert:

Kronikk av Rune Krumsvik

dr.philos/førsteamanuensis

Institutt for Utdanning & Helse

Universitetet i Bergen

Den digitale revolusjonen påverkar oss i dag sterkt i forhold til vår kultur, vere— og tenkjemåte. Denne revolusjonen har allereie skapt djuptgåande endringar innanfor vårt forhold til etablerte samfunnsinstitusjonar, ein ser at nye kommunikasjonsmønster trer fram i «lenkjer av luft» og at framferda vår endrar seg i det digitale rommet versus det fysiske møtet. Vi ser dermed konturane av eit eksistensielt og psykologisk eksperiment; vi har å gjere med eit danningsprosjekt som sprengjer tradisjonelle rammer.

Sjølv om Internettet berre er 10-15 år, så har det ført til eit behov for å rette søkjelys mot ei form for «digital livs- og folkevisdom» - ei digital danning. Denne digitale danninga tek med seg mykje av tankegodset frå tidlegare tider, men rettar òg søkjelys mot korleis den digitale revolusjonen tvingar oss til å reflektere over kva det vil seie å vere «gagns menneske» i 2007. Ei viktig side ved dette er fråværet av dagens vaksne på denne digitale arenaen. Det synest som om dei vaksne ikkje reflekterer i særleg grad over sitt eige fråvær på denne arenaen og det er naudsynt at dei må innta dette digitale rommet for å kunne vareta danningsansvaret sitt.

Kanskje kan ein «trigge» dei vaksne til refleksjon over dette ved å stille nokre enkle spørsmål: Ville du latt barna dine dra på badetur utan å kunne symje? Ville du gitt latt seksåringen din setje utfor den svarte løypa i skisenteret? Ville du sendt barnet ditt ut på Internettet åleine? Dei to første spørsmåla svarar nok dei fleste foreldre nei på, medan det tredje vil nok dei fleste svare ja på. Kvifor er det slik? Har dette med vaksengenerasjonen sin tradisjonelle persepsjon av risiko å gjere og er alt som går føre seg innanfor husets fire veggar trygt og godt lenger i vårt digitaliserte samfunn? Eller har det «trådlause samfunn» gjort oss både «nakne» og sårbare også i heimen? Det er mange spørsmål som dukkar opp i kjølvatnet av dette og tvingar oss til å tenkje over kva slags danningsreise «screenagers» har i høve til tidlegare generasjonar.

Det første ein må erkjenne er at vaksenretorikken rundt «Internett er berre eit verkty» ikkje held vatn i dag - det har blitt eit enormt innhaldslandskap som tek dei unge med på heilt nye danningsreiser på godt og vondt. Gjennom historia har ein sett at dei kulturelle verktya som har vorte utvikla har hatt implisitte (ofte velmeinte) føremål, men òg utilsikta tilleggseffektar. Balltreet har gitt mange born og vaksne gode opplevingar i slåball eller baseball - men er samstundes blitt eit farleg våpen blant kriminelle. Turkniven er ein viktig del av vår kulturarv innanfor friluftslivet, men om bord i eit fly kan den brått bli eit potensielt terroristvåpen. På same måte kan ein seie at Internettet i 2007 er eit særs kraftig, samfunnsmessig universalverkty for kommunikasjon, informasjon, samhandling og læring - men samstundes eit farleg verkty for kriminelle, terroristar og overgriparar.

