Bevaring i den moderne byen

Trass i leiaren Morten Ramm Salbu sitt syn er det truleg ei utbreidd haldning i Bergen Arkitektforening at ein ønskjer å ta vare på den historiske byen. Bra er det.

Publisert:

Av Per Morten Ekerhovd, fylkeskonservator

Ein må helse debatt om kulturminnevern og byutvikling velkommen. Det er viktige tema som gjeld alle innbyggjarane. I BT 27. oktober har leiaren for Bergen Arkitektforening tatt seg tid til å kikke opp frå teiknebordet og servere refleksjonar omkring utvikling av Bergensarkitekturen. Han er mellom anna oppteken av kulturminnevernet.

Morten Ramm Salbu meiner å sjå at Bergen sine arkitektoniske ambisjonar har stranda. Årsaka finn han i den historiske byen som diverre står i vegen for berekraftig byutvikling og byfornying. Han ser klare og lovmessige samanhengar som mellom anna fører til at «bykjernen skal skiftes ut enten vi vil eller ei».

Ikkje rådande ideologi

Eg trur mange er glade for at denne haldninga ikkje er rådande ideologi når det gjeld byutvikling i Bergen. Om reaksjonane etter brannane i Sandviken er representative trur eg at dei fleste vil ta vare på byen. Trass i leiaren sitt syn er dette truleg også ei utbreidd haldning i arkitektforeininga. Bra er det. Mange av medlemmene har før Salbu si tid gjort mykje godt arbeid for å ta vare på det som er ein av dei flottaste historiske byane i Europa.

Diskusjonen viser til ein gammal motsetnad innan arkitektur og planlegging; pendelen som svingar mellom bevaring og utvikling. I restane av det utbomba og brende Europa vaks det etter 1945 fram ei internasjonal rørsle. Tapet av den historiske byen pga. krigsøydeleggingar eller bygging av nye område vart ein hovudpremiss for kritikken av modernismen i arkitekturen. Store rekonstruksjonsprosjekt vart sett i gong i fleire av dei europeiske byane.

Ei av følgjene var at omsorga for samanhengar i den historiske byen vart til ein del av repertoaret i moderne arkitektur. I tillegg vart bevaring av kulturminne sett som eit viktig felt i den offentlege politikken.

Det moderne prosjektet

For at det moderne prosjektet i arkitekturen i det heile skal vere mogeleg treng ein eit oppegåande kulturminnevern. Dynamisk byutvikling skjer i samspelet mellom bevaring og utvikling. I Noreg vart ein tidleg merksam på dette og i Bergen skjedde utbygginga av Landås samstundes med etablering av bevaringsområde inne i byen. Det eine gjorde det andre mogeleg.

Det er også verd å minne om forhistoria på Bryggen. I 1962 gjekk bergensarane i tog for å rive det slumprega området. Heldigvis fekk dei ikkje viljen sin. 17 år seinare, i 1979, vart Bryggen ført opp på UNESCO si verdsarvliste. Likande slag vart kjempa for mange av dei historiske bydelane: Marken, Nordnes, Fjellsiden og Sandviken.

I staden for Salbus ide om «innfill» og moderne regulering valde ein bevaring som utviklingsstrategi. Det var vellukka. Få kan med handa på hjartet seie at dei er lei seg for at sentrum av Bergen framleis kan opplevast som ein historisk by. I dag er fokuset i stor grad knytt til dei mange enkeltsakene.

Omforming i randsonene

Stort sett er presset mot sentrum i dag til å leve med. Drivkreftene bak endring av byen har andre konsekvensar enn før. I vår tid skjer omforming og produksjon av ny arkitektur først og fremst i den historiske byen sine randsoner.

Utflytting av sentrumsfunksjonane til forstadene og nabokommunane stiller heilt nye spørsmål og krev og andre svar enn dei som Salbu prøver å gje. I dei nye bydelane vert omgjevnadene endra frå jordbruksland og sovebyar til travle sentra med handel, arbeidsplassar og bustader. Kvaliteten er vekslande. Ser ein nærare på Loddefjord, Straume, Åsane og Lagunen er det grunn til å spørje kor arkitektforeininga var då lange transportavstandar, overdimensjonerte parkeringsanlegg, lagerhallar og vindfulle uteareal utan menneske vart til dominerande trekk ved bergensarane sine kvardagsliv.

Mange av medlemmene sat kanskje på kontora sine inne i den historiske byen medan dei drøymde om studieturar til Toscana, Barcelona og Roma?

Meiningsfulle samanhengar

I motsetnad til det Salbu skriv viser all erfaring at berekraftig byutvikling i særleg grad må handle om endringsområda i utkanten av byane. Denne innsikta har dei teke på alvor i Norwegian Wood, Stavanger si arkitektursatsing i kulturbyåret 2008. Gjennom ei serie framtidsretta tiltak vert materialbruk, energispørsmål og nye buformer diskutert. Få, om nokon, av prosjekta i Norwegian Wood er bygde i historiske omgjevnader. Dei ligg ikkje inne i den gamle bykjernen, men først og fremst i randsoneområda. Felles for alle er at dei former nye og meiningsfulle samanhengar for menneska i desse tidlegare ikkje-stadene.

Bergen Arkitektforening meiner at me treng «premisser for moderne liv og røre som motiverer for et aktivt næringsliv og en god bydel å bo i». Ein må tru at Bergen sentrum kjem desse krava i møte. Når den historiske byen forsvinn står ein likevel overfor tap av ikkje-fornybare ressursar. Ein kan ikkje gjenskape historia, men ein kan gjere skadeverknadene av slike tap mindre. Forma på nye tiltak er avhengig av lokale tilhøve og det er like mange svar som oppgåver.

Berekraftig byutvikling

Korleis skal ein så forme tiltak i den historiske byen? Først og fremst er det eit bevisst formande grep å ta vare på kulturminna. Godt kulturminnevern er del av ei berekraftig byutvikling. I Sandviken står me framfor diskusjonen om kva form gjenoppbygginga på branntomtene skal få. To eksempel kan illustrere val av løysingar: Etter ein brann for få år sidan i eit av kvartala i Nordre gate i Trondheim valde ein å gjenskape kvartalsstrukturen, volumtilhøve og romforløp. Konstruktive element og detaljar i fasaden vart skapte som nye formar. Framfor hotellet på Bryggen valde ein å rekonstruere trefasaden medan bygningen vart reist som betongkonstruksjon. Dei to eksempla er ulike, men begge gjev gyldige svar på problemet.

Omsynet til heilskapen

I Skuteviken brann fire sjøbuer ned. Omsynet til heilskapen vil etter vårt syn krevje andre svar enn ved Lehmkuhlboden lenger ute i Sandviken. Lehmkuhlboden vart lenge før brannen teken ut av den historiske samanhengen. I Skuteviken skal to av bodene setjast i stand, medan dei to som er totalskadde skal byggjast for å sikre heilskapen i rekkja av sjøbuer. I Lehmkuhlboden vert kanskje ikkje detaljane så viktige.

Det er denne diskusjonen me no er gått inn i med Bergen kommune og eigarane. Utforming av tiltaka er i alle fall ei utfordrande oppgåve for arkitektane. Sjølv om leiaren for foreininga ikkje ser seg tent med denne typen oppdrag er det heldigvis fleire dyktige fagfolk i Bergen som meistrar denne typen oppgåver og som kan gjere det til meir enn eit spørsmål om detaljar i fasaden.

Publisert:

Foto: SIMEN GRYTØYR (ARKIV)