Staten er blitt religionens rike onkel

Det blir sagt, i fullt alvor, at vi har skilt politikken frå religionen. Det er i beste fall eit historielaust og naivt synspunkt.

Publisert Publisert

HISTORISK SAMLIV: Europeisk historie handlar om eit intenst samliv mellom religion og politikk, mellom kyrkje og stat. Alt er ikkje like vakkert, skriv Andreas Skartveit. Foto: Stig B Hansen

  • Andreas Skartveit
iconDenne artikkelen er over fire år gammel

**Vi ristar på** hovudet over muslimane, som blandar religion og politikk. Det er ein uskikk som dei bør slutte med. Om dei ikkje gjer det, kan ikkje moderne statar og demokrati vekse fram.

Andreas Skartveit

Men denne blandinga var den tradisjonelle europeiske organisasjonsforma for religionen og staten. Mektige gudar kravde, og tok, mykje av makta i statsapparatet. Der religion og gudane sto sterkt, der hadde dei makt i staten og over staten. Der gudane var på nedtur, måtte dei sleppe makta i staten.

Alt Moses var både politisk og åndeleg leiar. Han var Guds politiske reiskap for å føre israelarane heim, samtidig som han kunne møte Gud på tomannshand på Sinai og ta imot tavlene, som den profeten han også var. Sokrates gjekk rundt i gatene og ville få folk til å tenkje sjølv. Det truga makta og posisjonen til gudane. Så greip staten, den politiske makta, inn for å verne gudane sine og dømde han til døden, fordi han han forvirra ungdomane.

Kjempar mot radikalisering i Bergen:

Jesus hevda at han var Messias. Det truga det etablerte presteskapet, øvsteprestane. Dei tok han til staten, Pontius Pilatus, for å be om hjelp. Der hevda han at han var kongen over jødane. Slik kom han til å truge både den religiøse og den politiske makta, som slo seg saman og tok livet av han.

Kristendommen spreidde seg i romarriket og fekk stor framgang. Då melde det seg eit problem. Roma hadde ein statsreligion. Gudane bar staten, det var styresmaktene si oppgåve å halde gudane i godlag. Statssjefstillinga var ei prestestilling, pontifex maximus, den store brubyggjaren mot gudane. Cæsar var pontifex maximus. Og gudane skulle haldast i godlag ved å bli ofra til. Ofring til gudane var ei statsplikt. Det var her det skar seg med dei kristne.

Dei ville ikkje ofre til framande gudar, som dei romerske. Dette var eit alvorleg brotsverk mot staten, politisk kriminalitet. Og staten slo tilbake, med forfølging, politisk vald. Dagens historikarar meiner at det var offernektinga, sviket mot statens gudar, som utløyste kristenforfølgingane, ikkje deira tru. Offernekting var landssvik. Staten og den nye religionen kom i blodig konflikt.

Flaut at vi ikkje har livssynsnøytral skule:

Så gjekk det slag i slag. Keisar Konstantin var sjølv kristen og gav kristendommen legal plass i romarriket tidleg på 300-talet. I Nikea i 325 dikterte han den nikenske truvedkjenninga til stridbare biskopar. Ho er framleis den mest universelt aksepterte truvedkjenninga hos kristne verda over. Den politiske fyrsten dreiv henne fram. Før hundreåret var ute, hadde keisar Theodosius gjort kristendommen til romersk statsreligion. No hadde nye gudar overtatt den romerske staten. Men religion og politikk gjekk framleis hand i hand.

Så spreidde den nye religionen seg over romarriket og Europa, med statsmakta i ryggen. Kongane kom til å spele viktige roller i kristninga, som i Frankrike. Å døype kongen vart ei politisk handling. I Noreg hadde vi ei rekkje kristningskongar, frå Håkon den gode og fram til heilagkongen, martyren, Heilag-Olav. Sverdet tala, og blod rann. Og Noreg vart kristna.

Kyrkja vart ein politisk maktfaktor, ofte i strid med den politiske makta, keisaren eller kongen. Gud var midt i politikken.

Då Luther heiste sin fane mot paven, fekk han fyrstane, politikken, med seg. Dei hadde styrkja si makt og såg gjerne at paven vart sett på plass og driven tilbake. Og paven miste det meste av Nord-Europa. Men fyrstane kravde si løn. Ved religionsfreden i Augsburg var det slått fast at undersåttane i staten måtte ha same tru og religion som fyrsten. Den politiske makta tok også makt over tru og sjeler.