Dette illustrerer at teknologiske nyvinningar særs ofte vil ha ei «skyggeside» som vi alle må vere merksame på. Spørsmålet er likevel om Internettet har ein så stor kompleksitet at vi ikkje heilt anar kva dette kulturelle universalverktyet er i stand til å bidra med på godt og vondt, og difor tvingar dette oss til å vidareutvikle både kompetanse- og danningsomgrepet på dette området. For medan du kan ta deg eit 20-timars kurs og bli sertifisert i bruk av andre verkty, må ein erkjenne at den store kompleksiteten og det enorme innhaldslandskapet, gjer Internettet til noko heilt anna enn «berre eit verkty». For den dagen ein har nok teknisk kompetanse til å kome seg inn på Internettet, har ein berre så vidt byrja på ei lang (kanskje livslang) kompetanse- og danningsreise i skikk og bruk på nettet. Eit døme på dette er «googling» som både har element av å meistre søkjeverktyet Google, men samstundes har klare danningsaspekt ved seg i korleis ein søkjer, vurderer, samstiller, brukar og refererer til kjelder ein finn på Internettet. Dette gjer at vi må revitalisere vår omgrepsbruk når ein i dag snakkar om «screenagers» sin bruk av Internettet, og vi må gi denne omgrepsbruken ei språkdrakt som harmonerer med den enorme kompleksiteten Internettet har i 2007. Mykje av dette handlar på mange måtar om ein manifestasjon av generasjonskløfta - vaksengenerasjonen som immigrantar og dei unge som innfødde på den digitale arenaen. Medan vaksne før kunne syne til at «dei òg hadde vore unge ein gong», er dette eit munnhell som ikkje lenger er legitimt å bruke. Dagens vaksne har ingen eigne erfaringar med å vekse opp under ein digital revolusjon, og kjem difor til kort på denne danningsarenaen. Dette har ført til eit gap mellom dei vaksne og «screenagers» sin mediebruk og altfor mange vaksne veit difor svært lite om dei unge sitt «on-line»- tilvære. Særs ofte er haldninga den at så lenge poden er på rommet sitt med dataen, så kan det vel ikkje gå gale. Medan annan sosialisering går føre seg med vaksne til stades og ofte som rollemodellar for dei unge, har det digitale rommet blitt ein danningsarena tufta på ganske tilfeldige aktørar og «fri flyt». På mange måtar overlatar dei vaksne barna til sjølv å bli digitalt danna og nærast utvikle eit innebygd filter for Internettbruk og digital folkeskikk. Og når det går gale med barns nettbruk, så ropar mange vaksne på at teleselskapa må ta ansvaret. Men skal vegvesenet ha ansvaret for alle som køyrer for fort på vegane? Skal postvesenet ha ansvar for at folk sender trugselbrev, brevbomber, m.m.? Skal ein breibandsmontør ha ansvaret for folk sin tvilsame internettbruk? Det er difor innlysande at ein som vaksen fråskriv seg rolla som danningsagent og forelder, dersom ein vel å skulde på andre når poden gjer noko (digitalt) gale.

Foreldre må difor vedkjenne seg det faktum at Gro Harlem Brundtland si «nabokone» som greip inn når den fysiske leiken i gata gjekk av hengslene før i tida, diverre ikkje er til stades i det digitale rommet. Foreldre og vaksne generelt må difor inn på denne arenaen og ikkje berre vere tilskodarar, men òg kyndige deltakarar. Dei må erkjenne at det som dei trur er privat innanfor husets fire veggar, berre eit tastetrykk unna å bli publisert til eit (potensielt) stort publikum i det offentlege rom. Og når så mykje av aktiviteten blant dei unge stadig blir flytta frå løkker og nabolaget inn i slike digitale fora - bør ikkje politikarar vurdere konsekvensane av dette i endå større grad? Er frivillig arbeid blant barn og unge i dag vel så viktig i det digitale rommet som i det fysiske rommet? Kan politikarar stimulere og honorere vaksne til å delta som mentorar og moderatorar i slike nettbaserte samfunn?

Sjølv om mange «screenagers» er kompetente og ansvarlege nettbrukarar er det likevel «digital risikosport» å overlate Internettarenaen åleine til barn og unge. Dette handlar om at ein heil generasjon unge deltek i eit danningsprosjekt som sprengjer tradisjonelle rammer. Det krev at dei unge må utvikle ein digital folkeskikk både i samspel - og motspel - med vaksne rollemodellar, men òg vice versa der dei unge kan syne veg for dei vaksne.

På denne måten kan ein få vaksengenerasjonen meir på bana og ta det oppdragaransvaret som er naudsynt i vårt, nye, digitale samfunn, og ikkje vere «rådlause i det trådlause».

Publisert: