Det er truleg for seint for Bergen

Bergensaren må bli meir audmjuk, inkluderande og offensiv i forhold til resten av Vestlandet. Men det trengst også eit rausare omland.

Publisert Publisert

FOR SEINT: Bergen vart aldri den vestlandshovudstaden han kunne ha blitt, skreiv Bård Vegar Solhjell frå sitt eksil i Oslo-gryta. For ein nesten-bergensar som meg er det berre å konstatere at det truleg er for seint, skriv Georg Arnestad. Foto: Jan M. Lillebø

  • Georg Arnestad

**Bergen er min** andre heim. Eg har studert, budd og arbeidd her i 12 år. Tjukkaste slekta på alle kantar av morssida i fleire generasjonar bur i Bergen og på Laksevåg.

Eg henta kona mi herifrå. Dottera vår arbeider på Haukeland. Vi har for lengst kjøpt oss leilegheit på Møhlenpris. [Medan Bård Vegar Solhjell berre har budd her to skarve år, ](http://www.bt.no/meninger/debatt/--Bergen-er-ikke-min-vestlandshovedstad-3574639.html)har Bergen vore ein integrert del av livet mitt sidan eg vart fødd. Då eg las Solhjell sin artikkel om Bergen i BT sist fredag, sat eg i møte i fusjonssekretariatet for den mogeleg nye Vestlandshøgskulen. Vestlandet, og Bergen, er i endring.

Eg er likevel ikkje det minste i tvil: Frå sitt eksil i Oslo-gryta har Solhjell gjort nøyaktige og treffande observasjonar av Noregs nest største by. Han treff spikaren på hovudet når han i BT-artikkelen konkluderer med at Bergen ikkje har klart 1) å verte Vestlandets hovudstad, eller 2) å gjere særleg mykje ut av sin posisjon som den nest største byen i Noreg.

Podkast om med Bård Vegar Solhjell, Frank Aarebrot og Frøy Gudbrandsen:

Les også

- Bergen er ikke min vestlandshovedstad

Solhjell meiner at dette har å gjere med byens manglande anerkjenning av dei vestnorske motkulturane og det aukande fråværet av industri og anna verdiskapande verksemd i Bergen. Han trekkjer òg fram det uvanleg sterke sjølvbiletet (og arrogansen) hos den bergenske eliten. Godt observert av ein for lengst austlandsutflytta sunnfjording.

Når det gjeld motkulturane , er det lenge sidan lekmanns— og fråhaldsrørsla spelte noka særleg rolle. Og til ein viss grad gjorde begge desse rørslene seg også gjeldande i Bergen. Det viktigaste, og sterkaste, motkulturelle uttrykket - nynorsken - fekk derimot aldri fotfeste i by’n. Det nynorske språket vart frå det kom fornekta av både det bergenske borgarskapet og av arbeidarklassen.

Talespråk og dialektar er det mest fundamentale forskjellskriterium innanfor kulturell identitet. Vestlandet har sidan mellomalderen hatt ein dialektgeografi som skil regionen signifikant frå austnorsk og trøndsk. Det nynorske språket vann snøgt innpass på Vestlandet på slutten av 1800-talet.

Forvalter og finansmann Jan Petter Sissener fyrer løs:

Les også

Bleike bergensere

Men Bergen vart ein riksmålsenklave i Nynorskland. Byen innbilte seg at det var gjævare med riksmål enn med nynorsk, mest av di bergensdialekta ikkje har tre kjønn, og derfor har skilt lag med, og sett ned på, det som meir enn noko anna markerer det vestnorske, nemleg nynorsken. Bergensarane enda i staden opp med å smiske for den norske maktkonsentrasjonen (både økonomisk, kulturelt og språkleg) på vestkanten i Oslo. Dette har vore ei ulykke både for bergensaren og for vestlendingen elles, og for Vestlandet. Det hadde vore til stor vinning for Bergen og for Vestlandet som landsdel om nynorsken vart mykje sterkare i Bergen.

Det er eit markert skilje mellom det vestnorske og det austnorske landskapet — språket, kulturen, lynnet, mentaliteten. Det bergenske lynnet er vestnorsk, utan tvil. Men det bergenske språket, slik det har utvikla seg, har lenge vore ei særskilt identitetsbarriere mellom byen og bygda. Ingen annan enkeltfaktor markerte sterkare byfolks kulturelle avstand til folket på vestlandsbygdene. Eit grunnelement for regional identitetsbygging mellom vestnorsk by og land var dermed borte.

Marit Warncke i Bergen Næringsråd:

Les også

Vi har stått samlet - til nå

Og det er i dette vi finn mykje, kanskje mesteparten, av forklaringa på kvifor landets nest største by ikkje har lykkast med å verte eit alternativt sentrum til hovudstaden Oslo. Byen ville ikkje vedkjenne seg sitt omland. Bergen har historisk halde seg langt unna dei viktigaste vestlandske identitetsmarkørane, og inntil nyleg også vestlandsk kultur. Derfor kunne Bergen aldri verte vår München eller vår Barcelona. München er så definitivt Bayern, slik Barcelona definitivt er Katalonia. Også språkleg. Bergen, derimot, skil seg språkleg, og dermed langt på veg kulturelt, sterkt ut både frå Vestlandet og frå vestlendingen. Denne «skaden» har kulturelle og historiske årsaker og lèt seg ikkje reparere.

Så kan vi berre lure på kvifor det gjekk slik. For Bergen by er jo full av etterkomarar av nordfjordingar som meg og sunnfjordingar som Solhjell. Det får vi ta ein annan gong. Men som integrerande kraft for eit sterkt vestland med Bergen i spissen, er nynorsken og målsaka utan evne til å mobilisere og synest å vere heilt utan interesse der makta sit.

Innspill fra NHO Hordaland:

Les også

Slik får vi fart på Hordaland

Solhjell antydar at kultur— og vitskapsinstitusjonane i Bergen på sitt beste «kjennest noko meir vestlandske». Eg trur han tek feil. Kode og UiB er nasjonale institusjonar som strekkjer seg mot det internasjonale feltet, utan å bry seg særleg med Vestlandet. Vestlandsuniversitet er ikkje ein gong på visjonsstadiet. Den Nationale Scene har siste åra hatt meir enn nok med seg sjølv, og Bergens Tidende, ein gong Vestlandets storavis, har trekt seg tilbake til Krinkelkroken. Men innimellom har BT gode reportasjar «frå lannet», og viser oss både vestlandsk kultur, natur og mangfald. Og nokre av dei beste journalistane i avisa skriv eit framifrå nynorsk. Enn så lenge.

Det er litt tungt å erkjenne det, men eg trur det berre er i næringslivet at Bergen kan bli eit omdreiingspunkt for Vestlandet. Frank Mohn evna å femne både distrikt og by, men no er konsernet blitt Alfa Laval og eigarane svenske. Næringslivet, som er det mest vestlandske vi har, er for det meste tufta på naturressursane våre; olje, energi, fisk, shipping, turisme - for å nemne noko. Men er leiarane i det bergenske næringslivet opptekne av å byggje vestlandsk identitet? Neppe. Mange bedriftsleiarar i fylket mitt seier dei har mest nytte og glede av å sjå på klyngjene og dei industrielle miljøa nord for oss. Bergen har siste tiåret vendt seg meir sørover med Stavanger. Det kan snart endre seg.

Les også:

Les også

Bergen har seg sjølv å takka

Og som det har vorte sagt så mange gonger før: Bergensaren må bli meir audmjuk, inkluderande og offensiv i forhold til resten av Vestlandet. Men det trengst også eit rausare omland. Elles trekkjer mine informantar fram behovet for fleire fellesarenaer innanfor utdanning, finans, kultur, næring. Vestlandet og Bergen må også stå saman om kommunikasjonsløysingar mellom Vest— og Austlandet. Oslo er nemleg langt viktigare for Sogn og Fjordane enn det Bergen er.

For ein nesten-bergensar er det berre å konstatere at det truleg er for seint. Bergen vart aldri den vestlandshovudstaden han kunne ha blitt. Delingsøkonomien, ny digital teknologi og endra økonomiske og kulturelle føresetnader fører til nye haldningar og gjer geografi og lokalisering mindre viktig. Likevel: Eit felles mål for oss vestlendingar som framleis har litt tru igjen på Bergen, kan vere å skape eit offensivt Vestlandsuniversitet med Bergen som base. For i høgare utdanning, forsking og utvikling i tett samarbeid med næringslivet ligg nøkkelen til nye arbeidsplassar og næringar på Vestlandet. Men pr. i dag er det lite som tyder på at Vestlandsuniversitetet vert nokon realitet.

Publisert