Eg er allergisk mot trening

Eg lykkast ikkje med treninga mi. Eg blir irritert, lei og sur. Å vera sur er ikkje akkurat helsefremjande, så eg har ein tap-tap-situasjon her.

Publisert Publisert

TUR, TAKK: Eg har bestemt meg for at tur er tur, det er ikkje trening! Når eg går tur, fokuserer eg på opplevinga, naturen, sansinga, og eg blir ofte glad og inspirert av turen. Foto: Privat

  • Olaug Hartveit
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

**Kvar dag har eg** trening i tankane mine. I gangen heng det eit apparat, «Terapi-master», av og til er «meisteren» i bruk. Eg ligg på rygg på golvet med beina i slynger, løfter eit bein om gangen, eller spenner kjernemuskulaturen og lagar «planke». Eg går tur kvar dag, eg elskar i prinsippet å gå tur, men erfarte gong på gong at det ikkje var så kjekt fordi det var treninga som var i fokus. Eg skulle gå raskt, så langt som mogeleg, og pulsen måtte opp! Det beste med turen var å koma heim att.

Kvifor reagerer eg så negativt på ordet trening? Eg googlar og får 44 millionar treff! Eg blar ikkje gjennom alt, men eg finn «fitness», treningsbloggar, treningssenter og you name it! Eg finn ingen ting som assosierer trening med noko anna enn det eg blir sur av. Etter å ha studert funna på Google ei stund, tenkjer eg at trening er eit skikkeleg egosentrert, kroppsfiksert, motebasert fenomen. Kvar vart det av normal fysisk aktivitet?

Les også:

Les også

Jeg er ferdig med å ha dårlig samvittighet for at jeg løper

Trening handlar vel så mykje om å ha fin kropp som om å ha god helse. Når ein ikkje oppnår nokon av delane ved å trena, er det lett å bli litt sur. Å vera sur er heller ikkje vidare helsefremjande, så eg har ein tap-tap-situasjon her. Å tenkja positivt har eg slutta med for lenge sidan, ingenting er meir provoserande enn at ein positiv tanke kan snu det meste her i livet. Med eit slikt utgangspunkt skal det ikkje mykje til for at noko kan bli betre.

Menneske vert plassert og vurdert i to kategoriar, dei som trenar og dei som ikkje trenar. Dei som ikkje trenar, er mindre vellykka enn dei som trenar. Er du utrent og overvektig, er det sjølvsagt verre enn å vera tynn og utrent, men det beste er å vera veltrent med definerte muskelgrupper.

Eg er kanskje over gjennomsnittet opptatt av at eg ikkje lykkast med treninga mi. Eg blir irritert, lei og sur! Ordet trening i tyding «fysisk aktivitet med hensikt å betre fysisk form» har særs negativ klang i mine øyre. Eg kan godt trena på andre ting. Til dømes har eg trena mykje på mindfulness, eg høyrer instruktør Berits stemme: «Når tankane tek deg bort frå pusten, så registrerer du det og vend så tilbake til pusten, tren!» Det er så positivt ladd og det kjennest meiningsfullt. Kvar gong eg registrerer at tankane tek meg bort frå pusten, og det skjer ofte, veit eg at eg aukar merksemda mi. Treninga gjev meining.

Berre tanken på fysisk trening gjer meg uvel. Alt eg gjer av fysisk aktivitet, er i prinsippet trening for å hindre at eg skal få endå dårlegare fysisk form. Å auke kapasiteten min er ein ønskjedraum, men verkar ikkje realistisk. Motivasjonen for å halda meg i aktivitet er altså negativ: Viss eg ikkje gjer det, blir eg endå raskare i dårlegare form.

Alt eg gjer av fysisk aktivitet, er i prinsippet trening for å hindre at eg skal få endå dårlegare fysisk form.

Folkehelseinstituttet definerer trening som «fysisk aktivitet som er planlagt, strukturert og gjentas regelmessig, og som har som mål å betre eller vedlikehalde fysisk form, helse og idrettslig prestasjonsevne.» Å gjenta noko ein ikkje trivst med regelmessig på ein planlagt og strukturert måte over tid, er eigna til å ta humøret frå kven som helst. Like fullt erkjenner eg at det er viktig for helsa at kroppen er i fysisk aktivitet.

Det er utan tvil like viktig for helsa at ein opplever livskvalitet. Berre 2,6 millionar treff på det ordet, men mange spennande funn. Definisjonen frå Folkehelseinstituttet er: «Livskvalitet handlar om å oppleve glede og meining, vitalitet og tilfredshet, tryggleik og tilhørighet, om å bruke personlege styrkjer, føle interesse, meistring og engasjement. Livskvalitet er derfor ein viktig verdi i seg selv. I tillegg har livskvalitet sammenheng med helserelaterte gevinster som betre fysisk og psykisk helse, sunnere livsstilvalg, sterkere nettverk og sosial støtte. Livskvalitet og trivsel styrkjer også motstandskraften i møte med belastninger.»

Fysisk aktivitet er altså viktig for livskvalitet. Eg kjenner folk som ville hatt veldig redusert livskvalitet utan trening i livet sitt, men trening er ikkje nødvendig for å ha god livskvalitet.

Treningsutstyr er sjølvsagt viktig. Sidan eg snart skal på rehabilitering i fire veker, har eg kjøpt meg treningstøy. Eg fann ein treningstights til halv pris (dyr nok likevel), og det viste seg at eg hadde kjøpt det kulaste merket i den slags. Godt å vita at ein ikkje skil seg ut i klesvegen i alle fall! Det spørst om resten av «utstyrspakka» er like tidsriktig.

No har eg aldri vore på rehabilitering før, så det blir spennande å finna ut korleis fysisk aktivitet og trening blir presentert der. Eg skal trena i fire veker. Å formulera mål som veldefinerte faste musklar er vel å lura seg sjølv, men det vert spennande å sjå kva effekt det vil få for min livskvalitet.

Les også:

Les også

Fjellvettsreglar for dummies

Gjennom sosiale media, motebiletet og at stadig nye treningssenter «poppar» opp, speglar samfunnet verdien av å trena og å vera veltrent. Kan det å bli sett i tett trikot rett etter ein fødsel bli viktigare enn å få amminga i gang? Bilete av veltrente kroppar skapar press og ofte dårleg sjølvbilete hos unge som samanliknar seg med heilt uoppnåelege idealbilete. Bedriftsleiarar skal sykla Birken, og arbeidsplassar skal konkurrera om å vera sprekaste arbeidsplass.

Det er mange årsaker til å vera «allergisk» for ordet trening, det kan vera assosiert med manglande meistring, negative erfaringar gong på gong, manglande resultat for å nemna noko. Mange kjenner på presset om å trena, endå tida ikkje strekk til. Dårleg samvit fordi ein prioriterer å lage middag og kvila i staden for å gå på treningssenteret. Eller ein brukar så mykje tid på treningssenteret at ein ikkje har tid til å delta i frivillig arbeid, besøkja gamle mor eller gå på kino. Når trening er noko ein «må» og «bør», kva er då helsegevinsten?

Trening er ikkje nødvendig for god livskvalitet. Å oppleva aksept, tryggleik, glede og meining i livet er viktigare. Det er lettare å ta sunne val når ein har god livskvalitet. Eg har bestemt meg for at tur er tur, det er ikkje trening. Når eg går tur, fokuserer eg på opplevinga, naturen, sansinga, og eg blir ofte glad og inspirert av turen. Kroppen kan verta trøtt og elendig og kanskje orkar eg ikkje så mykje meir den dagen, men eg har i det minste hatt ei god oppleving.

Publisert