Verdas beste sovepute

Naturskadeerstatninga hindre at vi bur oss på eit villare klima. Norske kommunar sit att med svarteper.

VILLARE OG VÅTARE KLIMA: Klimaendringane gjer auka sannsynlegheit for ekstremvær i framtida. Men dei omfattande ordningane naturskadeerstatning i Noreg kan vere ei sovepute, åtvarar Kjersti Gjuvsland. Biletet er frå storflaumen i Flåm. EIRIK BREKKE

Kjersti Gjuvsland

Notre Dame University har nyleg kåra Noreg til det landet i verda som er best budd på klimaendringar. Bileta og reportasjane frå Odda, Voss og Flåm siste tida står i ein grell kontrast til denne kåringa.

Konsekvensane av klimaendringane råkar ikkje Noreg like alvorleg som mange andre land. Den stødige økonomien i Noreg gjev samstundes gode vilkår for å vera budd på eit klima i endring. Når ein ser nærare på kåringa, er det i stor grad dette den seier noko om: Noreg har dei beste høva for å bli best i klassen og opplever mindre alvorlege konsekvensar enn andre. Om ein faktisk gjer nok i arbeidet med å sikre innbyggjarane mot framtidige klimautfordringar, er eit heilt anna spørsmål.

Danmark er eit nærliggjande døme på land som har vorte tvinga til å arbeide med sikring for å førebu samfunnet på eit tøffare klima. Etter flaumane i 2011 har København mellom anna investert nær fire milliardar kroner i ein kriseplan for å handsame auka nedbørsmengder. Mange andre danske kommunar følgjer på med eigne planar som skal trygga berekraftige samfunn for innbyggjarane på lang sikt.

Les også

Flommen kan koste 150 millioner

I Noreg har vi eit erstatningssystem som få, om nokon, andre land kan samanlikna seg med. Systemet er bygd opp av skadeforsikringsselskapa, Norsk Naturskadepool og Statens Naturskadefond. Ordninga kan seiast å byggje på eit solidaritetsprinsipp: Alle skal få same dekninga og betale same prisen, uavhengig av kor utsett ein er for skade.

Selskap som opererer i Noreg er lovpålagde å tilby naturskadeforsikring, og Naturskadepoolen utliknar erstatningsutbetalingane frå selskapa i etterkant av naturskadar. Kommunikasjonssjef Tonje Westby i Finans Noreg, som administrerer poolen, fortel at «bransjen er godt rustet til å håndtere slike hendelser, fordi det er samlet et stort beløp gjennom naturskadeordningen. Det er ingenting som tyder på at forsikringspremien skal stige på grunn av dette» (dn.no: 30.10.2014).

Kort sagt er Naturskadepoolen særs robust og ingen hendingar har vore i nærleiken av å gå over den maksimal dekninga pr. hending, som i dag er sett til 12,5 milliardar kroner. Til samanlikning kom skadane etter flaumane i Gudbrandsdalen i 2011 på litt over ein milliard kroner. Statens Naturskadefond dekkjer skadar på eigedom som ikkje kan erstattast med privat forsikring.

Les også:

Les også

Forsker mener flomutsatte hus må flyttes

Enkelte i forsikringsnæringa omtalar naturskadeordninga som ei «sovepute». Med dette peikar dei på at ordninga er særs omfattande i kva type hendingar som inngår i dekninga og i kva grad ein dekkjer tap. Det vert rekna som lite sannsynleg at ekstreme hendingar skal råka ein, og med hjelp av ei stødig erstatningsordning finn ein difor få insentiv til å ta tak i naudsynt sikring i forkant av naturulukker. Dermed verkar ikkje den private eller offentlege delen av erstatningssystemet til å sikre berekraftige samfunn på lang sikt, sjølv om dei får fyrstehands erfaringar med kvar behova for sikring er store.

Erstatningsordninga er sjølvsagt ikkje noko problem i seg sjølv, tvert i mot. Noreg er best i klassen på å dekke tap i etterkant av hendingar, og å få samfunnet på beina igjen snarast mogeleg. Det som derimot kan vera ei alvorleg problemstilling er om det faktisk er slik at erstatningssystemet verkar som ei «sovepute», og dermed står i vegen for sikring og tilpassing for å unngå naturskadar.

Sidan 70-åra har forsikringsnæringa vore opptekne av klimaendringar og konsekvensar av dette. Ikkje så rart kanskje, når ein ser at skadeutbetalingane aukar i takt med eit «villare, våtare og varmare» klima. Forsikringsselskapa profitterer på kundar som er medvitne eige ansvar, noko som gjer dei til interessante samfunnsaktørar i lys av klimaendringar. Fleire stadar har dei vist seg som viktige varslarar, og med bruk av insentiv har dei vore med på å påverke andre aktørar til å forplikte seg.

I Storbritannia nekta forsikringsnæringa å dekka særleg flaumutsette område, og med dette vart regjeringa nøydde til å ta større ansvar for sikringsarbeidet. Slike handlingar kan i verste tilfelle ramma dei svakaste i samfunnet. I beste tilfelle kan forsikringsnæringa verke som ein katalysator for å få andre aktørar til å ta ansvar for sikring og tilpassing.

Les også

«Som å øse en båt på havets bunn»

Kommunane har dei siste åra fått utvida ansvar som sikringsansvarleg og plan— og bygningsstyresmakt. På den eine sida kan ein argumentera for at ein med å plassera ansvaret her klargjer roller og plasserer ansvaret nært områda som vert råka. På den andre sida kan det sjåast på som ei ansvarsfråskriving frå nasjonale styresmakter på eit område som ser ut til å auke i omfang og dermed burde ha fått auka nasjonalt fokus.

Det ser ikkje ut til å følgje særlege ressursar med det utvida ansvaret. Samstundes kan forsikringsnæringa «straffa» kommunar med krav om etterbetaling av erstatningar dersom dei finn at sikringsarbeidet i kommunen ikkje har vore godt nok. Dette ser ut til å vera eit verkemiddel som aukar i omfang og som ikkje hjelper på ressursmangelen i kommunane.

Ressursmangel ser òg ut til å vera eit problem for Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), som grunna store etterslep allereie har brukt opp budsjettet sitt for inneverande og neste år. NVE har mellom anna som oppgåve å yta økonomisk og teknisk stønad til kommunane sitt sikringsarbeid. Naturskadar på statleg og kommunal eigedom vert ikkje dekka av erstatningsordninga. Representantar frå kommunane fortel om langdryge prosessar for å skaffe ressursar til å byggje opp att samfunna og å sikre at ein blir like hardt ramma igjen. Eit utal statlege aktørar, som ikkje ser ut til å snakke godt saman, må kontaktast, og prosessane kan ta særs lang tid.

Ein kan spørje seg kor hardt ein i Noreg må verte råka av ei naturhending før ein må lausrive seg frå verdas beste sovepute

FN sitt klimapanel minner oss i desse dagar enda ein gong på at konsekvensar lik dei me har sett i Gudbrandsdalen og Odda vil bli meir vanlege. Det verkar difor som om problemstillingane kring sikring og tilpassing av samfunnet er noko som ikkje kjem til å forsvinne med det første. Dette set spørsmålsteikn ved om Noreg er verdas best budde på klimaendringar. Det kan argumenterast for at "det norske systemet" er eit system som fungerer godt til å ta opprydjinga i etterkant, men som manglar gode ordningar for sikring i forkant av naturulukker.

Ein kan spørje seg kor hardt ein i Noreg må verte råka av ei naturhending før ein må lausrive seg frå verdas beste sovepute og auka det nasjonale fokuset på å sikre berekraftige samfunn på lang sikt. Det er eit behov for ein brei debatt på korleis Noreg kan verta betre på å sikre og tilpassa samfunna til ei framtidig auke i naturskadar.