Velferdsstaten og det liberale mistaket

Kva er det politikarane ikkje ser når velferdsstaten blir oppfatta som ein frittsvevande modell for økonomiske overføringar og når samfunnsborgarane blir oppfatta som sjølvtilstrekkelege individ?

  • Uib
  • Filosofisk Institutt
  • Senter For Vitskapsteori
  • Professor Emeritus
  • Gunnar Skirbekk

Ingen politiske parti går imot velferdsstaten her i landet. Det er ulike syn på finansieringsmåten og prioriteringane. Men ingen er imot velferdsstaten. Tvert om. Partia stridast om kven som var først ute og kven som er best i velferdspolitikken.

Men samtidig er det få andre land, utanfor Nordvest-Europa og dei nordiske land, som har lykkast med å få på plass ein generell og sjenerøs velferdsstat. Og mange vil rett og slett ikkje ha det, slik debatten om helsereformene i USA har vist. Så dersom den nordiske velferdsstaten er ein så vellykka modell, kvifor er det så få andre som tar over modellen og som får han til å fungere i eige land? Mangel på pengar? Kanskje det, men grunnmønsteret for den norske velferdsstaten var på plass alt i mellomkrigstida, før oljepengane og velstandsauken.

Den nordiske velferdsstaten

Så korleis kan det ha seg? Kan det vere noko særeige ved samfunnsprosessane i denne delen av verda? I alle fall dette: På 1800-talet har vi her til lands eit spenningsfullt samspel og gjensidige læringsprosessar mellom ein universitetsutdanna embetsstand, særleg juristar og teologar, og folkelege rørsler, frå Hans Nielsen Hauge over Marcus Thrane til Søren Jaabæk; og fram mot innføringa av parlamentarismen oppstod det etter kvart ein viss grad av gjensidig tillit, trass i politisk strid med klassekamp og sosiokulturelle motsetningar. Derfor kunne embetsmennene i 1884 «abdisere» utan frykt for eigen person eller for samfunnets ve og vel.

Slik tillit kan ikkje vedtakast, kan heller ikkje påførast utanfrå. Det må erfarast av dei det gjeld. Og utan tillit til motstandarane som personar og til lover og institusjonar vil demokratiske val med vekslande regjeringar ikkje fungere særleg godt. Tillit, ved gjensidig anerkjenning og allmenn opplysning, er «førpolitiske» vilkår for ein kompromissvillig og egalitær politisk kultur.

Dermed var viktige vilkår på plass for utviklinga av ein velferdsstat med generelle og sjenerøse ytingar. På denne bakgrunnen er det rimeleg å forstå den norske velferdsstaten ut frå fire distinkte kjenneteikn: 1. trygdeordningar og materiell omfordeling, 2. sosialpolitiske lover (frå arbeidsforhold til barns levekår, jf Castbergs lover tidleg på 1900-talet), 3. felles grunnskule og allmenn folkeopplysning og 4. ein egalitær politisk kultur basert på tillit og allmenn solidaritet.

Alt dette oppstod ikkje som eit politisk mirakel, etter siste verdskrig. Det har lange historiske røter.

Forpliktande deltaking

Og i dag? Korleis forpaktar vi dette? Korleis integrerer vi nye generasjonar og nye landsmenn inn i denne fellesskapen? Alle skjønner at moderne personar, i ein demokratisk velferdsstat, må forhalde seg lojalt til gjeldande lover og allmenne prinsipp for ein demokratisk rettsstat. Når dette er på plass, er det fritt fram for den enkelte til å forme sitt liv og sine meiningar. Allmenne rammer er eit vilkår for fredeleg mangfald og gjensidig læring.

Vel og bra. Men det er også dei som til dømes legg eit skarpt skilje mellom integrering og assimilering. Det første gjeld allmenne prinsipp, det andre gjeld kulturell identitet og verdiar. Ofte blir det vist til USA. Men i ein nordisk velferdsstat, basert på grunnleggjande tillit og på tiltru til organiserte løysingar og folkeopplysning og til dugnadsånd og forpliktande deltaking, er det meir komplisert enn som så.

Den nordiske velferdsstaten krev eit heilt anna engasjement. Det todelte begrepsskjemaet, med allmenne prinsipp på den eine sida og frittsvevande og sjølvvalde verdiar på det andre, er for enkelt. Det finst eit tredje. Det omfattar dei dygder og danningsprosessar som må på plass om eit nordisk velferdssamfunn skal fungere. Det er tale om eit danningsprosjekt som gjer folk til myndige menneske, til autonome personar i eit moderne samfunn.

Høgresida er glad i denne retorikken. Men dette begrepsskjemaet botnar i ein utilstrekkeleg modell om kva det vil seie å vere ein person

Utdanning og opplysning

Det er mange som opererer med eit enkelt begrepsskjema med fridom som val på marknaden ut frå private preferansar, på den eine sida, og kollektive forordningar ved statleg styring, på den andre. Høgresida er glad i denne retorikken. Men dette begrepsskjemaet botnar i ein utilstrekkeleg modell om kva det vil seie å vere ein person.

Demokrati, og særleg når dei i tillegg er uoversiktlege risikosamfunn, krev opplyste personar som forstår kva dei gjer og som står til ansvar for det dei gjer. Utdanning og folkeopplysning er påkravd for slike samfunn. Dette er ei oppgåve for kvar einskild, samtidig som det er ei oppgåve for det offentlege å leggje til rette for slike danningsprosessar. Tileigninga kan skje på forskjellig vis; det er ikkje tale om alt eller inkje; og korleis det kan og bør skje, vil vere opp til drøfting i dei ulike tilfelle.

Ansvarlege personar

Med andre ord, pågåande danningsprosessar for i større grad å bli innsiktsfulle og ansvarlege personar inngår som ein føresetnad for moderne demokrati. Dette står i motsetning til det å forstå seg sjølv som eit sjølvtilstrekkeleg individ som utan vidare veit og kan det som det er verdt å vite og kunne.

I eit velferdsregime er det ein fare for å betrakte normale personar som klientar utan evne til å ta ansvar for eige liv — eit paternalistisk mistak. Men i ein demokratisk velferdsstat er det også ein motsett fare: å betrakte personar som meir innsiktsfulle og ansvarlege enn det er grunnlag for. Derfor framstår modellen om sjølvtilstrekkelege individ, som ofte florerer i rettsleg og økonomisk teori, som eit formalliberalt mistak som lett fører til at den enkelte stiller for svake danningskrav til seg sjølv og at det offentlege fører ein svak kultur- og utdanningspolitikk.

Kor lenge var Adam i Paradis og Jeppe i baronens seng?

Det beste land å bu i?

Ja, tru det. Men la oss vere ærlege. Ofte framstår vi for andre som naive og korttenkte. Sant nok, til så lenge kan vi slumre og duppe av, i vår oljerikdom og med vår begrepsfattigdom. Men kor lenge? Kor lenge var Adam i Paradis og Jeppe i baronens seng? Likevel, mangt er verre andre stader. Derfor kan det vere på tide å summe seg over det som er nedfelt som grunnleggjande erfaringar og institusjonar frå vår skandinaviske historie, og med tanke på det som vi står framfor.

I ei problemfylt framtid vil dei allmennpolitiske og kulturelle føresetnadene for velferdsstaten bli sette på prøve. Politisk stabilitet og materielle ressursar er avgjerande for eit berekraftig velferdssamfunn. Men samtidig blir det stilt krav til samhald og medansvar og forpliktande deltaking, blant opplyste og myndige samfunnsborgarar. Utan dette vil velferdsstaten forvitre.

Kommentarer? Vennligst bruk feltet under!