Libya etter Gaddafi

Dei allierte maktene ser ut til å stå fast på at det ikkje er plass til Gaddafi i framtidas Libya. Men korleis kan Libya kome til å sjå ut etter han?

Publisert Publisert

GADDAFI OG AL QAIDA: Gaddafi, som alltid har vore ein god alliert med USA og CIA når det gjeld al Qaida – dei hatar han, og han hatar dei – har også spelt stort på dette. Opprørande har skapt eit islamistisk emirat der borte i Benghazi, påstår han. Nokon har sett fyr på biletet av han under opprøret. Foto: PHILIPPE WOJAZER, REUTERS (ARKIV)

  • Knut S. Vikør
iconDenne artikkelen er over ni år gammel

Krigen i Libya ser ut til å bli ein stillingskrig. Vi veit ikkje kva utfall krigen vil få, men dei allierte maktene ser ut til å stå fast på at det ikkje er plass til Gaddafi i framtidas Libya. Men korleis kan Libya kome til å sjå ut etter Gaddafi? Det er eit spørsmål som uroar både dei allierte, som ikkje veit heilt om dei støttar opprørande eller berre beskyttar dei. Det har heller ikkje noko klart svar, krigens gang vil klart ha mykje å seie for det, t.d. i kva grad krefter som i dag støttar regimet blir del av ei framtidig fredsløysing. Men vi kan alt sjå nokre viktige element, vi veit berre enno ikkje korleis dei vil ha innverknad.

Aust mot vest

Opprøret mot Gaddafi hadde frå starten støtte aust og vest i landet, men det vart klart sterkast i Cyrenaica i aust, det var også der dei tok til våpen først. Den geografiske motsetninga i Libya er grunnleggjande, landet oppstod eigentleg først i 1911 da italienarane invaderte området. Det var beduinane i Cyrenaica som styrte motstanden, og dei fekk si løn da FN gjorde Libya til eit sjølvstendig kongedømme i 1951: Emiren av Cyrenaica, Idris al-Sanusi, vart konge av Libya og bygde styret sitt på aristokratiske stammeleiarar i aust. Da Gaddafi tok makta i 1969, hadde han derfor ei djup mistru til dei i aust, som vart forfordelt både i pengar og makt. Opprørstrangen har derfor heile tida vore sterkast i aust.

Men dette er også den tynnast befolka delen av landet. Langt dei fleste libyarar bur i vest, i Tripolitania. Ein stabil libysk stat kan ikkje byggast berre på den austlege delen som nå er styrt av det nasjonale overgangsrådet i Benghazi. Dei hevdar å ha kontaktar og støtte i vest, men dette er ukjent. Fleire land har alt omtykt rådet som representant for Libyas folk, men det er dei heilt klart ikkje, iallfall ikkje ennå. Eit kommande Libya må ta høgde for dei regionale forskjellane i landet og ha sitt tyngdepunkt i dei folkerike delane som nå er under Gaddafi-styrets kontroll. Det noverande rådet i Benghazi kan bli ein del av det kommande styret, men det kan ikkje bli aust-libyarane åleine som tar over makta eller dominerer det nye styret.

Stammene

Dette er også knytte til det mystiske omgrepet stammer. I Libya er stammene heilt sentrale, nesten alle hører til ei stamme og legg vekt på det (i ei undersøking kjende over 90 prosent av studentane seg som del av ei stamme). Men vi veit ikkje heilt kva dei legg i det. Det er store forskjellar mellom stammene, og det er ikkje slik at dei er troppar som kan kommanderas ut i kamp – ein finn dei same stammene både mellom opprørande og dei regimelojale.

Gaddafi har også prøvd å manipulere stammene ved å trekkje dei inn i sitt styresett. Det har skapt lojalitetar, og det viktigaste ved stammebanda er nettopp lojalitet og solidaritet. Ein støtter sin stammefelle i ein konflikt utan å få ordre om det, fordi det er ein slektning. Dette kan vere viktigare enn eigne politiske oppfatningar og føre til lojalitet til det gamle regimet dersom det er godt for stammen. Men det må ikkje vere slik, andre omsyn kan for nokon vere viktigare, og stammeleiarar som samarbeider med Gaddafi-styret kan ha mista autoritet hos dei som set regimemotstand over stammebanda.

Islam

Her vil det heilt klart finnast mange ulike svar. Kanskje kan nokon slike stammeband bli viktige i eit nytt styre, kanskje ikkje; kanskje vil det virke positivt og få folk til å halde saman (for eksempel forsvare seg mot anarki og brotsverk), kanskje vil det virke negativt og føre til rivalisering mellom stammene. Igjen vil stammenes rolle i den pågåande krigen ha mykje å seie for kva rolle dei vil kunne spele etter at den er over.

Kanskje det som utlendingane er mest usikre på og fryktar mest, er islamismen. Ein av dei fremste leiarane i al Qaida heiter jo al-Libi, libyaren, og CIA meiner å ha sett glimt av al Qaida-aktivitet på opprørstida. Gaddafi, som alltid har vore ein god alliert med USA og CIA når det gjeld al Qaida — dei hatar han, og han hatar dei - har jo også spelt stort på dette, opprørande har skapt eit islamistisk emirat der borte i Benghazi, påstår han.

Akkurat nå ser det ikkje ut til å vere noko stor fare for det. Men det er rett at islamisme har spelt ei rolle i kampen mot Gaddafi dei siste par tiåra. Gaddafis styre har vore heilt sekulært, bygd på hans eigen politiske ideologi, og han har vore ganske fri til å tolke islam slik det passar han (t.d. avviste han ein periode heile sunnaen, tradisjonane etter profeten Muhammad, som oppspinn).Derfor har islamske teologar vore ganske skeptiske, og å forsvare islam har vorte eit av slagorda til opposisjonen. Det moderate muslimske brorskapet vart tidleg utrydda, men midt på 1990-talet oppstod det meir radikale islamistiske geriljagrupper i Aust-Libya som ville ta livet av Gaddafi i 1996. Regimets svar var effektivt, før tiåret år var omme var denne geriljaen knust. Dei overlevande vart fengsla eller reiste i eksil. Nokre av desse siste opptredde ei tid saman med Qaida-folk, men det oppstod raskt eit brot mellom dei, libyarane var mest oppteken av slåst mot Qadhafi, ikkje mot resten av verda.

Samla front

For tre år sida kom det til ei forsoning, forhandla fram av Gaddafis son Sayf al-Islam. Dei fengsla tok avstand frå valdsbruk, bad om orsaking for attentatforsøket og vart slept fri. Mange i eksil avsverga også valdsbruk og kom tilbake. Dei fleste av desse held likevel på ønsket om ei islamsk retning i samfunnet. Mange av dei har nå slutta seg til opprørande, og nokre har fått leiande posisjonar. Ikkje i Opprørsrådet direkte, det er dominert av liberale sekulære, men i byar som Derna står islamske krefter sentralt. Men ulikheitane mellom islamske og sekulære er nå underordna kampen mot Gaddafi, og alle avviser, truleg med rette, nokon kontakt med al Qaida. Dei fleste av dei helsar vestleg støtte velkommen, mens al Qaida har oppmoda til krig også mot NATO.

Utgangen i Libya er framleis usikker. Men det er truleg at element som desse vil vere viktige i utviklinga av det samfunnet som må kome etter krigen.

Diskuter saka under:

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Drapssiktet student avhørt: – Han har det vanskelig

Mandag fremstilles 19-åringen for varetekt.

LES SAKEN

Sakene flest leser nå

  1. Avslutter lokale koronatiltak i Bergen

  2. Drapssaken i Åsane: Foreløpig obduksjons­rapport klar

  3. Bergensere skal bygge ut Sentralbadet: – Dette er en viktig jobb

  4. Mener italienerne stiller ett krav til Hauge: – Ellers blir han aldri akseptert

  5. Tiltalt dommer gråt i retten

  6. «Bussbransjen må setje bremsene på for sjefslønene sine»