Korleis bokmål og nynorsk vart til

På 1700-talet såg ein på dansk og norsk som variantar av det same målet, og i 1814 var norsk språk dansk.

NAPOLEONSKRIGANE VERKA INN: Danmark-Noreg tok del i Napoleonskrigane på fransk side. Blokaden i Nordsjøen og Skagerrak som følgde vart særs viktig for utviklinga av ei eiga norsk offentlegheit, truleg undervurdert i historieskrivinga, skriv Sylfest Lomheim. På måleriet ser vi Napoleon (fremst) etter nederlaget ved Laon i mars 1814. Måleri: Jean-Louis-Ernest Meissonier (1864)

  • Direktør I Norsk Språkråd
  • Sylfest Lomheim
    Professor i språk, Universitetet i Agder
Publisert:

Først etter 1830 fekk tanken om eit norsk folkemål vind i segla, skriv Sylfest Lomheim i sin omtale av Samlaget sitt nye språkverk.

Nordmenn er klar over at me har ein spesiell språksituasjon. I røynda finst det knapt maken. Me har eitt norsk talemål, i variantar og målføre (akkurat dét er såre vanleg), men hos oss har me to ulike skriftstandardar av dette talemålet. Og det er eineståande internasjonalt. «Ja, er det ikke det vi alltid har sagt; to sprog må da være totalt meningsløst!» Vel, det er nett her mange nordmenn er for kjappe med sin dom, for internasjonale lingvistar hevdar i fullt alvor at det ikkje berre er ein interessant språksituasjon, men på mange måtar ei fornuftig og smart skriftspråksløysing.

Andre land kunne med fordel prøvd det same, skriv såleis den engelske språkforskaren Peter Trudgill.

Interesse for folkespråket I denne kronikken skal eg ta føre meg ei nyleg utkomen bok som drøftar bakgrunnen for vår spesielle situasjon. Dei som vil forstå korleis Noreg hamna i den omtalte situasjonen, må gå bakover i historia. Jens Johan Hyvik (fødd i 1972) har gjort det. Han har avslutta eit stort forskingsprosjekt som no har kome ut på Samlaget i bokform. Boka heiter «Språk og nasjon» og handlar om perioden 1739-1868. Årstala er sjølvsagt ikkje tilfeldig valde: 1739 var året då det vart innført «almueskole», og i 1868 skipa ein handfull målmenn forlaget Samlaget i Christiania, med Ivar Aasen, Aasmund Olavsson Vinje og Hagbart Emanuel Berner (seinare grunnleggjar av Dagbladet) blant dei frammøtte.

Ut på 1700-talet vakna interessa for både folkespråket og dansken («Fellessproget») i dei to rika. Dansk skrift fekk gradvis prestisje. Tidlegare var det tysken som hadde prestisjen, også i Danmark. Så seint som på slutten av 1700-talet vart den danske statskalenderen berre trykt på tysk. Og tysk var kommandospråket i hæren.

Verken Aasen eller Knudsen hadde styresmaktene i ryggen

Anarki på 1600-talet Med meir bruk av dansk i det offentlege kom det òg eit press i retning av meir stabil og fast rettskriving. På 1600-talet var det, som me ser i tekster frå den tida, nærast ortografisk anarki. Me skal altså merka oss dette: I lange periodar av det me norske kallar «dansketida», vart dansken ikkje verdsett i det heile — heller ikkje i Danmark!

Det er såleis typisk at då det i 1743 vart det sendt rundt spørjeskjema til amtmenn i begge rika, dreia eit av spørsmåla seg om «Folkesproget», altså dialektane. På 1700-talet tok dei første ordbøkene til å koma òg. Erik Pontoppidan kom med Glossarium Norvagicum i 1749 og Jacob Nicolai Wilse med Norsk ordbog i 1780. I 1760 vart Norske Videnskabers Selskab skipa i Trondheim, den tids viktigaste norske institusjon for vitskapleg interesse - før universitetet kom i Christiania i 1811. Lytt til bøndene Medan det på 1500-talet og 1600-talet framleis fanst medvit om eit genuint norsk folkespråk, skjedde det altså noko på 1700-talet. Då kom det «en ny tale om fellesskap mellom dansker og nordmenn i målveien» (Didrik Arup Seip, 1921). Ein byrja sjå på dansk og norsk meir som variantar av det same målet. Førande menn i tvillingrika tok til orde for å dyrka det som skulle vera «Fellessproget».

Den nemnde Wilse (jf. ovanfor) skreiv uttrykkjeleg at norsk burde tena til å reformera det danske skriftspråket. Også Laurents Hallager, som i 1802 gav ut Norsk Ordsamling, den største norske ordboka før Aasen, var av same oppfatning. Desse våre første språkgranskarar meinte bestemt at i ein slik prosess burde ein vekk frå byane og lytta til bøndene sitt talespråk.

Ei eiga norsk offentlegheit Englands åtak på København i 1807 drog Danmark-Noreg inn i Napoleonskrigane på fransk side. Blokaden i Nordsjøen og Skagerrak gjorde at perioden 1807-1814 kom til å bli særs viktig for utviklinga av ei eiga norsk offentlegheit - truleg undervurdert i historieskrivinga. I desse åra vart ei beskjeden, men aktiv presse etablert.

Då Noreg så kom fri frå Danmark i 1814, skaut denne utviklinga fart. Men i det språklege stod dansken om mogeleg endå sterkare i dei første åra i union med Sverige enn tidlegare. Grunnloven, vedteken på Eidsvoll 17. mai 1814, justert seint i november same år og godteken av svenskane, var med si danske språkform meint å vera ein garanti for kulturelt sjølvstende i den nye unionen.

Dansk var «norsk» Ingen i dei førande miljøa i Noreg etter 1814 var i tvil om vårt skriftspråk skulle vera dansk. Ein kan til og med i ettertid konstatera eit forsøk på språkleg kupp i § 33 i Grunnloven, der det står om forvaltninga at alle saker skal «forfattes i det Norske Sprog». Det dreia seg om dansk! Det nystarta universitetet i Christiania brukte òg «Norsk Sprog» i ei fråsegn i 1815 om vitskaplege publikasjonar. Dansk var «norsk» og brukt som brekkstong for uavhengigheit.

Ein verkeleg norsk språkpolitisk debatt kom ikkje i gang før etter 1830, med bl.a. Wergeland og Welhaven. Welhaven kjempa for sambandet med dansk språk og kultur. Wergeland ville i «Om norsk Sprogreformation» (1835) ha eit nytt norsk språk. Departementet var, som Hyvik peiker på, ikkje interessert i verken reformer eller språkpolitikk, men gjorde det i 1838 klart at skriftspråket skulle følgja «den sædvanlige Methode».

Ivar Aasen fekk støtte Reformkreftene var likevel sterke, dei hadde støtte i mektige miljø, og då ein ung gåverik sunnmøring ville samla inn tilfang frå norske talemål med sikte på eit nytt norsk språk, var vitskapsselskapet i Trondheim lutter øyre. Ivar Aasen fekk i 1842 både pengar og godord med på vandringa.

Etter kort tid - etter 1850 - kom det til kniving mellom to grupperingar blant dei reformivrige: dei som ville etablera eit skriftspråk på basis av mange dialektar (Aasen-linja), og dei som ville etablera eit skriftspråk ut frå éin dialekt, det såkalla «dannede Talesprog» (Knudsen-linja).

To radikale synspunkt I 1850-åra markerte nemleg overlærar Knud Knudsen seg som ein konsekvent talsmann for gradvis fornorsking på basis av bytalemåla. Verken Aasen eller Knudsen hadde styresmaktene i ryggen; begge vart oppfatta som radikale.

Men i utgangspunktet (det gløymer mange i dag) hadde Aasen meir sympati i tonegjevande miljø utover i 1850-åra enn det Knudsen hadde. Først når me nærmar oss 1870, endrar dette seg, og der sluttar Hyvik si framstilling, med skipinga av Samlaget.

Ein imponerande innsats Dette er hovudtrekka i ei imponerande bok på over 400 sider. Personleg tykkjer eg språket i boka framleis er noko prega av den akademiske ordlegginga som me er vane med å finna i avhandlingar. Det er også somme stader sjenerande kommafeil, og noko uventa er det å lesa fleire gonger om «fokus» som både veks og aukar. Slikt kunne forlaget ha luka bort.

Men ikkje noko av dette må skyggja for den imponerande innsatsen som den lovande forskaren Hyvik har gjort. Han legg fram eit bokverk som er gjennomarbeidd, interessant og linjerikt, med balansert drøfting av stridsemna. Verket dekkjer den perioden på om lag 130 år (frå 1739 til 1868) då røtene til vår moderne språkhistorie voks seg sterke.

Synspunkt? Bruk kommentarfeltet: