Me kan visst bli sjuke av både for lite og for mykje kroppsvask

På 1800-talet avgrensa ein seg gjerne til full kroppsvask ein gong i året, og det var til jul. Men menn med eit embete vaska andlet og hender kvar dag.

FOR OFTE: På same vis som det er kampanjar som viser kor skadeleg røyk er, så er det sikkert mogeleg å finne eksempel på at personar som dusjar ofte har tørr og sår hud, og slikt kunne brukast som verktøy i kampanjar for sjeldnare dusj. Paul S. Amundsen / Frilans

Jeanne Boge

I mellomalderen var det mange offentlege bad i Europa, og dei aller rikaste kunne ha private bad i husa sine. Verken private eller offentlege bad hadde hygiene som formål.

Ein bada for velvære sin del, og både menn og kvinner var nakne. På grunn av alle utskeiingane som fylde med, blei det sett i verk politiske kampanjar for å få slutt på desse badepraksisane. Det blei hevda at vatn kunne trengje inn i kroppen og forårsake dei verste sjukdommar. Trugsmålet om sjukdom hadde effekt, så då Eilert Sundt gjorde studien Om Renligheds-stellet i Norge på 1860-talet, avgrensa ein seg gjerne til kroppsvask ein gong i året, og det var til jul.

Jeanne Boge UIB

Å førebu seg til jul med å bade var det siste reingjeringsritualet før høgtida. Husbonden bada først, deretter borna og til slutt tenestefolket. Når ein gjekk ut av badestampen og tok på seg reine klede, så var det med på å skapa ei høgtideleg stemning. I førevegen var huset vaska og reine sengklede var lagt på sengene. Etter badet gjekk ein rett inn i vinterstova og då var det jul. Mange stader vart julevasken utført i fjøset, der det gjerne var eldstad og stor gryte, og der gjorde det heller ingen ting om ein sølte vatn på golvet. Enkelte stadar hadde dei slutta med karbad, men dei kunne likevel vaske heile kroppen til jul ved å vaske overkroppen først og så underkroppen.

På 1860-talet vaska ikkje norske menn og kvinner seg for velvære eller hygienen sin del, men for å vise Gud og medmenneske respekt. Hovudregelen var at ein vaska seg når ein skulle pynte seg. Det innebar at arbeidsfolk som hadde grovt arbeid berre vaska seg om laurdagen, når dei skulle pynte seg til søndagen. Innimellom vaska dei hendene om dei blei skitne. Skulle det derimot oppstå gravferd, bryllaup, fattigkommisjons- og formannskapsmøte, anna ærend blant framande, eller om ein venta besøk av folk som ein måtte gjere ære på, var skikken at ein måtte vaske synlege kroppsdelar, greie håret og pynte seg. Menn med eit embete vaska andlet og hender kvar dag.

Medan arbeidskarar ikkje vaska anna enn hendene til dagleg, var det vanleg at kvinnene vaska både hender og ansikt kvar dag. Det hadde samband med at når dei stelte med koppar og gryter, vart hendene automatisk vaska, og når dei hadde vaska opp koppane etter frukost, tørka dei seg gjerne litt i ansiktet med den fuktige kluten og ordna litt på håret.

Sjølv om det kunne variere kor mykje vask det var til dagleg, var det heilt uakseptabelt å la vera å vaske seg til helga, for denne reinsinga var ei høgtidleg førebuing til søndagen, og då var det vanleg å vaske hovud, hals, bryst og armar.

SJELDENT BAD: Å førebu seg til jul med å bade var det siste reingjeringsritualet før høgtida. Husbonden bada først, deretter borna og til slutt tenestefolket, skriv Jeanne Boge. Dette er eit fotografi frå 1920-talet. Anders Wilse

Når ein vaska seg om laurdagskvelden skulle ein vende hovudet mot sør, mot sola og sundagen, og ikkje mot nord der trolla rådde. Ein måtte også vere forsiktig så ikkje trolla fekk tak i avskorne negler, lause tenner, hår og andre kroppslege restar. Derfor brende ein det kroppslege avfallet som kunne brennast og så kasta ein ei glo i vaskevatnet før ein tømde det ut, fordi ein meinte at lyset og varmen frå gloa ville gjere dei kroppslege restane i vaskevatnet utilgjengeleg for trolla.

I samband med helgevasken var det vanleg at kvinnene vaska mennene. Husfrua vaska gjerne husbonden, systrer vaska brør og tenestejenter vaska tenestegutane, men denne skikken var i ferd med å bli borte då Sundt gjorde sine studiar av kroppsvask på 1860 – talet, fordi ein hadde begynt å rekne praksisane for usømelege.

For cirka 150 år sidan var altså skikken i Noreg full kroppsvask ein gong i året, til helga vaska ein synlege kroppsdelar og til dagleg var det lite kroppsvask. Slike vaskepraksisar kan kanskje skape inntrykk av at nordmenn var eit spesielt skite folk, men slik var det ikkje. Studiar frå Sverige, England og Frankrike viser at dei heller ikkje vaska seg så ofte og omfattande der på denne tida. I verdas fyrste lærebok i sjukepleie som kom ut i 1860, skriv Florence Nightingale om engelskmenn som skrytte over at dei aldri hadde vaska seg nedanfor ansiktet, bortsett frå på hendene. Studiane til den franske historikaren Georges Vigarello viser at det heller ikkje var vanleg at folk flest vaske seg så ofte og så omfattande i Frankrike på 1800 – talet, men der som i Noreg og andre vestlege land vart det sett i verk politiske kampanjar i samband med industrialiseringa for å få folk til å vaske bortimot heile kroppen kvar dag.

Kampanjane var basert på ein ide om at dei som var reine og ordentlege, også var friske, produktive, lydige og nyttige borgarar i det moderne konkurransesamfunnet. Ein prøvde med andre ord å forme samfunnet ved å få innbyggjarane til å leggje seg til nye kroppslege praksisar. Det var mange som ikkje hadde noko forståing for at det skulle vere nødvendig å vaske seg så ofte og så omfattande, men påstandar om at ein kunne bli sjuk, ja, til og med spedalsk om ein ikkje var nøye med reinsemda, var skremmande, og gradvis slo dei politiske forventingane om meir kroppsvask slo rot. I 1911 fekk Noreg den fyrste lærebok i sjukepleie som argumenterte for bortimot full kroppsvask kvar dag.

Sjølv om det oppstod normer om meir kroppsvask, skulle det gå mange år før dagleg dusj blei vanleg. I 1947 hadde 6 prosent av norske husvære bad. I etterkrigstida blei det sett i verk eit omfattande politisk arbeid for at alle norske husstandar skulle få innlagt vatn og elektrisitet. Dette la grunnlag for bustader med baderom og dusj, og gradvis utvikla det seg ein kultur der ein kunne velje å dusje både ein og fleire gongar om dagen. I eit internasjonalt perspektiv er ikkje dagleg dusj berekraftige praksisar, for vatn er mangelvare mange stader i verda. Nightingale som etablerte moderne sjukepleie argumenterte for at det ikkje var nødvendig med verken badekar eller dusj for å halde seg rein. Det var nok med ei mugge vatn og ein klut. Me som er vande med hyppig dusj vil truleg vegre oss for å gå over til kroppsvask som er mindre vasskrevjande, men på same vis som ein tidlegare har brukt trugsmål om sjukdom som verktøy for endre vaskepraksisar, kan det vere at tilsvarande verktøy også vil fungere dersom ein ønskjer å redusere omfanget av dusj.

På same vis som det er kampanjar som viser kor skadeleg røyk er, så er det sikkert mogeleg å finne eksempel på at personar som dusjar ofte har tørr og sår hud, og slikt kunne brukast som verktøy i kampanjar for sjeldnare dusj.

Trugsmål om sjukdom har vore brukt til å få oss til å vaske oss både meir og mindre, alt etter kva som har vore politisk interessant. Det kan skje igjen.