Kanskje er ikkje noko heilt rett eller heilt feil

Er vi sinte, tenkjer vi kritiske tankar om andre. Med skuld og skam rettar vi kritikken mot oss sjølve.Kjensler er signal på om behov er møtt eller ikkje.

HØYR NO HER: Vil ein kommunisere betre, kan ein unnlata å kome med negative vurderingar og krav. Kom heller med ein observasjon og ver tydeleg om eigne behov: Eg ser at du har knust ruta mi, eg blei lei meg. Men kan du hjelpa meg med å rydda i garasjen som kompensasjon? Foto: COLOURBOX.COM

  • Sekretær I Ivk (ikkevoldskommunikasjon) Norge
  • Marie Rørvik
Publisert:

Vi lever i ei kollektiv verd som er prega av tankar om at noko er rett og anna feil, nokon uskuldige og andre skuldige, noko bra og noko dårleg. Slike tankemønster viser seg i kommunikasjon som uttrykkjer krav og kritikk, vurderingar og samanlikningar, og som igjen kan føra til sorg, frykt, skuld og skam.

Konsekvensar av desse kollektive mønstra kan vi sjå som mistilpassing i skule og arbeidsliv, psykiske og psykosomatiske sjukdommar, rus og kriminalitet.

Signal frå kjenslene

John Berglund, som har doktorgrad i førebyggjande medisin, skriv om tre epidemiar i boka «Vekst og endring». Den bakteriologiske epidemien, livsstilssjukdomane og den tredje epidemien, den emosjonelle, som har med menneskeleg samspel å gjera. Både naturvitskapen og legane har lite å stilla opp med når det gjeld den tredje epidemien.

Doktor Marshall B. Rosenberg frå USA byr på ein annan måte å tenkja på. Han spør kva form for læring vi treng for å veksa opp som tilfredse og trygge menneske, som dermed både ønskjer og blir i stand til å bidra til samfunnet med glede. Hans livsverk viser kor viktig det er å spela på lag med dei psykologiske naturlovane, som seier at behov er drivkrefter i livet, og kjensler er signal på om behov er møtt eller ikkje. Undertrykking av desse lovene kan få smertefulle og kostbare konsekvensar.

Kommunikasjon utan vald

Marshall Rosenberg er grunnleggjar av Center for Nonviolent Communication. Han tilbyr ei form for læring som hjelper oss til tydelegare og ærlegare kontakt med oss sjølve og kvarandre. Gjennom hans verdskjende prinsipp får vi klårare syn på livet og nye kommunikasjonsreidskap.

I IVK Norge ser vi kontaktskapande kommunikasjon som ein tenleg medisin for den 3. epidemien. Vi har opplæring og trening, og deler ikkevoldskommunikasjonen inn i fire trinn:

1. Observasjon

Ønskjer vi å bli forstått når vi har behov å melda, gjeld det å uttrykkja kva vi opplever, utan å farga saka med vurderingar. Dette er ein stor kunst.

Kanskje følgjande døme kan gjera dette tydeleg: Kari på 11 år er ute og leikar. Ho er uheldig og sparkar ballen inn garasjevindauga til naboen. Ola reagerer kanskje slik han har lært: "No var du uforsiktig. Du må sjå deg føre!"

I desse to setningane ser vi både ei vurdering og eit krav, noko som kan føra til vonde kjensler og avstand mellom dei to. Døme på nøytral observasjon under. Ein nøytral observasjon forklarar konkret ei hending eller gir att så nøye som mogeleg eit utsegn. Ein observasjon stimulerer kjenslene våre, men er ikkje årsaka til dei. Årsaka finn vi i trinn 3; behova. Det som triggar ein person, triggar ikkje nødvendig vis ein annan. Det kjem an på situasjon, erfaringar og trussystem.

2. Kjensler

Vi er kjenslemessige analfabetar, skriv Berglund. Som Marshall Rosenberg, hevdar han at vi har lite ordforråd for og kunnskap om kjensler. Kjenslene er eit rasjonelt signalsystem som kjennest i kroppen. Dei fortel korleis ei erfaring/ein observasjon verkar i høve til behova våre. Vi føler fordi vi har behov for, ikkje fordi det den andre gjorde. Det er ein radikalt ny måte å ta ansvar for eigne kjensler på. Andre kan vera stimuli, men ikkje årsak til det vi føler.

Dersom signalsystemet kjensler ikkje vert skadd gjennom ein undertrykkjande kultur, er dei ein sunn funksjon som kan rettleia oss gjennom livet. Uforløyste kjensler og ikkje møtte behov kan føra til konfliktar, sjukdom og kriminalitet.

Dei medfødde kjenslene slik eg ser det, er variasjonar over glede, sorg, frykt. Er vi sinte, tenkjer vi kritiske tankar om andre. Med skuld og skam rettar vi kritikken mot oss sjølve. Ola kan ha blitt sint, frustrert, fortvila eller lei seg – eller alt på ein gong – då ballen knuste ruta. Kva behov som kan liggja bak kjensla, skal vi no sjå nærare på.

3. Behov

Ola vil mest truleg vera trygg på at tinga er i orden. Han ønskjer ganske sikkert respekt for sin eigedom. Respekt, meining og integritet er mellom dei grunnleggjande behova våre.

Krav kan truga integriteten vår

Kroppen signaliserer når vi er tørste, og vi rettar energien vår mot å få tak i vatn. Det er vanskelegare å få auga på dei psykiske behova, men dei kan leva like sterkt. Det er livsviktig for eit lite barn å bli sett, akseptert, rørt ved og støtta. Eit anna behov, som er sterkt hos dei fleste, er behovet for å bestemma over eller ha styring med eige liv. Eit barn kan kjenna når det er kaldt og frys. Dersom vaksne krev at ein treåring skal ha ytterjakka på og brukar gradestokken som rettesnor, risikerer å forstyrra barnet sin indre temperaturmålar. Ein vaksen som ler og tøysar bort barnet sin gråt over å ha slege seg, risikerer å forvirra barnet sin kontakt til seg sjølv, og gi det ei oppleving av å ikkje ha rett til å føla vonde kjensler.

Rosenberg hevdar at alt vi gjer, gjer vi for å få behov møtt. Han skil i kva som er behov og kva som er handlingar for å få behov møtt. Tilfredsstilte behov gir glede. Ikkje møtte behov gir spenning og vonde kjensler. Det at nokon lyttar til eit barns behov, kan gi avspenning. At vaksne tydeleg uttrykkjer sine kjensler og behov kan verka som læring og grensesetjing.

4. Å be om det vi treng

Vindauga i garasjen til Ola er knust og eit barn med kjenslene i sunn funksjon, vil truleg reagera med litt redsle. Her er forslag på kva Ola kunne ha sagt for å oppretthalda god kontakt mellom dei:

1. Eg ser at ballen har knust ruta i garasjen min,

2. og då blir eg lei meg og frustrert, fordi eg gjerne

3. ville brukt tida mi til noko anna enn å skifte ruta.

4. Eg treng å rydda i garasjen. Kan du tenkja deg å hjelpa meg med det som kompensasjon?

Ola uttrykkjer ein observasjon utan vurdering, tar ansvar for eigne kjensler og gjer tydeleg uttrykk for sine behov. Så ber han om noko utan å presentera det som krav. Krav kan truga integriteten vår og det sterke behovet vi har for å bestemma over eige liv (autonomi). Mange av konfliktane i familiane dreiar seg om autonomikampar, hevdar Marshall.

Litt endring er mogleg

IVK er enkelt, men ikkje lett. Vi slit med innarbeidde personlege mønster og kulturelle strukturar som det tar tid å endra, men gevinsten kan bli stor. Målet er ikkje å bli perfekt, seier Marshall, men litt etter litt mindre dum. Dette viser at han ikkje er heilt fri for å bruka merkelappar, han heller. Meir om dette på www.ivk.no

Kommentarar til dagens kronikk? Sjå kommentarfeltet under.