Internettpengar fødde av mistillit

KRONIKK: Bitcoin er nettpengar ingen veit kor kom ifrå. Dei oppstod ut frå mistillit til det internasjonale pengesystemet i kjølvatnet av finanskrisa.

BITCOIN: Det er like lett å kjøpa Bitcoin som å betala rekningar i nettbanken. Men bør du gjera det? Foto: Vegard Tenold Aase

  • Svein Ølnes
    Forskar, Vestlandsforsking
Publisert:

På konferansen IT-forum 2013 i Balestrand heldt foredragshaldar og Bitcoin-entusiast Sturle Sunde fram eit par sokkar av Alpakka-ull. Desse tilbaud han deltakarane å kjøpa for halv pris. Han hadde kjøpt dei i 2011 for 40 Bitcoin, den gangen ein sum tilsvarande vel 200 norske kroner. 22 Bitcoin var i slutten av september i år verdt nærmare 20 000,— kroner. Men sjølv om sokkane var pent brukte, fekk ikkje Sturle selt dei.

Pengar er tillit, Bitcoin mistillit

Bitcoin vart lansert etter finanskrisa og må forståast i lys av den. Det er ein reaksjon på den misbruken av tillit finansnæringa over heile verda har gjort seg skuldig i. Pengar er baserte på tillit, både til finanssystemet og til myndigheitene. Denne tilliten er sett på ein kraftig prøve etter 2008, og Bitcoin er basert på at du ikkje bør ha tru på at finanssystemet ryddar opp og oppfører seg greitt i framtida. I Bitcoin er det tillit berre til matematikk og programvare, ikkje til myndigheiter og finanssystem.

I Bitcoin er det tillit berre til matematikk og programvare, ikkje til myndigheiter og finanssystem

Anarkistiske pengar

Bitcoin er digitale pengar utvikla spesielt for bruk på nettet. Men dei fleste av pengane våre, enten det er kroner eller dollar, er også for det meste digitale, så kva er skilnaden? Den viktigaste skilnaden på Bitcoin og «vanlege» pengar er at Bitcoin ikkje er kontrollert av myndigheiter og sentralbank, men berre av programvare. Bitcoin er ein fullt ut desentralisert valuta der kontrollen ligg både hjå den enkelte brukaren og av det samla nettverket av brukarar. Det betyr myndigheiter berre kan påverka gjennom eventuelle restriksjonar på bruken. Det vil også vera vanskeleg å stoppa bruken av Bitcoin sidan det ikkje er nokon sentral organisasjon som kontrollerer den.

Den mystiske Satoshi

Bitcoin-systemet vart første gang presentert i ein åttesiders artikkel forfatta av Satoshi Nakamoto. Ingen veit kven som skjuler seg bak dette namnet og det er med på å auka mystikken rundt valutaen. I 2009 vart systemet sett i drift på Internett, og frå å ha ein verdi på 1-2 øre pr. Bitcoin har kursen auka kraftig slik at den i skrivande stund er nærmare kr 2 500 kr.

Ein viktig grunn til kursstigninga er at pengemengda er endeleg bestemt. Det blir ikkje meir enn 21 millionar Bitcoin når alle pengane er «sleppte fri». Det skjer først i år 2140. Fram til den tida vil det komma stadig mindre Bitcoin i sirkulasjon. Alt no er meir enn halvparten av alle Bitcoin i sirkulasjon. Utan å gå inn på den teknologiske oppbygginga av Bitcoin, kan det seiast at den på same tida er både eit komplisert og eit uhyre elegant system. Det er basert på opne standardar og open kjeldekode og slik sett fritt fram for alle å studera og eventuelt kopiera.

Berre tullepengar?

I starten var nok Bitcoin sett på som tullepengar, om lag som Monopol-pengar. Men etter som interessa for pengane har auka og kursen gått i veret, har det gått frå å vera tullepengar til å bli noko som må takast på alvor.

Den veldige kursauken skaper likevel problem. Økonomisk sett er det ikkje bra at ein valuta svingar mykje i verdi. Pengar er middel for å å gjennomføra handel og skal helst ha tilnærma konstant verdi. Dei fleste sentralbankar styrer etter eit inflasjonsmål som seier at det skal vera 2-3 prosent inflasjon, og at pengemengda veks tilsvarande. Sidan pengemengda i Bitcoin er endeleg bestemt, vil resultatet bli deflasjon; det omvendte av inflasjon. Effekten er at varer blir stadig billegare etter som tida går, og resultatet blir at folk sparer og ikkje brukar pengar. I eit økonomisk system basert på kontinuerleg vekst, som vårt, vil det vera veldig dårleg.

Sidan pengemengda i Bitcoin er endeleg bestemt, vil resultatet bli deflasjon

Bitcoin har likevel vist at eit heildigitalt pengesystem bygd på Internettteknologi og –filosofi er muleg. Det er konstruert for å fungera friksjonsfritt på nettet og er slik sett eit veldig interessant alternativ for nettbetalingar. Det er konstruert for å handtera ørsmå beløp og svarer dermed på eit av dei store problema med pengeoverføring på nettet: det er for dyrt å krevja inn små beløp. Det er samstundes ein global valuta som flyt fritt mellom land, også det ein føresetnad for å fungera som eit effektivt betalingsmiddel på nettet.

Bør du kjøpa Bitcoin?

Det er like lett å kjøpa Bitcoin som å betala rekningar i nettbanken. Men bør du gjera det? Framleis er det svært avgrensa kva du kan kjøpa for Bitcoin, sjølv om tilbodet stadig veks. Ein annan ting er at verdien på Bitcoin svingar mykje og det gjer bruken av valutaen vanskeleg. Så langt har Bitcoin vist seg som ei god pengeplassering for dei som var tidleg med. Mange er dei som har angra på at dei kvitta seg med Bitcoin i ein tidleg fase, enten det var til Alpakka-sokkar eller andre ting. Ikkje alle har vore like heldige som Kristoffer Koch i Oslo som kjøpte Bitcoin for 150 kroner i 2009 og som selde dei i vår for 5 mill. kr og kjøpte leilegheit på Tøyen.