Håp for kjærleiken

Korleis kan vi godta at kanskje berre 10 til 20 prosent vert hjelpt av tradisjonell ekteparrådgjeving? Skal vi berre sitja i ro og sjå på at talet på skilsmisser veks for kvart år, spør Øygunn Leite Kallevik, skribent og avdelingssjukepleiar.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 19 år gammel

Sjølv om vi ikkje veit omfanget, er vel dei fleste einige om at dette medfører negative ringverknadar for heile samfunnet. Det finst prosjekt i USA, som viser at det eksisterer metodar som kan redusere talet på skilsmisser drastisk. Utgangspunktet deira er at alle instansar som kan vigsla ektepar samarbeider.

Eg var ti år og budde i rekkjehus på landsbygda. Vi fekk kontakt med dei næraste naboane anten vi ville det eller ei. Dette var første gong eg fekk oppleva kva skilsmisse var. Mannen og kona vi delte stovevegg med, utveksla born og eigendelar og gjekk kvar til sitt. Vi var fire søsken, og vi to eldste jentene bestemte oss snart for at dersom våre foreldre vart skilde, skulle no vi bu kvar for oss. Vi var ikkje alltid hjartevener.

Dette var i slutten på 70-talet. Ifølgje Statistisk sentralbyrå (SSB) vart det oppløyst rundt 6000 ekteskap årleg på den tid. No er talet nesten det doble. Over 45 prosent av alle ekteskap vil truleg ende med skilsmisse ifølgje SSB.

6. september 2002 las eg ein kronikk i BT av Frode Thuen (professor i samfunnspsykologi, UiB) med følgjande overskrift: «Familieterapi — nytter det egentlig?» Han tok utgangspunkt i internasjonal forsking, som kan tyde på at berre mellom 10 og 20 prosent av par som går i tradisjonell familieterapi, oppnår større positive forandringar som varer over tid. Tidlegare på sommaren fekk vi høyra at folk måtte vente i fleire månadar før dei slapp til i slik terapi. Korleis kan vi godta at folk skal stå i lange køar for å få behandling, som i dei fleste tilfelle har svært nedslåande resultat? Eg har absolutt ingenting imot tradisjonell rådgjeving, men det må vel gå an å tenkja nytt når ein ser at så få får hjelp?

Då eg sjølv som ein naiv tjueåring gjekk hen og gifta meg, var skilsmisse noko som ikkje vedkom meg. Etter 10 års ekteskap fekk vi likevel vanskar. Ikkje noko uvanleg fenomen. Gnisten mellom oss var som dunsta bort frå jordas overflate. Då først klarde eg å setja meg inn i kjenslene til par som går frå kvarandre. Det var vondt. Eg gjekk rundt med ein indre mikstur av redsle, rastløyse, smerte og tårespreng. Det var svært slitsamt, og eg håpar at eg aldri får oppleva det att.

På utsida trur eg vi hadde eit vellukka ekteskap. Dette var naturleg nok ikkje noko vi hadde lyst til å vedgå overfor andre. Spesielt ikkje når vi sjølv knapt forstod kva som skjedde mellom oss.

Tradisjonell parterapi var ikkje aktuelt i første omgang. Vi valde i staden å delta på «Familieskolen». Dette er eit ekteskapsskurs som går over fleire månader. Det vert arrangert årleg av «Ungdom i Oppdrag» i samarbeid med fleire frimenighetar i byen. Kurset var for alle, både for dei som hadde problem, og for nyforelska par.

Skilnader mellom mann og kvinne, arv og miljø, personlegdomsdanning, forhold til foreldre, sex og samliv, samspel mellom generasjonane, kommunikasjon og vanskar i ekteskapet, var hovudessensen i undervisninga.

Noko av det første eg la merke til var utstrålinga til ektepara som underviste. Det var ikkje tvil om at dei verkeleg trudde hundre prosent på det dei dreiv med. Noko som var spesielt her i høve til vanleg rådgjeving, var at dei la vinn på å dela eigne erfaringar, i staden for å halde ei fjern og upersonleg maske. Vi kunne lett identifisera oss med mange av eksempla som vart dregne fram. Samtidig vart det litt komisk når vi fekk sett det frå ein slik synsvinkel. Problema våre vart på ein måte ufarleggjorde, og i alle fall ikkje uovervinnelege. Det vart lagt mykje vekt på barndom og oppvekst. Det er lett for å dra ulmande konfliktar med seg inn i ekteskapet utan sjølv å vere klar over det. Nokon kan til dømes ha ein tendens til å bere med seg ein usynleg blåkopi av mor si. Slike ting er det greitt å bli gjort merksam på. Gruppesamtalar gjorde at vi fekk høve til å vera opne om ting som var vanskelege, og vi danna eit nettverk som kan vere godt å ha til seinare. Både vi og gruppeleiarane hadde sjølvsagt teieplikt.

