Kloke streikar

Det kan sjå ut som vi går mot ei rad streikar i vår. Men det er ikkje sikkert at alle desse streikane vil vere i arbeidstakarane sine interesser. Nå gjeld det å streike smart.

Publisert: Publisert:
icon
Denne artikkelen er over 20 år gammel

Streikeviljen er stor, rapporterer tillitsfolka for sjukepleiarane, lærarane og politiet. Kontrasten er ei nyss publisert undersøking som seier at berre ein av ti arbeidstakarar er innstilt på å streike. I dette tilfellet trur eg mest på undersøkinga.

DEI SOM NÅ PLANLEGG streikar, gjer vel i å bruke god tid på å diskutere om dette er eit tveegga våpen som brukt i utide fører den faglege kampen inn i ei blindgate. Det er eit interessant drag ved situasjonen både her heime og i landa rundt oss at dei tradisjonelle fagforeiningane er svært mykje meir varsame med å ta i bruk sitt sterkaste våpen. Det er dei såkalla nye gruppene og særleg dei offentleg tilsette som nå er mest hissige på å streike. Det blir noko patetisk over det når dei ustanseleg insisterer på at streikane deira blir møtt av ei bølgje av sympati frå opinionen.

Streikar er gjennomgåande upopulære. Når skolar, barnehagar, sjukehus og offentleg transport stansar, tvingar dei opinionen til å velje mellom sin identitet som brukarar av offentlege tenester og sin identitet som støttespelarar til lønns— og klassekampen. Det er heilt unødvendig å lage ei ny undersøking for å finne ut kva identitet som er sterkast hos dei fleste. Det ubehagelege med dei fleste streikane og aksjonane vi har hatt i offentleg sektor dei siste åra, er at dei i all hovudsak har gått utover vanlege folk. Arbeidsgivarane har hatt større grunn til å ta det med ro. Reduserte lønnsutgifter er alltid velkomne for den som har ansvaret for å forvalte skattepengar og det er ikkje alltid at dei får skulda for ubehaget. Dersom dette ubehaget blir stort nok, får vi så tvungen lønnsnemnd.

VI HAR ALT HATT EIN STREIK i år som godt illustrerer dette problemet. Eg følgde med interesse sjukepleiaranes aksjon i vinter. Det er ein av dei mest mislykka og resultatlause streikar eg har sett på mange år. Dersom formålet var å få blåst vekk litt av trykket frå misnøgde medlemer og markere seg i opinionen før hovudslaget seinare i vår, er eg redd at resultatet vart det motsette. Resultatlause streikar aukar alltid sinne og frustrasjonar. Etter nokre dagar med kampsongar og nyprenta T-skjorter kjem ein dyster og grå streikekvardag der mest alle som er involverte, intenst ønskjer seg ut av konflikten.

Eg har ei fortid som arbeidsgjevar. Eg har hatt meir enn min tilmåte del av streikar. Det er opplevingar eg ikkje vil ha igjen. Men det var mindre ubehageleg for meg enn for dei streikande arbeidstakarne som var utestengde frå ein jobb og ein arbeidsplass dei var glad i. Lisensinntektene kom inn, folk vart forbanna over svarte skjermar og taus radio, men eigentleg var det sterkaste våpenet dei streikande hadde at dette kunne gå utover mitt og resten av leiingas omdømme og gode rykte. I mitt tilfelle er dette eit sløvt våpen. Nå ser eg at NRK-journalistane meiner at dei har fått eit framifrå våpen i prinsessebryllupet i mai.

MI TRU ER AT LEIINGA i NRK ikkje kjem til å få samanbrot over ikkje å kunne sende frå Nidarosdomen. Men det er synd på dei mange i publikum som gler seg til denne hendinga og på dei mange NRK-tilsette som i så fall går glipp av ein utfordrande og meritterande jobb. Produksjonen av det internasjonale signalet er eit særleg problem. Men det er først og fremst dei journalistiske og tekniske programskaparane som på lengre sikt får problem dersom ikkje NRK kan gjennomføre slike utfordringar.

Eg trur eg har ein framifrå forretningsidé. Eg kunne etablere meg som konsulent for fagforeiningar og gi dei råd om korleis dei skal streike smart. Utgangspunktet må vere at det gjeld å plage arbeidsgjevaren mest mogleg og vanleg folk minst mogleg. Eg ville alliert meg med ein god advokat som kunne lose oss gjennom det vanskeleg farvatnet mellom lovleg aksjon og ordrenekt. Det er noko uendeleg fantasilaust over dagens streikar. Som tidlegare arbeidsgjevar har eg nokon idéar om kva som verkeleg svir. Eg ville brukt mykje tid på å diskutere ein mediestrategi. Også der er dagens streikegeneralar nokså tradisjonelle.

MITT TRUVERDE I EIN SLIK JOBB er at eg er ein varm tilhengar av streikeretten. Eg er også overtydd om at det er meir og ikkje mindre bruk for fagforeiningar i det samfunnet vi nå går inn i. Skal streikeretten forsvarast, gjeld det å unngå å bruke han slik at Thatcher og andre statsleiarar har fått opinionens støtte for sterk innskrenking av fagforeiningsmakta. Eg har sett så mykje av såkalla moderne arbeidsgjevarar, at eg veit at deira hovuddagsorden er den gamle: Det gjeld å velte det meste av risiko og ubehag over på den einskilde arbeidstakaren. Kollektivavtalane fører oftast mest til bry og unødig tidsbruk. Å overlate meir av ansvaret for velferd og tryggleik for dei tilsette til slike arbeidsgjevarar, er som å bruke kong Herodes som ideal for spedbarnsstell. Den arbeidsmarknaden vi nå er på veg inn i, reduserer ikkje behovet for kollektivt vern for den stakkars einskilde arbeidstakaren. Den leksa har sjølv dei mest suverene IT-genia lært dei seinaste månadane.

MITT FØRSTE RÅD til fagforeiningane er at dei burde knytte mindre av sine krefter og sitt eksistensgrunnlag til dei kollektive lønnsavtalane. Sjølv dei tilsette i svært tradisjonell offentleg verksemd veit at system med meir individuell og differensiert lønn gir betre utvegar til auka inntekt enn det gjennomregulerte forhandlingssystemet som nå er i gang og som meir enn nokon gong er prega av at alle arbeidstakargrupper og alle fagforbund vaktar på kvarandre. Men arbeidsoppgåvene elles når det gjeld å ivareta tryggleik og interesser hos arbeidstakarane er ikkje blitt mindre utfordrande enn før. Større vekt på slike interesser kunne kanskje til og med føre til auka organisasjonsprosent og ikkje som nå der den er fallande.

MITT FAVORITTEKSEMPEL på ein smart streik er ein aksjon som dei offentleg tilsette gjennomførte i Brussel for eit par år sidan. I staden for tradisjonelt å stanse trikkar og bussar stengde dei billettkontora, inviterte folk gratis om bord og køyrde som aldri før. I staden for å få dagen øydelagd, reiste takksame passasjerar gratis og lovpriste ein populær aksjon. Det er slik fantasi det nå er bruk for. Elles slepp arbeidsgivaren altfor lett.

Streik bør vere eit kraftfullt og verdfullt våpen. Derfor må dei som brukar det, kontinuerleg drøfte effekten. Ein interessant parallell har vi i økonomiske sanksjonar. Dersom Saddam Hussein elegant overlever og omgår sanksjonane medan titusenar irakiske born døyr av mangel på mat og medisinar, er det kanskje på tide å drøfte også desse. Det er hovudlaus radikalisme å gå ut frå at streik og økonomisk sanksjon alltid er bra. Det er resultata som tel.

EINAR FØRDE

Publisert: