Ei framtid med færre kjemikaliar

Det er funne brosme i Hardangerfjorden med så store konsentrasjonar av det kjemiske stoffet kvikksølv at Mattilsynet åtvarar mot å ete ho.

  • Førsteamanuensis Sigrid Eskeland Schützdet Juridiske Fakultet
Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over ti år gammel

Årsaka til høge konsentrasjonar er vanskeleg å slå fast. Ekspertar frikjenner ubåten ved Fedje, medan ein ikkje kan utelukke at gammal industriforureining frå Sørfjorden har trengt vidare ut i fjordsystemet.

«Barn på Seychellene og Færøyene spiser fisk med relativt høye kvikksølvkonsentrasjoner. Nerveskader hos barna på Færøyene, men ikke hos barna på Seychellene, kan ha sammenheng med samtidig eksponering for PCB gjennom morsmelk på grunn av mødrenes konsum av hvalkjøtt og hvalspekk»(NOU 2010:09 s. 21.).

Høge giftkonsentrasjonar

Mange av oss som ikkje er spesielt kunnige i kjemi, assosierer «kjemikaliar» med farlege, laboratorieframstilte stoff. Men dei fleste kjemikaliar er ikkje giftige for menneske eller miljø, ein nyttar kjemikaliar over alt i samfunnet, og dels finst dei naturleg, som metallet kvikksølv. Ei framtid kjemisk fri for kjemikaliar er såleis ikkje tenkjeleg. Derimot kan visse kjemikaliar vere skadelege for menneske eller miljøet sjølv ved låge konsentrasjonar. Slike stoff er gjerne omtala som miljøgifter.

Kva som skal definerast som miljøgifter er ikkje naturgitt eller verdinøytralt. Styresmaktene har sin definisjon, og for enkelte stoff kan det vere usemje om dei skal kategoriserast som miljøgifter, til dømes enkelte stoff i plantevernmiddel. Eigenskapar som bidreg til at ein kjemikalie vert rekna som ei miljøgift er giftigheit, kor lett stoffet vert brote ned og om det vil hope seg opp i organismar.

For stoff som vert oppkonsentrert i organismar og i næringskjeder vil vi menneske, rovfugl og rovdyr sitje att med høgast konsentrasjon. Stoff er miljøgifter når ein finn dei i store nok mengder og i ein slik samanheng at menneske eller organismar i naturen vil utsetjast for nivå som kan gje skade.

Les også

Kvikksølvalarm i Hardanger

Dei små toler minst

Problema som miljøgiftene representerer er mangslungne, og følgjer oss gjennom alle livsfasar. Foster og nyfødde barn er særleg sensitive for eksponering. Ved eksponering for miljøgifter på fosterstadiet eller i ung alder har ein påvist negative skadeverknader på utvikling av hjernen og auka risiko for hjarte— og karsjukdommar, diabetes og kreft. Miljøgiftproblema gjennomsyrer også nær sagt alle samfunnsområde.

Det er auka konsentrasjonar av miljøgifter i alle norske økosystem. Arktis er ofte vist til som endestasjon for langtransport av mange miljøgifter, men ein finn til dels høgre nivå på det norske fastlandet og i havområda nær Noreg, samanlikna med Arktis.

Det er auka konsentrasjonar av miljøutgifter i alle norske økosystemer

Blir ikkje kvitt PCB

Nyheitsbiletet er, også i vår region, ofte prega av saker som gjeld miljøgifter. Dønningane etter eksplosjonen i Sløvåg i 2007 har framleis ikkje gitt seg. Professor og arbeidsmedisinar Bente Moen har undersøkt om det svulsthemmande proteinet p53 kan ha blitt påverka av kjemikaliane somme av innbyggjarane vart utsette for. Forskarane mistenkte at proteinet kunne bli påverka av dei kjemiske stoffa. Proteinet passar på genmaterialet vårt, og for lite av proteinet i kroppen fører til auka kreftrisiko. Heldigvis ser det ikkje ut til at dette har skjedd i Gulen, forskarane har ikkje funne teikn til slik skade der.

Mange av dagens miljøgiftsproblem knyt seg til gamle synder. Det er 90 år sidan ein tok til med målingsproduksjon i Florvåg på Askøy, og området inneheld i dag store konsentrasjonar av mellom anna PCB, benzen og kvikksølv.

«Eksponering for PCB kan føre til svekket immunforsvar og kan skade nervesystemet, gi leverkreft, skade forplantningsevnen og fosteret og ha negativ innvirkning på menneskets læringsevne og utvikling. Selv i lave konsentrasjoner har PCB kroniske giftvirkninger både for landlevende og akvatiske organismer» (s. 33).

Kven skal betale?

Plassering av ansvar og kostnader er også vanskeleg i desse sakene. I vår, tjue år etter at målingsproduksjonen stansa i Florvåg, fekk Høgsterett på bordet spørsmålet om kven som kunne påleggjast å utføre og betale for naudsynlege miljøundersøkingar av dei aktuelle eigedomane og sjøbotnen utanfor. Selskapet som formelt stod som eigar av området var utan kapital og under avvikling. Forureiningsstyresmaktene fekk medhald i Høgsterett i at dei kunne krevje at morselskapet utførte miljøundersøkingane.

Auka regulering og kontroll har bidrege til å redusere utsleppa av mange skadelege kjemikaliar i den vestlege verda. Store industrielle punktutslepp er redusert, og diffuse kjelder har større betydning enn tidlegare. Det er langt mellom ulukker av Sløvåg-format i Noreg. Ulukka vest i Ungarn knytt til utlekking av raudt giftig slam frå ein fabrikk som produserer aluminiumoksid, viser likevel at det også i Europa trengst styrkja tilsyn og kontroll med eksisterande produksjon.

Stadig nye stoff kjem til

Det ligg store utfordringar i at det vert produsert og teke i bruk eit stadig aukande tal på stoff og stoffblandingar og at ein finn nye bruksmåtar for desse. Nanomateriale, som har strukturar som er mellom 0,1 og 100 nanometer, har andre kjemiske og fysiske eigenskapar enn når tilsvarande materiale inngår i større strukturar.

Materialet kan gje opphav til uønska helse- og miljøeffektar. Noko stoff kjem luft- og sjøvegen til Noreg, og mykje kjem via import av varer.

Østrogenliknande stoff

Påtrykk frå media førte i fjor haust til at mange norske seljarar fjerna frå hyllene smokkar og tåteflasker som inneheldt stoffet Bisfenol A. Stoffet vert ikkje produsert i Noreg, men finst framleis i mange ulike produkt, m.a. nokre plasttypar.

«Bisfenol A har østrogene egenskaper og resultat fra en rekke studier tyder på at stoffet er hormonforstyrrende, utviklings- og reproduksjonsskadelig» (s 38).

Danmark har i år innført eit mellombels forbod mot Bisfenol A i matemballasje retta mot små born. Noreg som Danmark må følgje EU- og EØS-retten sine skrankar for kva tiltak vi her heime kan setje i verk mot miljøgifter. EU-kommisjonen har bede EU sitt mattryggleiksorgan om ei hastevurdering av dei vitskapelege argumenta som ligg til grunn for den danske vurderinga. EU-kommisjonen vil avgjere om forbodet må trekkjast tilbake eller skal godkjennast.

Utsleppa må stansast

Døma som her er nemnt er ikkje dekkjande for miljøgiftsproblema, men søkjer å illustrere kor samansette dei er. Når Miljøgiftsutvalet legg fram forslag til korleis utsleppa av miljøgifter skal stansast innan 2020, finn ein ikkje enkle, raske svar. Forslaga retter seg mot kjemikalieforvaltinga, kunnskapsbygging, forsking og overvaking.

Norge må vere aktive internasjonalt for å få ned bruken av miljøgifter. Eit viktig tiltak er å fase ut bruken av miljøgifter i produkt. Berre på denne måten kan ein unngå kronisk eksponering av befolkninga, hindre diffus spreiing av miljøgifter over store område og redusere framtidige mengder farleg avfall.

Synspunkter på miljøgiftproblemene? Kom med de i feltet under.

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Nå blir det kanal i Kanalveien

Store ting skjer på Mindemyren når Bybanen tar form.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. Funn av død person i traktor

  2. Dette sier styrelederen om Brann-trenerens fremtid

  3. Stengte tunneler skapte køer i sentrum

  4. Ti kategoriar. Femti finalistar. Dette er det beste Bergen har å by på.

  5. Ikke én hadde på seg Brann-drakt på Fotballpuben. – Fansen har resignert.

  6. Malena stilte seg opp foran bilen som kom for sent til kolonnen. Så ga sjåføren gass.