Er du kristen?

Og viss ja, kva betyr det?

  • Tru
  • Forfattar
  • Olaug Nilssen

I over eitt år no, har eg skrive portrettbok om Sigvart Dagsland, og i over eitt år har eg spurt folk eg kjenner om dei er kristne. Somme reagerer som om det var eit meir personleg spørsmål enn spørsmålet om når dei sist fekk orgasme, noko som ikkje burde overraske meg, all den tid eg kjenner folk som blir fornærma når presten fortel kva det inneber å døype eit born. Dei skulle jo berre døype ungen, veit du, og så kom han der og maste om oppseding i den kristne forsakinga og trua! Om eg då spør vidare om dei er kristne, så er svaret som regel ullent og svevande, til tider også beint ut sagt: ”nei”.

Ullent og svevande kan svaret også vere frå dei som har mest lyst til å svare eit ettertrykkeleg ”ja!”, men då av heilt andre grunnar enn dei førstnemnte. For kva har eg tenkt å bruke svaret til? Skal eg plage dei og kalle dei gamaldagse, konservative og mørke? Skal eg rase mot oppfattingar dei har eller kan tenkast å ha? Dei flakkar gjerne med blikket og kan ikkje heilt tru at eg meiner det alvorleg – at eg faktisk vil vite kva det betyr for dei å ha ei kristen tru.

Ei stor gruppe, eg vil kanskje seie dei fleste svarer ”kanskje”. Eller ”ja, men..” Eller så svarer dei at dei ikkje trur på Gud, kyrkje og Bibel, men på noko. Noko? Ja, ei kraft. Noko andeleg. Noko større. Omgrep kjende frå den kristne oppsedinga og trua, så som ”synd”, ”fortaping” eller ”frelse”, forheld dei seg ganske enkelt ikkje til. Men at Gud, dersom han finst og det er det han heiter, er god, er dei fleste samde om.

Ein svært fin kristendom, med andre ord. Men kva skal du med Jesus og ein god Gud om du ikkje har synd å frelsast frå, om du ikkje treng trøyst og støtte, om du ikkje har eit liv du vil bruke på ein betre måte? Eg har fått mange gjevande samtaler ut av å spørje og grave, men fleire av konklusjonane gir berre meining dersom du deler den kristnes (eller ”den andeleges”) utgangspunkt: trua. Det handlar om å tru.

Eg for min del vil gjerne tru, og helst på Gud. Ein gong hadde eg eit nært, men likevel overflatisk forhold til Gud, og det tok lang tid etter at eg hadde bestemt meg for å gjere det slutt før eg greidde å slutte å be. Likevel greier eg ikkje no å tru. Eg synest Bibelen er ubrukeleg som rettesnor, og vil blasfemisk nok hevde at eg på nokre punkt er både meir fornuftig og meir god enn Bibelens Gud. Samstundes er det umogeleg å tru utan at det finst eit ankerfeste utanfor mi eiga overtyding og mine eigne kjensler. Eg synest det er vanskeleg å kalle noko guddommeleg om det spring ut av mine eigne definisjonar av rett og gale. Og det eg "kjenner" kjenner eg jo, men kva hjelper det dersom eg ikkje kan dele det med andre i ei felles oppleving?

Grunnen til at eg har spurt og gravd, ja, nærast plaga folk og forsøkt å presse fram klare standpunkt i høve Bibelens dogmer, er likevel først og fremst at eg har jobba med ei portrettbok om Sigvart Dagsland. Det skulle tidleg vise seg at dette kom til å bli ei bok som i stor grad handla om kyrkje, tru og tvil. Mange av mine oppfattingar om kva det ville seie å vere kristen blei utfordra av Dagsland, som rett og slett meiner at ein ikkje treng å vere kristen for å få komme til himmelen. Det kan ikkje stemme, meiner Sigvart Dagsland, at ein barmhjertig og kjærleiksfull Gud vel ut berre eitt folkeslag eller ein religion som dei heldige lottovinnarane som skal få kome til himmelen. Guds kjærleik er altomfattande, og dermed må ideen om synder og helvete forkastast. Mange av historiene menneska har skapt av Gud, speglar heller menneskas avgrensa kjærleik til kvarandre enn beskriv Guds eigen, hevdar Sigvart Dagsland. Og korleis veit han det? Heile hans hjarte fortel han at det er slik. Og eg gjentek for meg sjølv: det handlar om å tru. Og legg til: Trua di har frelst deg.

Sigvart Dagsland meiner at folk kan tru kva dei vil, så lenge dei ikkje støyter nokon bort. Kven meiner ikkje det? – det meiner eg også. Sigvart Dagsland meiner at alle skal vere velkomne i kyrkja, og kven gjer ikkje det? – det meiner eg også. Samstundes synest eg det er vanskeleg å forstå kvifor folk vil vere i ei kyrkje hvis innhald og grunnlag dei forkastar.

Om eg veit kva som er kyrkjas eigentlege grunnlag, er ei anna sak. Eg har ikkje studert teologi, og kjem neppe til å gjere det heller. Eg les min konfirmasjonsbibel som eit endeleg dokument, men veit han er omsett av nokon som kanskje har misforstått. Eg siterer gjerne pussige bibelord i festleg lag, anten dei er underleg formulerte eller har eit hårreisande innhald. Dei staden der det står om Guds vesen eller Jesu barmhjertigheit, hoppar eg som regel over – kanskje fordi eg er redd dei skal verke overtydande. Å setje seg inn i ulike teologiske retningar, synest eg blir litt i meste laget, og så langt eg har sett meg inn i det, synest eg det er umogeleg å avgjere kva som er ”sant” – alt verkar like (lite) overtydande når ein ikkje sjølv kjenner Bibelen godt nok og ei heller kan verken gresk eller arimeisk.

Sigvart Dagsland meiner at Jesu barmhjertigheit må vere vår rettesnor i ei kristen tru. Han meiner vidare at kyrkjas eigentlege grunnlag er nettopp Jesu barmhjertigheit. Hans tru på at alle kjem til himmelen, meiner han kan baserast på to utsegner i Bibelen: Det første er at vi alle er skapt i Guds bilete. Dette, meiner han, betyr at vi har ein gudsgnist i oss, det finst ein liten guddommeleg bit i oss alle. Den andre utsegna frå Bibelen, kjem frå Paulus, som seier at på den ytterste dag, skal Gud bli alt i alle. Det betyr at alle, absolutt alle, kjem attende til Gud.

Sigvart Dagsland spør ikkje om folk er kristne, i alle fall er det ikkje vesentleg for han om dei er det. Sjølv svarer han likevel ja på mitt spørsmål om han er nettopp kristen. Dersom nokon spør meg, svarer eg som regel nei, før eg legg til alt eg har sagt her. Men om dei spør om att, svarer eg ”kanskje”. Eller ”snart”. Eller ”sannsynelegvis”. Spør dei endå ein gong svarer eg eit oppjaga ”nei!” For når alt kjem til alt, handlar det om tru og overgjeving, gjer det ikkje det?

ARKIVFOTO: JAN M. LILLEBØ