Det går ikkje over

Massevandringar kan bli eit vedvarande problem, og vil truleg berre auke på.

VIDARE OG VAGARE: Asylinstituttet er viktig. Retten til vern må vernast. Men definisjonen av flyktning har endra seg. Han har blitt vidare og vagare. Er det nok med eit håplaust liv utan framtidsvoner, spør kronikkforfattaren. Biletet er frå Zaatari flyktningleir i Jordan. Arkivfoto: Jarle Aasland

Gunnar Skirbekk

Vi greier det, sa Angela Merkel – som eit signal om at Tyskland var open for å ta imot flyktningar frå Syria, utan antalsbegrensning. Wir schaffen das.

Men kven er «vi»? Ordet skjuler klassemotsetningar. Alle «vi» som sit rimeleg trygt i det, vil vel «greie det», sjølv om skattane går noko opp og trygdene noko ned. For underklassa kan det sjå annleis ut. Det kan det også for samfunnet på sikt.

Angela Merkel:

Masseinnvandringa vil i første omgang belaste velferdsbudsjettet. Men etter kvart skal dei nykomne ut på arbeidsmarknaden. Av eigeninteresse og for samfunnets beste. For velferdsstaten vil ikkje bestå om ikkje folk flest er i arbeid. Men tidspunktet er ugunstig. Det er økonomiske nedgangstider med stigande arbeidsløyse, og press på arbeidsløner og arbeidsforhold, ikkje minst på grunn av arbeidsinnvandring ut frå EØS-avtalen – jamfør løns— og arbeidsforhold i bygg og reinhald. Computerisering, med tap av tradisjonelle arbeidsplassar, gjer vondt verre.

Inn i dette skal det no kome store mengder av nye arbeidstakarar. Dersom språkkompetanse og annan yrkeskompetanse ikkje er på topp, vil dette føre til eit massivt tilbod av lågt kvalifisert arbeidskraft, som vil gi ytterlegare press på løner og arbeidsforhold. Kort sagt, dei som skal «greie det», dei som primært må bere børene ved masseinnvandringa, det er underklassa. Utsegna «vi greier det», er ikkje klassenøytral.

BT-kommentator om Sylvi Listhaug som innvandringsminister:

Les også

- Hun har vært solid

Ei slik utvikling kan føre til frustrasjon og uro i arbeidarklassa og prekariatet, både hos dei nykomne som hadde andre forventningar, og hos dei som allereie var her og som risikerer å få ei forverring av levekåra. Dermed kan det oppstå spenningar og konfliktar, ikkje berre retta mot politikarane og overklassa, men også mellom dei mange som konkurrerer på arbeidsmarknaden. Riktig ille vil det bli dersom markante grupper av nykomne endar opp som permanent underklasse i form av etniske og religiøse parallellsamfunn – ille for dei det gjeld og ille for samfunnet. Då kan konfliktnivået bli betydeleg, med fare for valdelege reaksjonar.

Samtidig vil skilnadene i løner og livsvilkår, mellom dei velståande «vi» og dei andre, auke ytterlegare. Det betyr større ulikskap i samfunnet og auka press på det som enno finst av ein egalitær og tillitsbasert samfunnsorden.

Kva seier politikarane her hos oss? I den monn dei lyftar blikket utover dei akutte problema – pengar og plassering, og retur for dei som ikkje har rett til opphald – er standardsvaret: Arbeid! Få dei ut i arbeid! Velferdsstaten krev det! Integreringa krev det! Vel og bra. Men få talar om problema rundt neste sving, når dei mange nykomne skal ut på arbeidsmarknaden.

Donald Trump vil nekte muslimer adgang til USA, asylmottat brennes ned. Dette er fascisme:

Les også

Nå må dere våkne

Så er det integreringa . Gjennom arbeid, for dei som er i arbeid. Gjennom skulegang, saman med norske ungar. Ved opplæringskrav for norsk statsborgarskap. Ein statsborgar har medmakt og dermed medansvar. Som statsborgar må ein (på rimeleg vis) kunne språket, forstå sakene, skjønne samfunnet. Manglar dette, kan ein vere kunde og klient og rettsstatleg undersått, men ikkje statsborgar, reelt sett.

Som statsborgar i eit moderne rettsstatleg og vitskapsbasert demokrati, med ein generell og sjenerøs velferdsstat, er det visse haldningar og dygder som må på plass. Den som vil nyte godt av institusjonane, må leve opp til føresetnadene for at dei skal fungere: Grunnleggjande lojalitet og tillit, allmenn solidaritet utover familie og klan, skilje mellom rettsstell og religion, mellom yrkesroller og privatliv, og ei erkjenning av at vi er feilbarlege. Legg til at vi i eit moderne demokrati treng open og opplyst diskusjon og praksisbasert læring av ulikt slag, og dermed ei open haldning til kritisk tenking og vitskapleg innsikt. Kort sagt, moderne institusjonar krev kulturell modernisering.

Les også

Stigmatiserende å stemple folk som fascister

Livsformer og holdningar som er funksjonelle i statslause samfunn, er ikkje gangbare i moderne statssamfunn. Derfor er det påkravd med klar tale og klare krav både i undervisningsopplegg og innføringsprogram. Vellykka integrering krev kulturell modernisering. For det er ille med dei «halvmoderne», som kombinerer moderne teknologi og religiøs fundamentalisme, som om opplysningstida aldri fanst (anten det er i Midtausten eller Midtvesten). Men aller verst er kombinasjonen av moderne våpen og førmoderne haldningar og aksjonar – ein konstellasjon som gir assosiasjonar til 11. september og til ideologien bak 22. juli.

Slik verda ser ut, med utfordringar på mange plan, faktorar som ofte interfererer med kvarandre på uforutseieleg vis – økonomiske, demografiske, økologiske, og politiske – i eit slikt verdssamfunn kan massevandringar bli eit vedvarande problem. Det går ikkje over med krigen i Syria. Det er derfor på høg tid at vi tenkjer nytt og langsiktig, i tillegg til at vi på beste vis prøver å hanskast med dei akutte utfordringane.

Les også

Føler seg krenket av fascisme-stempelet

Vi må tenkje nytt om institusjonelle ordningar og juridiske omgrep, tilpassa nye tider. For eksempel, kva vil det seie å vere flyktning, med vernebehov, i eit slikt framtidsperspektiv, med spenningar og konfliktar av mange slag? For å setje det på spissen: Er det faren for å bli sendt til Auschwitz som er paradigmaet på vernebehovet som flyktning? Eller er det nok med eit håplaust liv utan framtidsvoner? Eller noko ein stad imellom? Men kor då? Og kvifor nettopp der?

Asylinstituttet er viktig . Retten til vern må vernast. Men definisjonen av flyktning har endra seg. Han har blitt vidare og vagare. Samtidig har verda endra seg. I dag er det millionar av menneske, til dømes frå krigsområda i Syria og Irak, som kan rekne med og håpe på å få opphald i Europa som flyktningar – berre dei greier å kome seg dit. Men dei kan ikkje reise dit på regulært vis. Ein dobbel kommunikasjon frå europeisk side. Dermed held masseinnvandringa fram, med tragediane undervegs.

Situasjonen er uhaldbar , både etisk og realpolitisk. Eitt grep vil vere å justere definisjonen på ein flyktning i samsvar med utgangspunktet, erfaringane frå naziregimet og alle som måtte flykte for livet. Utover det trengst så mangt. Solidaritet over landegrenser, over klassegrenser og med komande generasjonar. Bistand og hjelp i nærområda – ja, rikeleg, men utan illusjonar. For utan fungerande statar hjelper ingenting.