Desentraliser legeutdanninga

Desentralisert legeutdanning lønar seg for distrikta. Det bidrar til ny verdiskaping når småstadene vert meir attraktive for andre typar høgt utdanna personell.

Publisert:

sentralt: Det meste av undervisninga i legestudier skjer i universitetsklinikkar, der pasientane er relativt få, studentane mange og vanlege sjukdommar sjeldne, skriv artikkelforfattarane. Foto: Matej Kastelic

  • Per Stensland
  • Helen Brandstorp
  • Birgit Abelsen

**Auke av legetalet** i landet med ein tredel på 15 år fører ikkje til at distrikta får sin del. Fordeling føreset styring, ikkje minst av utdanninga. Vi treng ein strategi for å utdanne legar til distrikta som er basert på kunnskap om kva som verkar. Tromsø er i gang.

Skeivfordeling av legetenester har alvorlege konsekvensar for dei som får minst. Dei siste 15 åra har meir enn to av tre nye legestillingar i Noreg vore plassert i sjukehus. Og auken i legetall utafor sjukehus er skeivfordelt slik at han går langsamare i distrikta enn i sentrale strok.

Ei undersøking publisert i «Tidsskrift for den norske legeforening» denne månaden, viste at fastlegar i gjennomsnitt blei verande lengre i stillingane sine dersom legen var kvinne, hadde høgare alder ved starten av avtalen, med aukande kommunestorleik og aukande listelengd. Legar i småkommunar vart verande i stillinga betydeleg kortare tid enn legar i større kommunar. Kontinuitet i relasjonen mellom fastlege og pasient er eit kvalitetskriterium. Utviklinga av legetenester i utkantstrok blir hengande etter i bemanning og tenestekvalitet.

Bedre norskopplæring:

Les også

Vil få utenlandske leger raskere i jobb

Lav søking til legestillingar gir større trong for vikarstafettar. Langsam auke i legestillingar gir også auka gjennomsnittsalder hos dei som er aktive. Mange av legane over 55 år går ikkje vakt, noko som igjen aukar trong for vikarar.

Vikarstafettar kan fungere godt der vikarane er kjende og inngår i faste team. Men underbemanna legekontor i utkantdistrikt med stadige skifte av nye legevikarar med dårleg kjennskap til lokale tilhøve, representerer eit kvalitetsproblem som du skal ha sett på nært hald for å skjøne omfanget av. Vikarlegar er også overrepresenterte i klagesaker til Fylkesmannen.

Det er urimeleg at skeivfordelinga og skeivutviklinga skal halde fram. Dersom vi ønskjer å betre legesituasjonen i utkantstrok, bør vi setje inn tiltak som kan hjelpe. Ettersom dette er trendar vi ser i dei fleste land i verda, har både WHO og OECD utgreidd effektive tiltak dei seinare åra. Dei finn:

Utdann legane der dei trengst. Det meste av undervisninga i legestudier skjer i universitetsklinikkar, der pasientane er relativt få, studentane mange og vanlege sjukdommar sjeldne. I møte med dette greinspesialiserte miljøet får studentane prega inn dei profesjonelle forbilda sine.

Turnuskø:

Les også

Full stopp for legestudenter

Vanlege folkesjukdommar er vanlegast i allmenn praksis og på lokalsjukehus. Sjølv om vanlege sjukdommar kan settast på timeplanen også i universitetsklinikkane, vil dei ha ein sterkare status og vektlegging i ein distriktskontekst der desse utgjer den medisinske hovudutfordringa.

Praksisplass i desse miljøa bør gå over så lang tid at studenten får oppleve behandlingskontinuitet, sjå korleis legane her arbeider og utvikle relasjon til pasientar og behandlarar. Relasjon har relevans for læring.

Utnytt lakseeffekten. Det er langt meir sannsynleg at ungdom som kjem frå distrikta vil slå seg ned i distriktsområde etter ferdig studium enn tilsvarande for ungdom frå byar. Denne lakseeffekten er godt dokumentert og er grunnlag for kvotering av studentar med nordnorsk og/eller samisk tilknyting ved opptak på legestudiet i Tromsø.

Kvotering blir også nytta systematisk i andre land med kombinasjonen geografiske legefordelingsproblem og gode utdanningssystem. Dette burde tilseie at vi legg vekt på geografisk tilhøyre også ved tildeling av studieplass i Sør-Noreg, ved tildeling av praksisplassar i studiet og seinare ved tilsetting i turnusstillingar i rekrutteringssvake område.

I mange land er legars inntekt høgare i distrikta enn i byane på grunn av lengre arbeidsdagar og hyppigare vakter. Dette gjeld i mindre grad Noreg, der takstsystemet honorerer bypraksis med mange og korte konsultasjonar. Fastlønte kommunelegestillingar og allmennmedisinske utdanningsstillingar vil kunne gjere det enklare for unge legar å prøve seg i distriktslegejobb, og rekrutteringspakker for utkantstrok basert på fastløn bør finansierast sentralt.

Faglege insentiv, som moglegheit for vidareutdanning, fordjuping og forsking, er like viktige som økonomiske. Fagfolk trivst i gode fagmiljø.

Sykehuset på Stord:

Les også

Denne kirurgen berger føtter som andre må amputere

Norske legestudier varer om lag seks år. Avhengig av studiestad får legestudentane i Noreg praksis på mindre sjukehus i halvannan til fire månader og på legekontor i fire til åtte veker. Tromsø har mest omfattande utplassering med 24 samanhengande veker, studia i Trondheim og Bergen har nær tilsvarande praksisomfang, medan Oslo har om lag halvparten.

Universitetet i Tromsø starta i 2009 desentralisert undervisning for ei gruppe av studentane ved å legge to studieår til Nordlandssjukehuset og har planar om tilsvarande i Finnmarkssjukehusa. Dette er i norsk målestokk eit lovande framsteg. Likevel er det truleg mykje å hente på å innføre lengre utplasseringsperiode i allmennpraksis i distrikta enn det som vert introdusert her.

Ein rad utanlandske universitet har i mange år hatt ei tilsvarande «distriktslinje» der eitt studieår er lokalisert til helsesentra og små sjukehus. Desse studentane tar like gode akademiske eksamenar som studentane frå tradisjonelle studier, nokre stader gjer dei det klårt betre. I Australia vel halvparten av studentane frå distriktslinene å arbeide i perifere strok etter studiet. Talet gjekk opp frå under ti prosent før slike liner fanst.

Canadiske og australske forskarar finn at desentralisert legeutdanning lønar seg for distrikta. Det bidrar til ny verdiskaping når småstadene vert meir attraktive for andre typar høgt utdanna personell. Betra beiband og undervisningslokale kjem gjerne. Legar som likar å undervise og utvikle helsetenesta rapporterer om auka trivsel.

Sør-Noreg har mange område som slit med å skaffe lege. Tida er moden for å kvotere distriktsstudentar og auke desentralisert legeutdanning både i lokalsjukehus og allmennpraksis i Sør-Noreg. Kva for universitet kjem først?

Publisert: