Det humanitære paradokset

Når den israelske offesiven er over, vil humanitær bistand halde liv i palestinarane og Gaza vil igjen bli prøvd gjenoppbygd.

Publisert: Publisert:
iconDenne artikkelen er over 14 år gammel

Kjersti G. Berg, stipendiat i historie ved UiB

«Det er inga humanitær krise i Gaza» uttalte den israelske utanriksminister Tzipi Livni fleire gonger sist veke. To veker inn i krigen er det rapportert at hundrevis av palestinarar er drepne under den israelske offensiven, mange av desse sivile. Ikkje bare liv har gått tapt og blitt skadd, men også infrastruktur er blitt øydelagd. Her er mangel på reint vatn, elektrisitet, mat og medisinar. Hus og bygningar som skular, universitet, moskear er øydelagde. Sjølv om utsiktene til substansielle politiske forhandlingar er dystre, er ein ting sikkert: Etter dette vil humanitær bistand igjen halde liv i palestinarane og Gaza vil igjen bli prøvd gjenoppbygd. Eit innblikk i desse mekanismane fortel om Gazas politiske, sosiale og økonomiske vilkår, internasjonal bistand og Israels strategiar overfor palestinarane.

Ein umogleg økonomi

Dei siste 18 månadene har Gaza vore underlagd ein blokade som ein israelsk reaksjon på at Hamas tok over makta i juni 2007. Resultatet var at Gaza vart utarma, men Hamas blei ikkje svekt. Arbeidsløysa har vore på nær 50 prosent, og 80 prosent av innbyggjarane avhengige av mat gjennom bistand, om lag 1.1 millionar menneske tok imot mat frå FN. I Gaza er det ikkje snakk om økonomisk utvikling, men overleving. World Bank, International Monetary Fund, US State Department og FN var alle samde, aldri hadde dei økonomiske forholda vore så vanskelege som nå.

Systematisk dekonstruksjon

Situasjonen i Gaza er politisk skapt. «De-development» er omgrepet økonomen Sara Roy (1995) har brukt for å forklare årsaksmekanismar i palestinsk økonomi. «De-development» er den medvitne, systematiske dekonstruksjonen av ein økonomi av ei dominerande makt. Det er ein kolonial økonomisk politikk som er designa for å sikre at det ikkje blir ein økonomisk base for å støtta ein sjølvstendig eksistens. Det som skil underutvikling frå «de-development», hevdar Roy, er dei spesifikke måla bak politikken. Målet er å ta frå palestinarane økonomiske og politiske ressursar, med eit endeleg mål om å fjerne dei frå landet. På grunn av dei omfattande israelske grensestengingane og den territorielle fragmenteringa, har «de-development» akselerert etter Osloavtalen i 1993. Palestinsk økonomi er ikkje avhengig av marknadskrefter eller privat sektor, men av at det blir færre israelske grensestengingar. Dette er ein fragmentert og fullstendig avhengig økonomi, dei økonomiske forholda er definerte som ekstreme. Og her kjem bistanden inn. Økonomisk kollaps har berre vore hindra av bistandspengar og sosiale sikkerheitsnettverk.

Bistand til palestinarar

Etter at Osloavtalen vart signert i 1993 var det overordna målet med internasjonal bistand til palestinarane tett knytt til fredsforhandlingane og til å byggje og styrke dei palestinske styresmaktene (PA). Om ein betra levekåra for palestinarane ville dei også blir meir positive til fredsforhandlingane, var tanken. Mange infrastrukturprosjekt vart setje i verk, og i dette arbeidet stod Norge heilt sentralt. Dette illustrerte ei tru på økonomisk og sosial utvikling for å oppnå fred, ein strategi som ikkje slo til. Palestinsk økonomi har sidan dette blitt fullstendig avhengig av bistand, og er av dei som tek imot mest bistand per capita, om lag 195 dollar per person kvart år i denne tidsperioden.

Kortsiktig bistand

Etter samanbrot i forhandlingane og den andre intifadaen i 2000 har store delar av hjelpa blitt gitt som kortsiktig bistand, som budsjettstøtte og nødhjelp. Delar av bistanden er ikkje utan politiske vilkår: Dei palestinske myndigheitene sitt forhandlingsmandat var tett knytt til bistandspengar, og då Hamas vart vald i Gaza i 2006 førte det til ein omfattande boikott i internasjonal bistand. Trass i at palestinarane har fått meir enn 12 milliardar dollar i bistand dei siste 15 åra, er den politiske situasjonen forverra, økonomien til dei fleste palestinarane vanskelegare, og offentlege institusjonar er meir fragmenterte. Også forholdet mellom Fatah, Hamas og vanlege folk er påverka.

Det humanitære paradokset

FN, gjennom United Nations Relief and Works Agency (UNRWA) har sidan 1950 gitt hus, matrasjonar, utdanning og helsevesen til tre generasjonar palestinske flyktningar etter krigen i 1948, då Israel blei etablert. Denne organisasjonen gjev humanitær bistand til meir enn 4.5 millionar flyktningar, som bur i 61 flyktningleirar i heile regionen. I Gaza er to-tredjedelar dei 1.5 millionar innbyggjarane flyktningar, og dei fleste bur tett i flyktningleirar. Det humanitære hjelpearbeidet i Gaza har dei siste vekene blitt utført under avgrensa og ekstremt vanskelege forhold.

Det som skjer i Gaza dag er diverre ikkje nytt, men eit meir brutalt utslag av ein langvarig politikk. Trass i at den fjerde Genève-konvensjonen av 1949 forpliktar Israel som okkuperande makt til å sikre velferden til sivilbefolkninga, har Israel frå 1967 og fram til i dag øydelagd palestinsk infrastruktur, og bomba og rive ned heimar og bygningar. Og det er flyktningleirane som har blitt hardast ramma. Israel ser flyktningleirane som ein trugsel, og som ein stad der terrorisme formeirar seg, og har søkt ulike strategiar for å undergrave flyktninganes legitimitet og leiranes eksistens, samstundes som dei etablerer nye fakta på bakken. På 1970-talet reiv Israel tusenvis av flyktningeheimar for å lage vegar som var breie og trygge for israelsk militære gjennom flyktningleirar i Gaza. Når dei som bur i hus som blir rivne eller bomba er flyktningar eller tek imot internasjonal bistand, får dette fleire dimensjonar. Frå 1967 til i dag har UNRWA og andre organisasjonar bygd opp igjen det Israel har rive ned, av «sikkerheitsmessige årsaker».

Israel har rive ned

På grunn av desse øydeleggingane måtte UNRWA og andre organisasjonar igjen ta det vanskelege, men eigentleg umoglege valet mellom å byggje opp det Israel har rive ned — og dermed indirekte lette okkupantens byrde og ansvar i følgje den fjerde Genève-konvensjonen - eller å la befolkninga lide aleine. Dei humanitære omsyna veg tyngst, UNRWA og andre bygde opp igjen husa, men husa som blei bygde opp etter israelske øydeleggingar, måtte plasserast på stader der Israel tillet, og dei fleste har blitt flytta.

Både den humanitære bistanden og utviklingsbistand til Gaza er del av denne problematikken. Ein infrastruktur bygd på bistandspengar etter 1993 blei bomba av Israel etter den andre intifadaen i år 2000, og bygd opp igjen gjennom bistand. I dag er den igjen mål for israelske militære aksjonar. Den humanitære krisa og den økonomiske utarminga av Gaza er ikkje eit resultat av høg folkevekst på eit lite geografisk område.

Bistand treng politikk

Dette tyder naturlegvis ikkje at ein ikkje bør gje bistand til palestinarar. Denne problemstillinga illustrerer heller kor avgrensa politisk kapasitet bistanden har under okkupasjon: bistand treng politikk for å fungere. Bistand til palestinarar har sidan 1948 stått i ei særstilling i internasjonal bistand. Her blir den brukt som smertestillande, og dei eigentlege problema blir ikkje handterte. Konflikten treng politiske løysingar, men får bistand.

Publisert: