**Ein dag i januar** kom barna gråtande heim frå skulen. Seksåringen gret fordi han hadde vondt i skuldre, nakke og hals. Tolvåringen gret fordi han hadde vore livredd då ein større gut i eit raserianfall hadde banka veslebroren. Han og vennene hadde klart å berge seksåringen ut frå situasjonen. «Eg orkar ikkje dette meir», sa tolvåringen. «Det klikka for han igjen. Vi trudde han skulle knekke nakken på veslebror.»

Dette var ikkje ein eineståande episode. Eg har månad etter månad, år etter år, ringt til skulen og fortalt om episodar med slag og sparking, uprovosert; og alltid same gut (lat oss kalle han X) som slo og ropa om å drepe den som stod i vegen. Tolvåringen har sjølv opplevd å bli grusa ned i snøen i ukontrollerte raserianfall med truslar om drap. Dessverre har eg ikkje loggført alle desse samtalane med skulen. Eg trudde skulen gjorde det. Men der tok eg altså feil.

Skulen innførte tiltak. Elevane skulle loggføre kvar dag kva som skjedde på skulevegen. Eg synest ikkje det var godt nok sett i lys av den siste hendinga. Men skulen meinte det var godt nok. I eit møte teikna rektor opp ei kurve. Den starta flatt, men svinga så rett opp. — Sjå her, sa han. - Det startar alltid som leik. Og så skjer det noko som gjer at X blir sint. Dette synest dei minste barna er spennande, og provoserer for å få han sintare. Så går kurva rett opp. Dei minste barna lukkast i å provosere den større guten til å bli ukontrollert sint.

Tolvåringen har sjølv opplevd å bli grusa ned i snøen i ukontrollerte raserianfall med truslar om drap.

«Vi skal sette inn tiltaka her», sa rektor, og peika på kurva før den peikar oppover: «Vi skal lære dei minste at dei ikkje må terge X slik at han blir sint!» Eg fortalde dette til ein pensjonert lærar eg kjenner. Ho blei provosert og sa det var det mest inkompetente ho nokon gong hadde høyrt frå ein lærar eller rektor. Eg fortalde også om dette «tiltaket» til ei venninne. Ho sa at det rektor hadde sagt var som å fortelje ei valdteken jente at ho er ansvarleg for valdtekten. Eg synest samanlikninga er treffande.

Eg sende klage til fylkesmannen på manglande tiltak. Eg skreiv i klagen at eg meinte tilsyn på skulevegen var naudsynt, og at så lenge skulen ikkje innførte naudsynte tiltak ville eg sjølv vere tilstade på skulevegen. Men skulen sende bitar av loggen frå seksåringen til sakshandsamar hos fylkesmannen. Der hadde guten skrive at han sykla ein annan veg heim frå skulen enn X. Det skulen ikkje sa var at dette ikkje var muleg, fordi det berre er ein veg heim frå skulen for seksåringen og X.

Skulen sa også til fylkesmannen at det tidlegare ikkje hadde skjedd uheldige episodar på skulevegen. Det sa dei trass alle gongene eg hadde varsla om valdelege og truande hendingar. fylkesmannen godtok rektor sin versjon om at eg snakka usant om dette, og la til grunn at guten min og X sykla ulike vegar. Dessutan var ikkje seksåringen redd, og då har guten eit godt nok psykososialt miljø, meinte fylkesmannen. Vedtaket hennar var fundert på fleire faktafeil servert av rektor.

Nokre veker etter episoden der tolvåringen og vennene avverga nakkebrot på veslebroren, ringte rektor - for å informere meg. På veg til skulen den dagen hadde X sykla opp bak seksåringen og sagt: «Eg skal drepa deg, altså!» Rektor fortalde at han hadde prata med sonen min og med guten som trua han. Rektor meinte begge gutane forstod at dette berre var på tull, og at son min ikkje var redd. Han høyrdest stolt ut, og meinte saka var ute av verda. Eg spurde om ikkje denne episoden burde meldast inn til fylkesmannen, som framleis sat på klagen frå meg. Det meinte rektor var heilt unødvendig, og oppmoda meg til å ikkje gjere det. Men eg gjorde mi plikt som far og informerte fylkesmannen om episoden.

Eg orka ikkje å kjempe, så eg let meg overtale til å sei at eg følte skulen tok meg på alvor.

Fleire vener oppmoda meg om å melde skulen til politiet, noko eg vegra meg for. Men då også assisterande fylkeslege sa eg skulle melde skulen til politiet, kontakta eg kommunalsjef for skule og fortalde om mi frykt for at det kunne skje noko alvorleg på skulevegen, og min frustrasjon over at rektor ikkje tok dette på alvor. Eg sa også at eg vurderte å melde saka til politiet. Kommunalsjefen kalla umiddelbart inn til eit møte. Dette resulterte i tilsyn på skulevegen, mot rektor si vilje. Då hadde eg kjempa i fire månadar.

Ei veke før skulestart i haust blei eg kalla inn til det kommunalsjefen sa var eit evalueringsmøte om tilsynsordninga. Men det var ikkje eit evalueringsmøte eg kom til. Det var eit møte der rektor og kommunalsjef hadde som mål å droppe tilsyn på skulevegen. Og som mål to å overliste meg til å seie at eg følte eg blei teke på alvor. Rektor sa at han hadde si eiga vurderingsevne, og han kravde sin rett til å fylgje den. Men om det skjer noko på skulevegen skulle han vurdere å ta opp igjen tilsynsordninga.

Eg sa det eg tenkte til dei: At då kan det vere for seint. For son min eller for ein av dei andre små barna. Men eg orka ikkje å kjempe, så eg let meg overtale til å sei at eg følte skulen tok meg på alvor. Rart, i grunn, at dei trudde på det.

No har eg starta eigen logg. Der skriv eg ned når tolvåringen sin venn sit på golvet og grin etter å ha blitt sparka og slege uprovosert av X i ein gymtime. Der skriv eg ned episoden der X held to barn under vatn i badebassenget utan at badevakta får med seg episoden. Eg noterer at barna snakkar om denne episoden, men at dei ikkje torde sei frå til læraren eller rektor kva som eigentleg skjedde, fordi læraren blei så rasande på dei som prøvde å varsle han om kva som heldt på å skje, og rasande på dei som klarte å få laus dei barna som blei halde under vatn. Fordi dei hadde laga bråk.

Les også:

Eg noterer også at elevane seier læraren ikkje oppdaga den alvorlege hendinga i badebassenget fordi han var oppteken av sin nye mobiltelefon. I loggen skriv eg at nok ein gong er ei alvorleg hending avverga av medelevar. Og eg noterer at kommunalsjefen ikkje vil gå vidare med denne saka. Fordi ho godtek rektor sitt syn om at eg overdriv. Men eg siterer barna nøye utan å legge til noko. Og eg er usamd med rektor som seier barna berre overdriv. Eg vel å ta barna på alvor.

Og neste gong det skjer, det skulen kallar «ei ubehageleg hending» på skulevegen, kjem eg ikkje til å ringe dei som meiner eg overdriv. Eg kjem til å ringe politiet. Fordi både mine barn og andre barn fortener vaksne som tek dei på alvor. Guten X fortener også at nokon tek han på alvor, og koplar inn ressursar som kan hjelpe han til eit godt liv. Det må vere skulen sitt ansvar å ta den fine guten X på alvor. Eg kjem i alle fall til å halde fram med å ta mine barn på alvor. All verdas mobbeprogram og fine ord er bortkasta når ikkje rektor eller kommune tek vald mot elevar på alvor.