Noreg bør læra av Danmark

Norske styresmakter gir afghanarar pengestøtte til å returnera frivillig til heimlandet og hjelp til å starte opp forretning.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Arne Strand, Torunn Wimpelmann Chaudhary og Astri Suhrke, Chr. Michelsen Institutt (CMI)Kristian Berg Harpviken, Institutt for fredsforsking (PRIO)

Ein evalueringsrapport syner at forretninga blir mislukka. Størsteparten av dei returnerte vurderer å kome seg ut or Afghanistan igjen.

Auken av asylsøknader har fått massiv mediedekning i norske medier. Det har og den tvungne returen til Afghanistan fått. Dei afghanarane som har nytta seg av den frivillig returordninga til UDI, har derimot fått lite omtale.

Eit forskingsprosjekt finansiert av Utlendingsdirektoratet (UDI) har sett på kvifor nokre afghanarar valde å nytte dette programmet, og om retur og reintegreringsstøtte har hjelpt dei til ein varig retur til heimlandet.

Pengar i lomma

Returprogrammet IRRANA (Information, Return and Reintegration of Afghan Nationals to Afghanistan) vart oppretta i 2006. Programmet omfattar informasjonsverksemd i Noreg, organisering av returreise, ein kontantsum på 15 000 kroner når dei kjem attende til Afghanistan og støtte til reintegreringstiltak. Prosjektet har i hovudsak vore gjennomført av asylmottaka, den Internasjonale organisasjonen for migrasjon (IOM) og Flyktninghjelpa i Noreg, medan IOM har organisert heimreise og reintegreringa.

Få reiser frivillig

Fram til mars 2008 hadde 69 afghanarar nytta seg av programmet. Mykje negativ merksemd kring den tvungne returen til Afghanistan, og ei gradvis forverring av tryggleiken i landet, har truleg medverka til at relativt få har nytta seg av tilbodet om frivillig retur. Me har gjennomført omfattande intervju med 29 av dei i Afghanistan. Det er desse som ligg til grunn for rapporten.

Gjennom samtalane synte det seg at det ikkje var pengar eller ønskje om å returnera til Afghanistan som var største motivasjonen for å returnera frivillig. For fleirtalet hadde programmet vore ein siste utveg for å unngå tvungen retur. Afghanarane ønskte ikkje å bryte norsk lov, og dei fann det uverdig å verte deporterte ut or landet med politieskorte.

Ein femtedelen av dei intervjua hadde valt å returnera før dei fekk endeleg avslag på asylsøknaden. Uvisse og passivitet, skapt av eit langvarige opphald i mottaka, var ein viktig faktor. Fleire fortalde at dei etter kvart hadde vorte urolege for den mentale helsa medan dei budde i mottaka.

Skuffa familiar

Det frivillige returprogrammet fyller med andre ord ein viktig funksjon for dei som ønskjer å forlate Noreg på en verdig måte. Samstundes kom det fram under intervjua at mange av afghanarane hadde fått problem ved heimkomsten fordi dei kom tilbake med uforetta sak. Familiane deira hadde satsa mykje pengar på å få dei til Noreg. Ofte hadde dei organisert reisa gjennom internasjonale smuglarnettverk. Forventninga var at dei som hadde reist skulle bidra med inntekt for dei som var igjen, men også gi dei høve til å følgje etter ut or Afghanistan på eit seinare tidspunkt.

Avvist av alle

Når dei no etter mange år returnerte utan opphaldsløyve og med lite oppsparde midlar, vart dei skulda for ikkje å ha gitt god nok avkasting. Mange av dei vi intervjua var difor bitre. Dei hadde blitt avvist i Noreg og opplevde no at familiane deira trudde dei berre hadde drive dank medan dei var borte. Reintegreringsprogrammet og kontantstøtta som skulle hjelpe dei med oppstarten i Afghanistan var ikkje ein god nok kompensasjon.

Dårleg business

Dei som vel å returnera frivillig, kan i utgangspunktet velja mellom yrkestrening, arbeidsformidling eller oppstart av eiga forretning og vareinnkjøp. Alle dei me intervjua hadde valt seg det siste alternativet, forretningsdrift. Av fleire grunnar hadde dei ikkje lukkast. Mange hadde ikkje kunnskap om forretningsdrift på førehand. Mangelfull rettleiing undervegs gjorde også etablering og drift vanskeleg. Nokre av dei me har snakka med, virka mest opptekne av høvet til å veksla varelageret dei fekk med seg om til kontantar, som dei og familien kunne nytta til andre føremål. Fleire av dei hadde eigentleg ikkje ønske om å starte forretning, men dei oppfatta ikkje dei andre alternativa som sikre nok inntektskjelder.

Lys i mørkret

Her var enkelte lyspunkt. Dei som hadde lukkast i forretningsdrifta hadde oftast tidlegare erfaring med handelsdrift. Nokre hadde skote inn oppsparte midlar eller fått hjelp av familienettverket for å finne gode forretningslokale eller til å kjøpe inn dyrare varer.

Økonomisk støtte synest likevel ikkje å vere nok for å sikre ein varig retur. Størsteparten av dei intervjua fortalde at dei no vurderte å forlate Afghanistan igjen. Dei grunngav dette med manglande økonomiske utsikter og generell uro for sikkerheitssituasjonen og eige liv. Mange av dei me ikkje fekk kontakt med i Kabul hadde truleg alt forlete landet.

Kva er gale?

Dei me intervjua konkluderte med at programmet, i si noverande form, i liten grad klarer å sikre dei ein bærekraftig retur. Dei hadde også gjort seg tankar om forbetringar.

Mange foreslo ein auke i den økonomiske støtta for å sikre eit realistisk grunnlag for forretningsoppstart. Nokre meinte dei kunne klart seg betre hadde dei fått meir opplæring og støtte til forretningsdrifta. For andre igjen var tilgangen til den afghanske arbeidsmarknaden viktigare. Dei var likevel innforstått med at for å få godt betalt arbeid trong dei grunnleggjande fagkunnskap.

Sjå til Danmark

Me meiner norske styresmakter bør lære av danske erfaringar. I Danmark får alle asylsøkjarar tilbod om engelskkurs og kortare yrkesopplæringskurs. Dette gir asylsøkjarane noko konstruktivt å fylle dagane med. Det kan igjen redusere depresjon og konfliktar ved mottakssentra.

For dei som endar opp med å få opphald i Noreg kunne ei slik opplæring gi betre føresetnadar til å lukkast på arbeidsmarknaden. I tilfelle retur ville dei sitje med verdfull kompetanse til å bidra til gjenreisinga av heimlandet. Det kan også argumenterast at slik opplæring kanskje kan motverke illegalt opphald i Noreg eller andre europeiske land, der svært mange innvandrarar skaffar seg inntekter som ufaglærte på den svarte arbeidsmarknaden.

Best mogleg rusta

Mange land har returprogram for asylsøkjarar. Erfaringar frå Storbritannia og Danmark er likevel særskilt interessante sett med norske augo. Storbritannia har høgare returstøtte enn den norske. Afghanarar som returnerer frå Storbritannia får rundt 40 000 kroner med seg. Ventetida på asylsøknaden er også langt kortare enn i Noreg. Britane har alt endra returprogrammet for afghanarane nettopp for å sikre betre oppfølging for dei som vel seg forretningsdrift.

I Danmark er pengestøtta lågare enn i Noreg, men danskane har det nemnde opplæringsprogrammet, som har som mål å auke asylsøkjarane sin yrkeskompetanse før retur.

Norske styresmakter bør sjå nærare på dei danske og britiske erfaringane. Same kva asylpraksis politikarane vel, bør det være eit mål at belastinga for dei som søkjer asyl ikkje er unødig høg, og at søkjarane står best mogeleg rusta — både til å verte integrert i det norske samfunnet, men også til å klare seg i heimlandet etter retur.

Får dei med seg kunnskap som kan bidra til gjenreising og utvikling av heimlanda med i bagasjen, bør vel det også vere eit stort pluss.

Rapporten «Return with Dignity, Return to What? Review of the Voluntary Return Programme to Afghanistan» kan lesast på Christian Michelsen Institutt sine heimesider, cmi.no

TVANGSSENDT: Afghanarane som sveltestreika mot å bli tvangssendt til heimlandet etter avslag på asylsøknadar fekk stor merksemd I media. Vi har visst mindre om korleis det gjekk med dei som reiste frivillig. ARKIVFOTO: ODDLEIV APNESETH
Publisert
BT anbefaler

Robert åpner luken ved Ole Bulls plass. Fem meter under bakken venter Bergens undergrunn.

Bli med ned i Bergens undergrunn:

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. 27 sentrale valg som har ført Brann mot nedrykk

  2. Kvinne fengslet for trusler mot ansatte i barnevernet

  3. 61 av 600 flypassasjerer fra Sør-Afrika testet positivt

  4. Ruben får ofte høre at han er så lik faren. – Ingen kan si jeg har seilt inn på en gullfjøl.

  5. Lege vil ha strengere regler for uvaksinerte: – Ikke en menneskerett å bidra til økt smitte

  6. – Glem kniver og slåssing. Disse kvinnene skremmer meg mer.