Som ein vaken lesar sikkert har forstått, vart desse månadane revolusjonerande for den vesle familien vår. Vi fekk rett og slett vanskar med å hugsa kva utgangspunktet hadde vore, berre tre månader tilbake i tid.

Vi skulle berre ønskt at vi hadde gått gjennom eit slikt kurs for mange år sidan.

Thuen sin kronikk var ein medverkande årsak til at eg fekk lyst til å dela dei positive erfaringane våre med flest mogeleg. Eit problem er at det ikkje finst statistikkar på effekten av «Familieskolen» sitt arbeid.

Ein kan meina mangt og mykje om USA og amerikanarar, men å dokumentera det dei gjer, det er dei flinke til.

I 1996 danna journalisten Michael J. McManus ein organisasjon kalla «Marriage savers». Han var med på å etablere eit samarbeid mellom kristne organisasjonar og det offentlege, der det i over 30 byar blei sett krav til par som ville gifte seg, om å delta på eit «før du giftar deg-kurs». Dei som ikkje ønskte noko slikt måtte reise til ein annan by for å bli vigde. Dei leigde eit uavhengig institutt til å føre statistikk over kor mange ekteskap som vart oppløyst i andre byar i høve til dei byane kursa hadde pågått.

Ifølgje årsmeldinga for 2002 har dei oppnådd overveldande resultat. Talet på skilsmisser gjekk kraftig ned i storparten av dei byane der prosjektet vart gjennomført.

I El Paso var det gjennomsnittleg 2195 skilsmisser årleg frå 1993 til 1995. I 1999, 2000 og 2001 var dette talet på om lag 700 per år. Dette utgjer ein nedgang på 79,5 prosent. Dette resultatet var sjølvsagt spesielt, men i 27 byar såg dei at skilsmisseraten vart redusert med rundt 20 prosent.

Det er nok ikkje alt i modellen som er like taktisk lurt å overføre til Noreg, men det kunne vore klokt å sjå nærare på arbeid som faktisk gjev resultat.

Mange vil vera negative og kalla det overformynderi. Problemet er at det ofte kan vera umogeleg å få folk til å delta på slik opplæring utan at det er ein smule obligatorisk. Eller at det i det minste er ein tradisjon, noko som tek lang tid å innarbeida. Ironisk nok er det menn som er verst å få med, sjølv om det statistisk sett er dei som slit mest etter eit samlivsbrot. Sjølv om eg har lært mykje om kommunikasjon i løpet av dei åra eg har vore i arbeid, er dette med samspel mellom mann og kvinne noko heilt spesielt. Det er sjølvsagt at ein må ha sertifikat for å køyra bil. Skulle det vera verre å få eit tilbod om eit godt grunnlag for å få eit vellukka samliv?

Det må sjølvsagt økonomiske midlar inn i ei slik omfattande kursing. For at ein skal klare å gjennomføre det, må nok ein del jobbe med dette på heiltid. Kyrkjesamfunn og andre som har løyve til å vigsla par, burde vel gje ektepar ein sjanse til å klara å oppfylla den lovnaden dei så høgtidleg gjev kvarandre? Dei fleste har vel som eit mål at eit forhold skal vera varig når dei giftar seg eller flyttar saman. Er det ikkje i alle si interesse at par skal forsetta å leva saman i ein harmonisk heim? Eg vil oppmuntra parterapeutar, prestar, menighetsleiarar og politikarar til å setja seg saman og laga ein plan over korleis ting kan verta betre. Alle tener på eit utvida samarbeid mellom dei ulike instansane.

Personleg trur eg «Familieskolen» er ein modell som kan vere nyttig å gå ut ifrå, sidan den allereie er godt etablert i Bergen.

Skal ein berre bruke utdanna psykologar i slikt arbeid, kan ein gje opp i utgangspunktet. Det veit vi alle at dei ikkje har kapasitet til. Då får ein vurdera kva som er verst: At folk går på eit kurs som har effekt, der aktørane er «ikkje-psykologar», eller at folk står i kø for å få hjelp hos overarbeidde terapeutar.

Kostnadene med ekteskapskurs vil vera ei tåre i havet i høve til det samfunnet betaler for konsekvensane av samlivsbrot.

Publisert: