Egg, donasjonar og rugekasser

BTs serie om eggdonasjon og surrogatskap dei siste vekene begynner å likna ein redaksjonelt styrt kampanje for å påverka den norske lovgivinga på feltet.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 15 år gammel

Men fleire av artiklane har vore einsidige, prega av direkte feil og av at viktige premiss ikkje har kome fram.

Å DONERA EGG OG SÆD er to vidt forskjellige ting. Det siste er ei svært enkel sak som ikkje kostar donor noko verken når det gjelder kroppslege eller psykologiske belastningar. Unnataket er problematikken omkring anonymitet, og sjansen for å få ein etterkommar på døra etter 18 år. Eggdonasjon, derimot, krev både hormonstimulering og operativ uthenting. Dette skjer rutinemessig i samband med IVF, eller kunstig befruktning. Men då tar kvinnene på seg dei biologiske og psykologiske ulempene av hensyn til seg sjølve, for å få eit eige barn. Donasjon innebærer at ein gjer det for andre, og det vil vera eit genuint offer.

Biologisk utbytting

Derfor er det vanskeleg å skaffa donorar, dersom ein ikkje kan bruka dei økonomiske marknadskreftene. Det skjer i mesteparten av verda kor det foregår, t.d. i USA og Aust-Europa. Både regionalt og globalt utviklar det seg donor-marknader, kor skilnaden mellom rik og fattig blir utnytta, og kor folk selgjer kroppen sin i svært konkret forstand. Det er økonomisk overlegenhet som blir konvertert til biologisk utbytting. Særleg populære er eggdonorar fra Aust-Europa. Årsaka er at dei kombinerer to vesentlege eigenskapar: dei er både genetisk kvite og fattige. Kvinner frå den tredje verda er derfor ikkje like attraktive på den europeiske marknaden.

Anonym eggdonasjon

Alternativet til marknaden er ulike former for altruisme, enten heilt allmenn eller retta mot bestemte, andre personar. Er det tette bånd mellom eggdonor og mottakar kan ein lett tenka seg at folk kan føla seg forplikta og at det kan vera psykologisk vanskeleg å seia nei, utan t.d. å framstå som ein dårleg, egoistisk søster. Denne blandinga av bevisst og ubevisst press er jo noko kvinnerørsla har vore oppteken av i fleire tiår, t.d. knytta til begrepet «den gode mor». Den allmenne altruismen, eller totalt anonym eggdonasjon, kan nok gå i enkelttilfelle. Men det vil vera noko heilt anna å bygga eit legalt og medisinsk system på omfattande sjølvoppofring. Ein skal bli nødt til å anvenda eit ganske skjønnmalande godhetsspråk for å få det til å fungera, med alle slags tilhørande makteffektar. Då virkar pengar tross alt ærlegare. Det dreiar seg verken om å redda liv (som med nyredonasjon) eller om daude donorar, slik det oftast er tilfellet med organ.

Genetisk relasjon

Tove Fjell (BT 8.1.) trur at det er mange egg til overs («Hva med eggene som går til grunne på offentlige sykehus?»), som berre kan brukast om forbodet blir oppheva. Det er ei misforståing. I denne samanhengen er det ubefrukta egg, som ikkje finst lagra nokon stad av biologiske årsaker, som er mest etterspurt. Para ønskjer at mannens sæd skal befrukta dei donerte egga, for at han skal få ein genetisk relasjon til barnet. Derfor må «produksjonen» av det ubefrukta egget skje tett opp til donasjonen. Frosne embryo finst i forholdsvis store mengder. Men dei har eigarar, som har sine ønskje og prosjekt med dei, og ikkje utan vidare vil gi dei fra seg.

Større offer

Surrogatskap inneber eit mykje større offer enn eggdonasjon. Etisk tilhøyrer dei to ulike divisjonar. I surrogatskapsdiskusjonen får godhetsspråket verkeleg luft under vengene. Begrep som «den fullkomne kvinne», brukt på svangerskap kor ein reduserer kroppen til ein rugekasse for andre, burde få kvinnepolitisk reflekterte til å reagera. Er ikkje historia full av «fullkomne kvinner» som nettopp er blitt fullkomne gjennom å ofra seg for andre? Kor sjølve offeret har vore det fullkomne og det genuint kvinnelege, anten det har vore for barn, mann, familie eller andre slektningar? Og kor det aller mest undertrykkande har bestått i at mange faktisk har teke til seg denne ideologien og blitt psykologisk forma av han.

Blandar sama

Redaktør Trine Eilertsen, (3.1.) og fleire av BT-reportasjane, blandar saman surrogatskap med dei homofile sin posisjon, t.d. når det gjelder moglegheit til adopsjon. Men dei homofile er ikkje noka privilegert kundegruppe til surrogatborn. Minst like viktige vil andre vera, t.d. heterofile par kor svangerskapet vil vera ein for stor biologisk risiko for kvinna, eller rike, heterofile par kor kvinna ikkje ønskjer belastninga med svangerskap. Globalt har det fått utvikla seg ein surrogatmarknad kor fattige kvinner fra tredje verda blir brukt som rugekasser.

Foreldrerelasjonen

Adopsjon handlar m.a. om å gi den reint sosiale foreldre-relasjonen større og til dels sjølvstendig verdi, sjølv om det nok kan bli konstruert ei rekke kompenserande forteljingar om korleis barna likevel «liknar» på foreldra. Men i dette spørsmålet peiker både eggdonasjon og surrogatskap i stikk motsatt retning. Begge priviligerer det reint biologiske i foreldre-relasjonen. Sjølv om ei kvinne ikkje kan produsera befruktningsdyktige egg, så kan ho likevel få den andre biologiske relasjonen til barnet, svangerskapet, gjennom eggdonasjon – pluss at mannen kan bli genetisk far. Og omvendt: om kvinna ikkje er i stand til å gjennomføra svangerskap, så kan ho likevel bli genetisk mor – og mannen genetisk far – gjennom surrogatskap. Begge løysingar handlar om mest mogleg biologi – kan ein ikkje få det eine elementet (genetikk/svangerskap), så skal ein i alle fall få det andre – i foreldrerelasjonen. Den febrilske utviklinga på feltet uttrykker at det sosiale båndet ikkje er nok aleine, men blir annanrangs om det ikkje blir understøtta av biologi. På dette viset verkar faktisk ein radikal teknologi konserverande, for ikkje å seia reaksjonært, på eit sosialt og kulturelt nivå.

Tvang og fordommar

Halvt underforstått opererer fleire artiklar i BT med ein dikotomi mellom kristenkonservativ tvang (det hellige egget og fordommar mot homofile) og teknologisk realisert frihet (eggdonasjon og surrogatskap oppfyller individuelle behov og likestiller homofile). Dette er ein altfor enkel modell. Den verkar også prekonstruert, som noko ein har bestemt seg for før teknologiane og verknadene av dei er analysert. Men saka er for viktig til slikt. Først og framst fordi det finst sterke makt— og utbyttingsaspekt både ved eggdonasjon og surrogatskap.

_Thorvald Sirnes

Senter for Vitskapsteori, Universitetet i Bergen_

Publisert: