**Nyleg høyrde eg** eit radiointervju med teatersjef Tom Remlov. Han fortalde om det unike norske riksteaterkonseptet som gjer det mogleg å kunna sende Liv Ullmann og andre store namn til småbygder over heile landet. Remlov nytta nabolandet vårt i aust som kontrast, og peika på at «Kultur-Sverige» går i svart nord for Stockholm.

Det teatersjefen fangar inn her, frå ein uvant vinkel, er det vi kan kalle «den norske modellen». Ein breispektera norsk nærings— og distriktspolitikk tufta på ideen om at offentlege midlar skulle «korrigere for marknadssvikt». Dette har gjort det mogleg å bu og drive næring over heile landet. Offentleg finansierte utjamningsordningar har, i alle høve til ein viss grad, kompensert for avgrensa befolkningsgrunnlag, krevjande driftstilhøve og lange avstandar til og frå store marknader. Også kultursektoren har vore del av denne særnorske modellen. Fokuset har vore på å skape gode, skapande og attraktive lokalsamfunn over heile landet.

At modellen har verka , ser vi når vi samanliknar Noreg med andre vesteuropeiske land. Få andre har livskraftige lokalsamfunn over heile landet slik vi har det. Remlov si samanlikning med Sverige er og treffande. Skilnaden på den norske bygda og den svenske «gläsbygden» er velkjend for alle som har vore på biltur på den andre sida av kjølen. Det som møter ein der, er mil på mil på mil med fråflytta «stugor» og lokalsamfunn.

Ønskjer regjeringa ei tilsvarande utvikling i Noreg? Felles for ei rekke av «reformene» ein har sett i gang, er i alle fall at dei effektivt undergrev den norske modellen slik den er skildra over. Eg treff mange lokalpolitikarar frå norske distriktskommunar i mitt daglege virke. Tilbakemeldinga er rimeleg eintydig; ein kan knappast hugse ein meir krevjande periode enn dei to siste åra. I såkalla «manøverkrigføring» nyttar ein så mange angrepsformer samstundes at motparten ikkje får tid eller høve til å lage ein heilskapleg motstrategi. I staden lyt ein svare på kvart angrep for seg. Dette er den røyndomen mange norske distriktskommunar og lokalpolitikarar opplever i dag.

La oss sjå korleis dette artar seg på nokre politikkområde som er særs viktige for distrikta:

Landbruk. Her har vi ein svært så «reformvillig» statsråd. Førre landbruksoppgjer flytta betydelege beløp frå små bruk i distrikta til store og marknadsnære bønder. Aksjeselskap i landbruket er alt innført. Dette er eit direkte brot med den norske modellen, som alltid har stilt krav om at den som mottar offentleg støtte må bu på garden. Nyordninga opnar for at ein kan sitje og dingle med beina heime i storbyen, og ta imot full offentleg støtte for ein gard ein stad i distrikta som blir driven av leiglendingar.

Den same statsråden køyrer på (utan noko form for konsekvensutgreiing) for å få fjerne den norske konsesjonslovgivinga som stiller krav om busetnad og drift på norske gardsbruk, ei lov som har vore avgjerande for å sikre aktivt landbruk over heile landet. Konsekvensane om ho lukkast, vil verta dramatiske for veldig mange grender og distriktskommunar.

Kommunefeltet. «Kommunereforma» skal styrkje lokaldemokratiet, heiter det. Dersom det var sant i praksis, ville det vore all mogeleg grunn til å juble for tiltaket. Opne vurderingar av lokal organisering og tilstanden til lokaldemokratiet bør ein gjennomføre oftare. I praksis har reforma likevel vist seg å vere eit skalkeskjul for nok eit angrep på distrikta. Departementet har knytt all reformstøtte til samanslåing. Dei som eventuelt skulle driste seg til å kome til ein annan konklusjon får ikkje noko no, og må basera seg på mindre i framtida. Det eine distriktstilskotet etter det andre er føreslått redusert eller fjerna. På toppen av alt går det ut klare instruksar frå regjeringspartia om at befolkninga i kommunane ikkje skal få lov til å seie meininga si om ei eventuell samanslåing. Så mykje var altså «styrking av lokaldemokratiet» verdt. Ordet demokrati kjem frå det greske demos kratos og tyder «makt til folket». I denne reforma er det regjeringa som i staden nyttar makt over folket, for å tvinge fram eigne ideologisk utgåtte meiningar og konklusjonar.

Regjeringa prøver så godt den kan å gje inntrykk av at småkommunen ikkje har ei framtid, og at storkommunen er best på det meste. Dette trass i at det aller meste av forsking på dette feltet vitnar om det motsette. Småkommunar er generelt betre på tenesteleveranse. Det er òg i dei små kommunane trivselen er størst.

Politi. Der ein kalla kommunesamanslåingsreforma for ei «demokratireform» kallar ein reforma innanfor politietaten for ei «nærpolitireform». I begge tilfelle står titulering til karakteren fem, men praktisering — sett med distriktsauge - til stryk. Vi ventar vel framleis på eit endeleg oversyn over kva lensmannskontor som blir nedlagde, men signala er tydelege, og ingen kjem til å bli veldig overraska om det syner seg at brorparten av dei einingane som skal leggjast ned, ligg i distrikta. For mange bygdesamfunn blir konsekvensen av denne reforma fort at den lokale lensmannen blir bytta ut med eit «fjernpoliti».

Desse «reformene» vitna r om ei regjering som nyttar makt ovanfrå og ned. Trass i alle fyndord om «demokrati», «pragmatisme», «nye idear» og «fleksibilitet», er det som trer fram den mest erkekonservative regjeringa Noreg nokon gong har hatt. Verken den eine ideen ein synest å vere motivert av, at «stor» alltid er det beste, eller det eine utviklingsverktøyet ein sit med og brukar over alt, «samanslåing», er nytt. Dette er eit velbrukt prinsipp som aldri har motivert til særleg menneskeleg nyskaping. Det kjem det ikkje til å gjere no heller.Ein politikk for nyskaping er ikkje ideologistyrt, men tvert om dynamisk og pragmatisk. Den er tufta på mangfald, ikkje einfald. Den handlar om at samanslåing kan vere det rette i enkelte samanhengar, medan det kan verke direkte øydeleggjande i andre. Først og fremst er den sensitiv for lokale stemmer, ressursar og løysingar.

Sett i samanheng, utgjer regjeringa sine ulike «reformer» i røynda ei stor og massiv sentraliseringsreform. Kvar for seg undergrev dei den norske modellen, samla trugar dei med å velta den. Korleis det då blir i kongeriket, treng ein ikkje dra lenger enn over kjølen for å sjå.