Venezuelas olje for utvikling

Det er berre å notere at president Bush har fått fart i prosessen med å få Venezuela inn på lista over terrorland.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Kronikk

Wenche Hauge, Institutt for fredsforskning (PRIO)

Den 8. februar gav høgsterett i London Exxon Mobile medhald i kravet om å fryse 12 milliardar dollar av det venezolanske oljeselskapet PDVSAs reservar i utanlandske bankar. Chávez reagerte straks. Han viste til at USA er ute etter å knekke Venezuela økonomisk, og trua med å stanse all oljeeksport til USA. Oljeprisane steig umiddelbart, og har halde fram med å stige, delvis på grunn av Exxon Mobile-saka, men også av andre årsaker.

Den 18. mars tok saka imidlertid ei ny vending. Etter at leiinga for PDVSA fekk forklart seg for domstolen, snudde høgsterett og gav Venezuelas oljeselskap fullt medhald i klagen. PDVSAs siger over oljegiganten Exxon Mobile blir feira stort, ikkje berre i Venezuela, men også i mange andre latin-amerikanske land, som har nytt godt av Venezuelas oljeressursar.

Regional utvikling

Venezuelas utviklingspolitikk har vore mindre i fokus enn Exxon Mobile-saka. Ein stor del av Venezuelas oljeinntekter blir investert i helse, utdanning og velferd internt i landet, men også i nabolanda, særleg i Karibia og Mellom-Amerika. Gjennom helseprogrammet Barrio Adentro har ca 54 % av Venezuelas innbyggjarar, først og fremst dei fattigaste, fått tilgang til gratis helseteneste. Mellom 40 og 47 % har tilgang til sterkt subsidierte matvarer gjennom cooperativkjeda Mercal. Berre i 2006 gjekk, ifølgje FN, andelen av fattige i Venezuela, ned frå 37,1 til 30,2 prosent. Ekstrem fattigdom gjekk ned frå 15,9 til 9,9 %.

I juni 2005 tok Venezuela initiativet til å etablere Petrocaribe, ein avtale om energisamarbeid mellom 17 karibiske land. Formålet er å gjere dei karibiske landa mindre sårbare for internasjonale svingingar i oljeprisar og tilgang på olje, og å skape kapasitet for nasjonal utvikling. Vilkåra for kjøp av olje er svært gode, og ein del av oljen kan betalast i form av varer og tenester, der Venezuela tilbyr spesielt gunstige prisar.

Konkrete resultat

Energisamarbeidet har allereie gjeve konkrete resultat, som gjenopninga av Camilo Cienfuegos-raffineriet på Cuba, etter eit moderniseringssamarbeid mellom PDVSA og Cubas oljeselskap, Cubapetroleo. Arbeidet går no inn i fase to, som inneber etablering av ein petrokjemisk fabrikk til ein kostnad av 1,3 milliardar dollar. I tillegg til å dekkje eigne behov, vil dette gjere Cuba til eksportør av kunstgjødsel til andre latin-amerikanske land. Haiti har også sett konkrete resultat av Petrocaribe-samarbeidet, og har fått på plass tre nye installasjonar for produksjon av elektrisk energi. I tillegg er det på Haiti iverksett fleire infrastrukturprosjekt.

Petrocaribe disponerer også utviklingsfondet, Fondo ALBA Caribe. Venezuela har tilført fondet ein kapital på 100 millionar dollar, og så langt har ni av medlemslanda nytt godt av sosiale og humanitære prosjekt i regi av fondet. Fondo Alba Caribe skal seinare omdannast til karibisk utviklingsbank, Banco del Alba. Modellen er Banco del Sur, ein søramerikansk utviklingsbank som blei oppretta etter initiativ frå Venezuela for å gjere landa i Sør-Amerika mindre avhengige av Verdsbanken og Pengefondet.

Oljebasert politikk?

Enkelte har kritisert Venezuelas økonomiske politikk, fordi den i så sterk grad er basert på olje. Det blir hevda at Chávez kan drive med sine velferdstiltak så lengje oljeprisane er høge, men at den dagen oljeprisane går kraftig ned, vil grunnlaget for hans politikk vakle. Venezuela er avhengig av oljeeksport. I 2006 utgjorde olje og gass nærmare 89,6 % av den totale eksporten, og den største importøren er USA, som står for 53,5 %. Utfordringane står derfor i kø. Samstundes er det på sin plass å nemne at oljeprisane var på eit lågmål då Chavéz kom til makta i 1998, og at det er først dei siste åra at prisnivået på oljen har teke seg opp til nivået frå 80-åra. Den gongen såg det venezuelanske folket lite til oljeinntektene, som stort sett blei sløst bort av den korrupte økonomiske eliten. Snarare blei Venezuela i denne perioden påført ei stor utanlandsgjeld, som er bortimot nedbetalt i løpet av Chávez perioden.

Då Chávez kom til makta i 1998, arva han ein oljebasert økonomi. Sjølv om oljen også står sentralt i den økonomiske politikken til Chávez, blir det i tillegg satsa stort på investering i jordbruk og industri. Ein omfattande samarbeidsavtale mellom Argentina og Venezuela er nettopp underskriven og inkluderer investering i jordbruk og kvegdrift, samt i over 50 ulike typar industriprosjekt, inklusive produksjon av fly for sivil luftfart. Oljeinntektene blir dermed også investert i diversifisering av det økonomiske produksjonsgrunnlaget.

På terrorlista

USA representerer den største utfordringa for Venezuelas linje for uavhengighet og utvikling nasjonalt og regionalt. Berre fem dagar etter at høgsterettsdommen i Exxon Mobile-saka blei kjent, kom 21 representantar frå den amerikanske kongressen med forslag om å føre Venezuela opp på lista over terrorland, i selskap med Cuba, Iran, Nord-Korea og Syria. Grunngjevinga er at Venezuela skal vere opphaldsstad for terroristar og støtte den colombianske geriljaen, FARC. Chávez svarte Bush med at USA burde «autoinkludere» seg sjølv på lista over terrorland.

Venezuelas støttespelarar

Midt i alt dette er det ein faktor som generelt sett blir undervurdert av vestleg presse: Venezuela har mange støttespelarar. Det blir hevda at Venezuela kjøper seg popularitet gjennom oljepengar, men med venstrevinden i Latin-Amerika, trengst det ingen oljebistand for å vere kritisk til USA. Minnet om USAs mange intervensjonar og bremsande rolle i høve til sosial utvikling i regionen er nok. Fredsprisvinnar Adolfo Perez Esquivel uttrykte det slik: 'Chávez er ikkje populist – han er med folket'. Ikkje uventa var fleire latin-amerikanske land raskt ute med å støtte Venezuela i konflikten med Exxon Mobile. Sympatien strekte seg imidlertid langt utover det latin-amerikanske kontinentet. Eit samla OPEC, og ein samla Arabisk Liga på 22 land, stod også på Venezuelas side.

Etter sigeren mot Exxon Mobile kan Venezuela og president Chávez puste ut, om enn for ei kort stund.

HUGO CHÁVEZ: Det blir hevda at Chávez kan drive med sine velferdstiltak så lengje oljeprisane er høge, men at den dagen oljeprisane går kraftig ned, vil grunnlaget for hans politikk vakle. Foto: HO

Publisert
Takk for at du leser BTIkke gå glipp av alle nyheter fra Vestlandets største avis.
Bli abonnent
BT anbefaler

Trude (38) vart brutalt overfallen på jobb. Då starta ein ni år lang kamp.

Trude Gruben Breivik og mannen hadde kjøpt nytt hus på heimstaden. Fødselspermisjonen med barn nummer to var straks over.

Mest lest akkurat nå

  1. Bilen kjørte utfor skråning og traff campingvogner

  2. «Inntektene går ned frå både buss, bane og bom­pengar. Det gir ein forsmak på tida som kjem.»

  3. Ryde fortsetter solo­løpet. Byråden mener det handler om penger.

  4. – Det er éi gruppe eg aldri har høyrd klage under pandemien

  5. – Sjukmeldt, ja ... Men gå i fjellet, det klarar ho!

  6. – Det heng regnbogeflagg på verandaen min, og når eg er aleine heime, låser eg døra