Pontius Pilatus fekk aldri svar

Den siste replikken Pontius Pilatus kom med i forhøyret av Jesus var spørsmålet som alltid vil leve etter han: Kva er sanning?

Det er tittelen på dette maleriet av Pontus Pilatus fra 1800-tallet.

  • Tidligere Forlagssjef
  • Andreas Skartveit

Pontius Pilatus er av dei personane i historia ettertida har fare ille med. I ti år var han landshovding i Judea før han vart avsett for vanstyre, ei avsetting det var gode grunnar for, seier historikarane.

Det er likevel rolla hans i påskedramaet i Jerusalem som gjer at han blir hugsa. Evangelia fortel om ein mektig mann som var feig og veik. Han dømde til døden ein mann han meinte var uskuldig, trass i at kona hans åtvara han mot det.

Byråkratiske dåsemiklar

Til dette vil nok ein del truande meine at han berre var eit hjelpelaust offer i eit planlagt handlingsmønster, lagt til rette av høgare makter. Det som skjedde i Jerusalem i påskehelga skjedde for di det skulle skje. Ulukka for Pontius Pilatus var at han var der, på feil stad til feil tid. Få har funne det bryet verdt å forsvare Pilatus.

No har han fått sin plass i historia, men også i språket. Det kontoret som sender menneske og saker frå Pontius til Pilatus, får snart eit dårleg omdømme, som byråkratiske dåsemiklar og maktmisbrukarar. Å vaske hendene offentleg, slik Pilatus gjorde, tyder på ureint mjøl i posen. Mistanken er vekt. Det er noko som skal løynast. Å bøye unna for å bli ven med keisaren gjev ikkje mykje ære.

Han har nok streva med det han heldt på med, kva som var rett og gale. Evangelisten Johannes fortel om ordvekslinga mellom Pilatus og den tiltalte. Den tiltalte hevdar at han er ein konge, og at han er komen til verda for å vitne om sanninga. For den romerske landshovdingen er nok dette underleg tale. Og han stiller det spørsmålet som alltid vil leve etter han: Kva er sanning? Dette er siste replikken i forhøyret. Johannes fortel ikkje om noko svar. Pilatus snur seg og går ut til jødane og seier at han ikkje finn noko skuld hos denne mannen. Så går prosessen vidare.

Tre år etterpå blir han avsett og går ut av historia.

Men spørsmålet hans vart liggjande og gnage. For etterfølgjarane til den krossfeste vart det nærast ei mare. Mellom apostlane hans dukka usemje og fortolkingsstridar opp nesten med det same. Sanninga var ikkje éi og utvetydig. Det litt hjelpelause spørsmålet frå den arme romaren fekk ikkje noko eintydig svar. Det vart usemje og strid om det meste, om Jesu guddom, om dåp og nattverd, om heidningane, om Bibelen.

Sanninga er ikkje stabil

Kyrkjesoga handlar mykje om dette, om alle forsøka på å svare på spørsmålet frå Pilatus, og om striden og kløyvingane dei ulike svara skapte. Pilatus fekk ikkje noko svar på spørsmålet sitt då han stilte det, og han har heller ikkje fått noko gyldig svar av kyrkja og kyrkjesoga. For svara skifter. Eingong var det gudsens urokkelege sanning at jorda vart skapt på seks dagar for seks tusen år sidan. Dei som meinte noko anna, kunne det gå ille med. I dag er ikkje dette sant lenger. Slik har det gått med mange andre sanningar også.

For religionen, som går ut frå den allmektige og allvitande Gud, har det vore eit konstant problem at sanninga ikkje er stabil og endeleg. Dette var med og svekka kyrkje og religion, og vart frodig vokstergrunn for mange former for konflikt og vantru.

Om vi ser oss rundt i vår eiga tid, vil vi snart sjå at den sanninga kyrkja vedkjenner seg, er i rørsle, for ikkje å seie i drift.

I dag har vi biskopar som er kvinner. Vi har til og med ein biskop som er skild. Vi skal ikkje langt tilbake i tid før dette ville vore eit lysande brot på det som då var Guds urokkelege sanning. Gud har skifta meining.

Dette er eit problem for dei som trur. Men det er også eit logisk problem. Sanningar som endrar seg, er dei sanne? Når er dei sanne? Akkurat no? I dag?

I dag har vitskapen overtatt mykje den forklaringsoppgåva religionen eingong hadde. Medan det lenge var Bibelen som var grunnboka i historie, naturvitskap og mykje anna, har vitskapen tatt over desse felta.

Og vitskapen er ei utrøytteleg jakt på sanninga. For vitskapen var det ei stort sprang då dei joniske naturfilosofane, før Sokrates, byrja å søkje etter lovene i naturen. Det var ikkje gudar, vette og skumle makter som rådde der. Det var naturen sjølv, med sine naturkrefter, og kanskje naturlover. Sidan har det gått slag i slag, fram til dagens enorme kunnskapsmengder, som ingen har oversikt over.

Men så viser det segat vitskapshistoria har det til felles med kyrkjehistoria at ho er full av bitre lærestridar og full av etablerte sanningar som er hamna på skraphaugen. Den vanlegaste feilvurderinga i vitskapshistoria er påstanden om at sanninga er funnen, at vi no endeleg er framkomne. Denne vurderinga er gjerne kopla med ei varm medkjensle med forfedrane, som ikkje visste betre, men gjorde så godt dei kunne.

Eit svart hol

I fysikken, læra om den fysiske og handfaste verda rundt oss, i himmel og på jord, er det tre namn som lyser over alle andre. Det er Aristoteles, Isaac Newton og Albert Einstein. Dei gav alle fullgode forklaringar på korleis verda var laga og hang saman. Aristoteles dominerte eit par tusenår, Newton to-tre hundreår, og Einstein det siste hundreåret.

Det verdsbiletet kvar av dei presenterte, var eit dramatisk brot med det som var før. Newton erstatta Aristoteles, og Einstein erstatta Newton. Alle tre forpakta sanninga i den tid dei regjerte i tankeverda. Ein eig ikkje det ein forpaktar. Forpaktarar kjem og går, det viste seg at ingen av desse åtte heile sanninga. Nye tankar kom til og bytte ut delar av dei gamle.

Så var vi kanskje ikkje framme likevel? Om nokre tiår står de kanskje nokre tilårskomne gubbar i Nobelsalen i Stockholm og får prisen fordi dei har slengt Einstein på røysa?

Meir enn det. Det er i dag forskarar som forskar på dei såkalla svarte hola i universet. Eit svart hol blir til når ei sol brenn ut og døyr. Då trekkjer ho seg saman og skaper ein enorm masse som dreg til seg alt i nærleiken ved sin enorme gravitasjon, også lyset. Ingen har difor sett eit svart hol. Lyset derifrå slepp ikkje ut. Men målingar og reknestykke fortel at noko slikt finst. Og, seier forskarane, inne i dei svarte hola gjeld ikkje dei naturlovene Newton, Einstein og kvantefysikarane har funne fram til og formulert.

Det finst altså stader i universet der vanlege naturlover ikkje gjeld?

Pilatus fekk ikkje svar

For oss vanlege menneske nyttar det ikkje å følgje med på dette. Når ein høyrer på dei beste fagfolka, kan det høyrest ut til at også dei har problem med å forstå og finne ord.

Vi har sendt ei mengd sonder ut i universet. Dei sender data og bilete av det dei ser tilbake til laboratorium på jorda. Reaksjonen hos dei som får desse bileta, er nesten alltid den same: Det var meir merkeleg enn vi trudde! Og det er utruleg kva vi ikkje veit!

Så blir kanskje konklusjonen den same i vitskapen som i religionen: Sanninga er framleis ukjend. Som eit ukjent fabeldyr gøymer ho seg inne i framtidståka og viser bitar av seg når det måtte passe henne.

Skilnaden mellom vitskap og religion er at vitskapen veit at det er slik. I vitskapen regjerer tvilen. Det blir lagt ned eit stort arbeid på å rive ned gamle sanningar for å rydde rom for nye, slik at kunnskap og vitskap kan kome vidare. Vitskapen er alltid på veg, mot nye sanningar, sanningar som stort sett har avgrensa levetid..

I religionen regjerer trua. Der er nye tankar noko ein helst forsvarer seg mot. Der er sanninga kjend, som det så viser seg at ho ikkje er. Også her blir sanningar skifte ut.

Pilatus fekk ikkje svar på spørsmålet sitt.

Grunnen til det kan vere den enkle: At det ikkje finst noko svar. At livet, verda og universet er eit mysterium som er for stort for oss.

Også for profetar og andre geni.

Hva mener du? Delta i diskusjonsfeltet under!