Straffefridom fører til meir konflikt

Når krigsbrotsverk ikkje får andre konsekvensar enn politisk vinst for leiarane, er terskelen låg for å gå til krig igjen.

SØR-KAUKASUS: Faren aukar for at det kan bryte ut full krig i området, med katastrofale følgjer for heile Sør-Kaukasus, skriv Lene Wetteland. Biletet er frå «firedagarskrigen» i april i år. Foto: Scanpix

  • Lene Wetteland
Publisert:

I det omstridde landområdet Nagorno Karabakh mellom Armenia og Aserbajdsjan braut det som er blitt kalla «firedagarskrigen» ut i byrjinga av april, med kampar, fleire titals dødsfall og oppbløming av hatprat. Ei våpenkvile kom snart i stand, men det kom raskt meldingar om brot på denne. Faren aukar for at det kan bryte ut full krig i området, med katastrofale følgjer for heile Sør-Kaukasus og implikasjonar for stormaktene Russland og Tyrkia som tradisjonelt støtter kvar sin part i konflikten.

Lene Wetteland

Nagorno-Karabakhkrigen på 1990-talet var ein av dei blodigaste i Europa og det tidlegare Sovjetunionen. I området der armenarar og aserbajdsjanarar budde side om side i generasjonar, blei nesten 30.000 menneske drepne, og krigen skapte djupe sår mellom naboane. Lokale armenarar proklamerte ein ny republikk som ikkje berre omfatta Nagorno-Karabakh, men også medførte at store delar av aserbajdsjansk territorium rundt hamna under armensk kontroll, noko som er fordømt av fleire internasjonale organ. Aserbajdsjan blei den store taparen av krigen. Begge sider utførte grove brot på internasjonal lov gjennom massakrar, massedrap og tvangsflytting, men ingen er blitt straffa for brotsverka. Dei siste tretti åra har det vore mange væpna konfliktar i Kaukasus og områda kring som alle er prega av straffefridom. Etter Den Norske Helsingforskomité si oppfatning er straffefridom ein av drivarane bak konfliktane. Når krigsbrotsverk ikkje får andre konsekvensar enn politisk vinst for leiarane gjennom styrkja oppslutning og mindre rom for kritikk, er terskelen låg for å gå til krig igjen.

  • Har du meninger? Send innlegg tildebatt@bt.noog Følg oss påFacebook!

Krigen og den etniske reinsinga tvang over 300.000 armenarar på flukt frå Aserbajdsjan. Over 750.000 aserbajdsjanarar, dei fleste frå dei okkuperte områda rundt sjølve Nagorno-Karabakh, har sidan vore internt fordriven i Aserbajdsjan. Storparten lever framleis under kummerlege kår på begge sider.

Men kva tyder ei våpenkvile no? I beste fall tyder det at partane går tilbake til den såkalla frosne konflikten som har vore sidan 1994. Det er ei våpenkvile der soldatar og militært materiell står fast på kontaktlinja mellom dei to territoria, der soldatar jamleg skyt på kvarandre og sivile også hamnar i skotlina på begge sider. Fiendebiletet blir heldt ved like frå pensum og arrangement i barneskulen til kampanjar i sosiale media.

I verste fall tyder våpenkvila at dersom krigshendingane i april ikkje blir tilfredsstillande etterforska og eventuelle overgrep rettsforfølgt, vil dei bidra til ei ytterlegare forsterking av fiendskapen mellom dei to folka og fare for full krig. Oppblussinga av vald i byrjinga av april og dei jamlege brota på våpenkvila i dei to månadene som er gått sidan, understrekar nettopp at konflikten i realiteten er langt frå frosen. Den er i høgaste grad til stades i dei to autoritære republikkane i Sør-Kaukasus.

Fiendebiletet blir heldt ved like frå pensum og arrangement i barneskulen til kampanjar i sosiale media.

Sjølv om Aserbajdsjan i dag er eit meir undertrykkjande regime enn Armenia, er mange av dei grunnleggjande menneskerettslege problema dei same. Styresmaktene i begge land nyttar konflikten og fiendskapet til å trekke merksemd bort frå interne problem og støtte opp under ei patriotisk kjensle i folket som gjer det uakseptabelt å stille kritiske spørsmål. Fleire av dei politiske fangane i Aserbajdsjan har fått strengare straff grunna sine forsøk på å skape forståing mellom dei to folka.

Korrupsjonsnivået i begge land er skyhøgt, og det har vore ei auke i sosial uro grunna ein vanskelegare økonomisk situasjon den seinare tida. Sentrale personar innan politikk og forsvar i begge land figurerer i Panama-papira, og det blir spekulert i at det siste krigsutbrotet kan ha vore ei ønska avleiingsmanøver for å gi nasjonalkjensla ein oppsving, og ta merksemda bort frå korrupsjonen i øvre lag. Korrupsjonen medfører også uforsvarlege forhold i forsvaret der soldatar døyr så vel langt frå fronten som i fremste linje.

Kronikk:

Les også

Hvilken kontroll har norske styrker over hvem de norsktrente opprørsmilitsene vil vende sine våpen mot?

Der ei rekkje journalistar sit fengsla i Aserbajdsjan for open kritikk, er armenske journalistar opptekne av å halda seg innanfor dei uformelle rammene som sikrar inntekter og unngår injuriesøksmål. Ingen av dei evner å dekke den noverande konflikten på ein tilfredsstillande måte, og er oftare talerøyr for propaganda og hatprat enn for objektiv framstilling av fakta. Internasjonale menneskerettsorganisasjonar og observatørar har ikkje tilgang.

Den manglande eller villeiande informasjonen er også ei utfordring for det internasjonale samfunnet, og i mange tilfelle bidrar ukritisk vidareformidling av informasjon til å styrke det fiendebiletet kvar av sidene vil skape. Manglande dokumentasjon og oppfølging av overgrep og brot på krigsrett under krigshandlingane gjer også at dei to partane ikkje får naudsynte rettslege reaksjonar og kan halde fram med å skulde på den andre. Ingen av dei har ratifisert Roma-statuttane til Den internasjonale Straffedomstolen, ICC.

Fredsforhandlingane har gått føre seg sidan 1992 gjennom Organisasjonen for Sikkerhet og Samarbeid i Europa (OSSE) si Minsk-gruppe leia av Russland, USA og Frankrike. Sjølv om det i prinsippet ligg framlegg til løysingar på bordet, har verken Armenia eller Aserbajdsjan vore villige til å akseptere naudsynte kompromiss for å gjennomføre til dømes folkeavstemmingar eller avståing av okkupert territorium. Dessverre har Russland prioritert deltaking i våpenkappløpet med sal av våpen til begge sider for milliardar av dollar framfor si rolle som fredsmeklar, sjølv om dei har fått æra for den siste våpenkvila.

Ei våpenkvile er kjært for å redde liv på kort sikt. Men den inneber i hovudsak ein retur til ein låst, men høgast levande konflikt som krev press frå internasjonale partnarar og ei høgt påkravd og reell revitalisering av Minsk-gruppa til OSSE for ei varig løysing som også er forankra i folket. Etterforsking av krigsbrotverk må gjera overgriparane ansvarlege.

Viss ikkje vil hatet mellom dei to naboane halde fram med å vokse, og styresmaktene får halde fram med storskala korrupsjon og menneskerettslege overgrep under eit dekke av patriotisme og tradisjon.