Nordic Mining har søkt om konsesjon for utvinning av rutil (titandioksid) i Engebøfjellet, der det er ein stor førekomst av dette mineralet. Søknaden inkluderer deponering av store mengder gruveavfall i form av partiklar på botnen av Førdefjorden over mange år. Det er usemje om i kva grad desse industriskapte partiklane vil sveve i vatnet i staden for å falle til botnen. Svevepartiklar (inkludert nanopartiklar) kan skade liv i vatn, avhengig av:

Partiklane sin konsentrasjon og type.

Eksponeringstid.

Type miljø.

Følsomheit hjå ulike arter.

Rapportar frå Norsk institutt for vannforskning (NIVA), på oppdrag frå Nordic Mining, og frå Miljødirektoratet, er heilt sentrale i konsekvensutgreiinga for reguleringsplanen. Planen er vedteken av Naustdal kommune, men ikkje stadfesta av Kommunaldepartementet. Dei nemnde rapportane påpeikar mangelfullt kunnskapsgrunnlag om partikkelskadar på liv i vatn, og spesielt i sjøvatn, men konkluderer likevel med ein generell grenseverdi («faregrense») på 50 mg/l for svevande uorganiske partiklar. Denne grensa manglar fagleg grunnlag og er basert på feil bruk av forskingsresultat.

Tvilsam tolking

Den første rapporten «Risiko for skader på fisk og blåskjell ved gruveaktivitet på Engebøneset. En litteraturstudie om effekter av metaller og suspenderte partikler» (NIVA, LNR 5689-2008), som er referert i reguleringsplan med konsekvensutgreiing, syner mellom anna til ein vitskapleg artikkel av Au og medarbeidarar frå 2004. Artikkelen omtalar eit forsøk der fisk i sjøvatn over ein periode på seks veker vart utsette for ulike konsentrasjonar av slampartiklar, som vart blanda ut i vatnet slik at dei kom i kontakt med fisken sitt pusteorgan (gjellene). I perioden døydde 30 prosent av fisken utsett for den lågaste konsentrasjonen. Gjellene vart berre undersøkt hjå fisk som overlevde forsøket. At ein ikkje undersøkte gjellene frå levande og død fisk i laupet av perioden gjev resultat som kan vere villeiande. Det er som å undersøkje effekten av røyking ved å undersøkje berre 80-åringar, og sjå bort frå alle som i yngre alder er døde av røykjerelaterte sjukdommar.

Denne store veikskapen ved forsøket er ikkje nemnd i NIVA-rapporten. Artikkelen beskriv gjelleskadar hjå den overlevande fisken, og i rapporten er desse omtala som «svært begrenset», utan referanse til ein skala. Tydelegvis er dei oppfatta som uvesentlege. Basert på mange års erfaring frå forsking og diagnostisering av fiskesjukdommar meiner eg at NIVA si tolking er heller tvilsam. Dessutan, denne vurderinga rimar på ingen måte med 30 prosent døying, men det overser rapporten. Det er heller ikkje påpeika at ein må rekne med noko meir enn svært avgrensa skadar hjå fisk som døydde, men ikkje vart undersøkte. Rapporten hevdar at dei påviste skadane hende ved ein konsentrasjon på 50 mg/l. Det rette er 30— 35 mg/l. I sum er det i rapporten ei undervurdering av skadeomfanget og ei manglande totalvurdering av resultata frå forsøket. Rapporten skal vere ei risikovurdering, men den manglar ein tydeleg konklusjon.

Manglande kunnskap

Den neste viktige rapporten kom frå Miljødirektoratet «Bergverk og avgangsdepondering. Status, miljøutfordringer og kunnskapsbehov» (TA 2715-2010). Når det gjeld generell grenseverdi for svevande uorganiske partiklar i sjøvatn refererer rapporten til ein artikkel av Smit og medarbeidarar publisert i 2008. Artikkelen er ein gjennomgang av fleire tidlegare undersøkingar. Basert på artikkelen, men utan at det er klart kva som er kriteria, hevdar rapporten at «laveste konsentrasjon for negativ påvirkning synes å være ca. 50 mg/l». Men ei slik grense er slett ikkje antyda i artikkelen. Og resultata kan også omtalast slik: Det er tydelege påverknader på organismar i sjø ved ca. 50 mg/l og konsentrasjonar på 8— 18 mg/l kan påverke om lag fem prosent av dei undersøkte artene. Gjeve artsrikdommen vert dette mange arter, sjølv om dei utgjer få prosent.

Med referanse til data som stort sett ser ut til å gjelde naturlege partiklar opererer NIVA også i andre rapportar med denne grenseverdien på 50 mg/l for industriskapte partiklar. Kjemikaliar nytta i utvinningsprosessen vil feste til partikkeloverflata og gje desse industriskapte partiklane nye eigenskapar, noko som er meininga. Så langt eg kjenner til er det ikkje i tidsskrift med fagfellevurdering publisert resultat frå eksponering av organismar for partiklar som er aktuelle i dette prosjektet.

Fråvær av bevis er som kjent heller ikkje bevis for fråvær av skade, og dette gjeld spesielt når kunnskap manglar

Kunnskapsgrunnlaget er som nemnt mangelfullt, mellom anna fordi forsøk og observasjonar går over kortare tid medan deponeringa skal gå føre seg i kanskje 50 år. Fråvær av bevis er som kjent heller ikkje bevis for fråvær av skade, og dette gjeld spesielt når kunnskap manglar. Det kan vere nøkkelarter som er ekstra følsame for partiklar slik at det av den grunn vert store skadar på økosystemet. Det er eigentleg umogleg å fastsetje ein generell grenseverdi, sjølv om ein av praktiske omsyn treng det.

Urovekkande

Alle desse tilhøva, og krav om å vere føre var, tilseier at ein må leggje inn marginar for uvisse i grenseverdien. Ut frå det som er nemnt over er 50 mg/l altfor høgt og frikopla frå det som trass alt finst av forskingsresultat. Dersom ein vil bruke ein generell grenseverdi må denne kanskje setjast lægre enn fem mg/l. Det har heller ikkje, så langt eg kan sjå, vore vurdert kunnskap frå andre fagfelt. Interessant er her blant anna opptak av mineralpartiklar i tarm hjå menneske.

Nemnde rapportar, der eit mangelfullt kunnskapsgrunnlag i kombinasjon med feilvurderingar har resultert i ein altfor høg og ikkje-dokumentert grenseverdi, har danna ein del av grunnlaget for demokratiske avgjerder i ei viktig sak med stor usemje om miljøkonsekvensane. Det bør uroe alle som har teke eller skal ta avgjerder i denne saka. Desse rapportane kan også kome til å inngå i grunnlaget for konsekvensutgreiingar for andre gruveprosjekt, så det er all grunn til å vurdere grenseverdiar på nytt.