Staten bør være for alle:

Les også

Den privilegerte norske kirke

Dei skandinaviske kongane, Christian III i Danmark og Gustav Vasa i Sverige, brukte makta til å gjennomføre reformasjonen. Lite tyder på at det var stor hunger etter ny lære, derimot hadde begge kongane bruk for kyrkjegodset til å fylle opp ei tom statskasse. Så vart kyrkjegodset innkassert, paven vart avskaffa og vi fekk nasjonale statskyrkjer med kongen i sentrum. Og kongane tok ansvar for gudsteneste og lære. Dei fekk Bibelen tilgjengeleg, omsett til folkespråk. Slik stod kongen midt i kyrkja.

Etter kvart vart dette problematisk. Krefter inne i kyrkja ville ha meir rom. Dei kom i konflikt med kongens kyrkje og prestane hennar, med deira krav om maktmonopol. I fleire land, som hos oss, innførte kyrkja og kongen lover som verna trusmonopolet, såkalla konventikkelplakatar. Det var dette Hans Nielsen Hauge kom i konflikt med. Mykje av lekfolket svara med å gå sin veg og byggje opp sitt eige religiøse univers, med organisasjonar, skular, eigen presteskule og hundrevis av utsende misjonærar. Det gjorde dei ved sida av staten og statens pengar, som var det kyrkja levde av.

Og i dag er, omsider, statskyrkja avskaffa. Kanskje. Framleis slår grunnlova fast at vi har ei evangelisk-luthersk folkekyrkje understøtta av Staten. Kyrkja greier ikkje det lekfolket greidde; å betale sine eigne rekningar. Skattepengar må til. Men det er meir enn det: Grunnlova seier også at Staten skal støtte alle tru— og livssynssamfunn på lik linje. Det er snakk om pengar, kring 1000 kroner pr. medlem pr. år. Dette medfører, som vi har sett, kontrollproblem. Alle statlege støtteordningar gjer det. Og det medfører strid i trussamfunna. Tilgjengelege pengar medfører ofte fordelingsstrid.

Ein uærbødigtanke melder seg: Har ikkje no den norske staten brote det første bodet i moselova, det om ikkje å ha andre gudar? Mykje av Det gamle testamentet handlar om det forkastelege i å dyrke andre gudar. Men er det greitt å betale for dei? Av ein stat som held seg med eiga evangelisk-luthersk folkekyrkje?

Det blir sagt, i fullt alvor, at vi har skilt politikken frå religionen hos oss. Det er i beste fall eit historielaust og naivt synspunkt. Vi har gjort Staten til religionens rike onkel, som ustoppeleg skriv ut sjekkar til ulike former for gudstru.

Det nye i dagens kyrkjepolitiske situasjon er kanskje berre at forholdet mellom kyrkja og staten er blitt moderne og papirlaust. Framleis flyt pengane som dei skal, biskopane gifter kongehuset vårt når det trengst og kastar glans når det høver. Om vår neste konge skal signast i Nidaros, står att å sjå.

Jus og teologi må skilles, mener BT:

Les også

Kirken bør fratas vigselsretten

Kanskje er sjølve prosjektet, å skilje religion og politikk, vonlaust og meiningslaust. Og vi har ikkje fått det til. Religionen er menneskets forsøk på å skape svar på dei store, uløyselege spørsmåla og kva som er meininga med det heile. Religionen ordnar og forklarer verda for oss, både denne verda og den neste. Politikken derimot, avgrensar seg til å ordne og forklare den jordiske verda. Av og til får politikken det for seg at han vil ut av jordiske rammer og skape paradiset. Då går det gjerne frykteleg gale.

Slik vil religionenog politikken ha mange jordnære kontaktpunkt, og som maktkåte og hormondrivne dyr vil dei søkje saman i samliv, med uvisst resultat.

Europeisk historie handlar i alle fall om eit intenst samliv mellom religion og politikk, mellom kyrkje og stat. Alt er ikkje like vakkert. Og samlivet er ikkje slutt. Om det er papirlaust, er det ikkje kontraktfritt. Også papirlause sambuarar har kontraktar seg i mellom for å ordne ein kompleks kvardag.

Om muslimane strevar med å sameine politikken og religionen, og såleis få orden på samfunna sine, strevar dei i eit landskap europearane kjenner godt. Der har vi vandra i nokre tusenår, der går vi framleis og tuslar.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Korleis var det å vere deg då?

  2. Bergenserne betaler prisen

  3. Ikke bare en lastebilsjåfør

  4. Ei hyllest til oljearbeidaren