Språket - er det så nøye, då?

Vil du som sender barna dine til ein bokmålsskule, at dei skal få ein lærar som ikkje meistrar bokmålet?

KAN IKKJE NOK: I nær framtid kan vi møte lærarar med fullt ansvar for norskfaget utan fullverdig fagleg kompetanse. Då har vi eit alvorleg problem, skriv innsendarane. Illustrasjonsfoto: Scanpix

  • Øygunn Skodvin Prestegård
  • Ingvil Brügger Budal
    Førsteamanuensis, NLA Høgskolen Bergen
  • Hege Myklebust
  • Eli Bjørhusdal
Publisert:

**Hausten 2017** startar den nye femårige lærarutdanninga, som vidarefører nokre grep frå reforma i 2010, og i dag går høyringsfristen for ny rammeplan i lærarutdanninga ut. Etter førre reform er karakterane frå vidaregåande skule den norskkompetansen nokre nye lærarar går ut i grunnskulen med. I praksis tyder det at karakteren 3 i norsk frå vidaregåande er bakgrunnen for nokre lese- og skrivelærarar i grunnskulen.

I forskrift til opplæringslova finn vi at denne karakteren tyder «at eleven har nokså god kompetanse i faget» (vår utheving). Kandidaten har då ikkje «framifrå» (6) eller «mykje god kompetanse» (5), ikkje eingong «god» (4) kompetanse i faget. Ein trear frå vidaregåande er godt nok for å vere lærar i Kunnskapsløftet (K06), der alle lærarar er lese— og skrivelærarar.

Noko av det nye med K06 var understrekinga av lesing og skriving som grunnleggjande dugleikar i tillegg til at dei er fagspesifikke dugleikar. Kvar vil vi med dette?

Tid for studievalg:

Les også

Ka ska eg bli?

Vi vil peike på at dagens, og kanskje morgondagens, lærarutdanning ikkje lenger kan garantere at lærarane har kompetansen dei er sett til å utvikle og støtte i elevane sine. Etter snart seks år med lærarutdanning utan obligatorisk norsk for 5.— 10.-trinnslærarar, ser vi at denne ordninga har nokre slagsider som kanskje ikkje var godt nok gjennomtenkte på førehand. Dette gjeld spesielt utvikling av språkleg kompetanse.

Saksfeltet er sjølvsagt komplekst, men vi vil bryte det ned til eit hovudpoeng: Elevane må sikrast rettane sine i lærarutdanninga. Dersom vi utdannar lærarar som ikkje kan gjere jobben dei er sette til å gjere, har vi eit alvorleg problem. Elevar har lovfesta rett til undervisning på skulens hovudmål og til tilpassa opplæring. Læreplanen seier tydeleg at elevar skal arbeide med begge skriftspråka frå tidleg i barneskulen.

"Det er ikkje uvanleg å høyre utsegner som "eg er ikkje så nøye på rettskrivinga".

Samstundes har vi ei ordning som gjer at ikkje alle studentar i lærarutdanninga vert prøvde i dei offisielle norske skriftspråka. Nokre institusjonar har riktig nok arbeidskrav på sidemål som må godkjennast før eksamen, men rettleiingsressursen på desse er ikkje alltid for faktisk kvalitetssikring å rekne. Dette reflekterer ei undervurdering av språkkompetanse som har vore ein trend lenge: Det er ikkje uvanleg å høyre utsegner som «eg er ikkje så nøye på rettskrivinga» eller «det er ikkje så nøye med språket, så lenge innhaldet er der».

Lærer:

Les også

Fikk nei til videreutdanning for tredje gang

Samstundes kan vi som arbeider ved lærarutdanningsinstitusjonar få spørsmål frå kollegaer og praksislærarar om ikkje studentar lærer orddelingsreglar og andre relativt enkle rettskrivingsreglar i skulen. I ulike regionale og nasjonale drøftingsfora der vi etterspør auka ressursar til enkel språkopplæring, er responsen gjerne at studentar med generell studiekompetanse allereie er prøvd i norskfaget og difor har god nok språkleg kompetanse. I praksis vil dette seie at ein 5.— 10. trinnsstudent med 4 i munnleg norsk, 3 i hovudmål og 2 i sidemål er godkjent som lese- og skrivelærar i alle fag.

Vi trur at mykje med den nye lærarutdanninga kjem til å vere bra. Men vi ser også at nokre av ulempene ved den førre reforma vert vidareførte. Slik ordninga er no, er det ikkje sikkert at ein lærarstudent har kompetanse i begge dei offisielle norske skriftspråka. Det er ikkje godt nok for ein skule som krev at alle lærarar skal vere lese- og skrivelærarar. Det må vere mogeleg å finne ei løysing som sikrar at skuleeigar kan vere viss på at arbeidssøkar har den kompetansen arbeidet hans krev at han skal ha, og som sikrar alle elevars språklege rettar i skulen.

Les også:

Les også

Derfor fortsetter skoler med lekser

I framlegg til forskrift for ny femårig lærarutdanning står det at studentar som ikkje har vurdering i begge dei norske målformene frå vidaregåande opplæring, kan gjevast fritak for prøving i ei av målformene i 1.— 7. trinnutdanninga. Det same fritaket er aktuelt for studentar som ikkje vel norsk i 5.- 10. trinnutdanninga. Eit slikt fritak vidarefører då vedtak gjort i ungdomsskule eller vidaregåande skule, der ein sjølvsagt ikkje kan ta omsyn til kva for ein yrkespraksis elevane skal inn i etter utdanninga. Å ha fritak for vurdering i faget tyder ikkje fritak frå kunnskapsinnhaldet, men dei med fritak kan ikkje dokumentere at dei har kompetansen.

I praksis vil dette seie at i nær framtid kan vi møte lærarar med fullt ansvar for begynnaropplæring og norskfaget utan fullverdig norskfagleg kompetanse. I ungdomsskulen kan ein møte lærarar som ikkje er i stand til å undervise på hovudmålet dei er tilsette for å undervise i. Dette er fritaksvilkår som det venteleg må kome mange innspel på i høyringsrunden.

Vil du, gode bergensar som sender barna dine til ein bokmålsskule, at seksåringen din skal få ein lærar som ikkje meistrar bokmålet ved skulestart? Vil vi ha ei ordning der staten seier at det ikkje er så nøye med språket vårt? Det ligg ein merkeleg dobbeltkommunikasjon i å ha to sidestilte skriftsspråk som skal undervisast i skulen utan å samstundes krevje at lærarane kan dokumentere kompetanse i begge skriftspråka.

Språktester:

Les også

For mye forlangt

Spørsmålet om språk i lærarutdanninga handlar ikkje om kva den einskilde studenten kan eller ikkje kan ved semesterstart. Det handlar om den yrkespraksisen han er i ferd med å kvalifisere seg til. Vi møter ofte studentar som fortel at dei vart oppmoda til å søke fritak frå sidemålskarakter på sviktande fagleg grunnlag, studentar som kan fortelje om manglande sidemålsopplæring. og studentar som oppriktig fortvila ønsker meir undervisning i praktisk språkbruk på bokmål og nynorsk. Det er gode grunnar for å ønske seg dette i lærarutdanninga: Behovet er der.

Vi har kome til eit punkt i norsk språkhistorie der det er meiningslaust å argumentere «for» eller «mot» tospråkstilstanden. Å gjere det er i beste fall uinformert. Vi må ha ei lærarutdanning som sikrar at elevar kan få den opplæringa dei har krav på. Studentar som av ein eller annan grunn ikkje kan meistre to skriftspråk frå tavlehald, skal kanskje ikkje vere lese— og skrivelærarar. Det gjer dei ikkje til dårlege studentar, men det gjer dei heller ikkje til fullverdige lærarar.