Landet med dårlege blodårer

KRONIKK: Gamle mor Norge har eit problem med blodårene sine, som hos langtkomne røykjebein.

MÅ INVESTERE: Vi bør forvalte rikdommen vår til å investere der vi er svakast, og då merkar infrastrukturen seg ut i særklasse, skriv Harald Nes. Jan M.

  • Harald Nes

For tusen år sidan hadde riket rask og effektiv infrastruktur som sin fremste styrke. Storparten av befolkninga var tilgjengelege sjøvegen, som var tidas raskaste høgteknologiske transport. Effektiv formidling av varer, personell, kommunikasjon. Dette gav stort potensial, trass lita og spreidd befolkning.

I dag er ikkje sjøvegen like sentral, transport på land dominerer, og Norge har mista sitt fortrinn i effektivitet. Kommunikasjon kan skje digitalt og uavhengig av distanse. Men transport av varer og personell er ikkje lenger best i Europa, heller blant dei svakaste, det gjeld både kapasitet, fart og regularitet.

Naturen

Lat oss sjå korleis naturen handterer slikt. Dei mest primitive skapningane vert naturleg avgrensa av mangelfull transport: Langsam diffusjon gjennom organismen, der kvar celle må klare seg sjøl, ingen til å hjelpe med næring, oksygen, avfall.

Større skapningar har dedikerte celler for kommunikasjon og andre for transport, og kapasiteten for dette bestemmer i stor grad det samla potensialet. Dyr kan oppnå mykje, sjølv med liten hjernekapasitet, dersom dei har fungerande transportsystem. Men dominerande faktorar opp gjennom utviklinga av stadig meir velfungerande dyr, er kompleksiteten av desse to systema: Nervesystemet og blodomløpet. Kaldblodige dyr, tokamra hjarte, trekamra hjarte, så etter kvart temperaturkontroll, firekamra hjarte og stadig meir blodårer. Korfor har pattedyra overteke dominansen frå krypdyra? Korfor er katten raskare enn piggsvinet?

Idretten lærer oss den same leksa. I tillegg til nervesystemets koordinasjon, smartness og styring, er det næring og oksygenering til muskulaturen som er kritisk suksessfaktor, og hovudformål med treninga. Kommunikasjon og transport.

Mennesket

I min jobb som lege er diagnostikk av slike problem sentralt, i menneskekroppen. Kommunikasjonen er nervesystemet, mens transport er blodårene. Vi kunne trekkje mykje interessant kunnskap ut av korleis feil i nervesystemet gir store problem for kroppen, nevrologiske sjukdommar i samfunnet, men eg vil her fokusere på transportsystemet.

Kroppen sender ut blod i prioriterte pulsårer, arteriar. Dei har stor overkapasitet, for å kunne handtere krisebehov. Dei er solide, rettløpande, designa for minst mogleg motstand. Kapasitet og fart blir prioritert. Derfor avgrensa mengd forgreiningar. Ein lokal region har sjeldsynt spesielt bra tilbod sjølv om ei stor pulsåre dunkar rett igjennom. Kroppen prioriterer å gje same tilbod til alle regionar, også dei heilt perifere! Lokaltrafikken vert besørga av lokale kar ved sidan av dei store.

Norge

Her har vegbygginga lenge hatt preg av nesten diffunderande transport. Dei gamle stiane er utvida og fører frå by til by, via bygd etter bygd. Parolen er «Alle skal få, ta det berre roleg, det hastar ikkje». Nærdemokratiet er aktivt, ingen bygder vil hamne i bakleksa utanfor hovudårene, og mobiliserer frenetisk motstand mot sentralstyring av kva som er landets behov.

Resultatet? Svært variabel vegstandard med omvegar og stadig nye sentra ein skal innom. 50-, 60— og 70-soner bremsar flyten, og gjer lokale plager med støy og forureining rett inn i sentrum.

Distrikta

Slik gjer ikkje kroppen! Pulsårene går ikkje innom noko organ undervegs, men sender av greiner til lokale formål. Og klarer ikkje blodomløpet å skaffe tilstrekkeleg transport, så blir det problem lokalt, og mest i periferien. Her er viktig lærdom. E6 handlar ikkje om kva slags bygder som skal favoriserast i Gudbrandsdalen, men kva som er liv og framtid for alle bygder nordafor der!

Effektiv transport er ein kritisk faktor i all distriktspolitikk, og mest for dei fjernaste. Pulsårene skal ikkje primært betene traseen sin, men målområda perifert.

Diagnosen er altså: Arteriell insuffisens. Gamle mor Norge har utilstrekkelege pulsårer, som hos langtkomne røykjebein.

Behandling

Kva skal vi gjere? Skøyte saman dei gamle bygdevegane år for år, ruste dei opp stykkevis? Dersom ein karkirurg skulle flikke på gamle mor Norge etter denne metoden ville han raskt miste jobben: Medisinsk uforsvarleg, marginal nytteeffekt, og med stor komplikasjonsfare. Sett i medisinsk lys vil derfor Nasjonal Transportplan i stor grad bli bedømt som farleg utilstrekkeleg, inkompetent og underdimensjonert. Og ein annan litt retorisk faktor kan vi ta med: Kor stor andel av rikdommen vår brukar vi på dette, og når brukte vi mindre?

Behovet

Vi treng altså heilt nyanlagte, velfungerande pulsårer til å besørge distansetrafikken med volum og fart. For slik å berge periferien, gjere den om frå problem til ressurs. Bil, bane, båt, etter behov og effektivitet.

Vi treng rask og høg kapasitet nord-sør, vi treng vintersikker hovudåre øst-vest, vi treng å linke saman alle produserande einingar til velfungerande klynger. Dyrt ja, vanskeleg ja, kostnadsdrivande sikkert, men er det verdt det? Eller: Kva er alternativet, har vi eigentleg noko val?

Vi bør forvalte rikdommen vår til å investere der vi er svakast, og då merkar infrastrukturen seg ut i særklasse.