Dei siste 50 åra har det internasjonale amatørbokseforbundet (AIBA) vore oppteken av å betre tryggleiken for utøvarane ved å innføre strengare reglar som reduserer risikoen for skade. Innføring av hjelm og eit databasert skoringsssystem saman med kortare kampar har bidrege mest, ifølgje ein oversiktsartikkel som har kartlagt alle registrerte amatørkampar dei siste 59 åra. Det var derfor overraskande då AIBA i 2013 endra regelverket sitt ved å la mannlege amatørboksarar bokse utan hjelm. Bakgrunnen for det er at AIBA ønskjer å innføre ein ny profesjonell liga med tilsvarande regelverk som dei profesjonelle forbunda, i håp om å oppnå meir interesse og inntekter for sporten.

Dokumentasjonen på at hjelm reduserer førekomsten av hjerneskadar i boksing, er god. Bokseforbundet hevdar at hjelmen er ein falsk tryggleik ved at den fører til ein meir aggressiv boksestil og reduserer synet til boksaren. Ein kan derfor spørje seg kvifor dei nyttar hjelm på trening, samt at kvinner og barn held fram med å bruke hjelm dersom det er farlegare.

Det vi veit, er at boksesporten fekk redusert førekomsten av knockout eller hjerneskade då det vart innført påbod om bruk av hjelm i 1984. Skadar i ansiktet vart ytterlegare redusert med 90 prosent. Under OL i Helsingfors i 1952 enda 17 prosent av kampane med knockout, medan ingen kampar enda med knockout under OL i London i 2012. Les også:

Stortinget skal 16.12. stemme over lov som forbyr proffboksing og boksing utan hjelm i Norge. Idrettsforbundet og eit samla norsk fagmiljø med Helsedirektoratet og legeforeininga har teke avstand frå denne lovenderinga. Idrettsforbundet set folkehelseperspektivet framfor kortvarig økonomisk gevinst, og profesjonell boksing er ikkje underlagt WADA sitt strenge antidoping regelverk.

Ved å innføre strengare reglar har amerikansk fotball meir enn halvert førekomsten av hjerneskadar.

Auka eksponering boksesporten vil få dersom proffboksing vert tillate i Norge, vil nok på kort tid auke merksemd og sponsorinntekter rundt sporten. Det i den grad sponsorar vil la seg assosiere med hjerneknusing og i verste fall dødsfall som følgje av direkte slag mot hovudet. I staden for å gjere boksesporten meir farleg for å auke interessa blant publikum, burde AIBA og Norges Bokseforbund lære av amerikansk fotball. Ved å innføre strengare reglar som forbyr slag mot hovud, nakke og kontinuerleg utvikling av betre hjelmar, har amerikansk fotball meir enn halvert førekomsten av hjerneskadar.

Familie— og kulturkomiteen hevdar at kunnskapsgrunnlaget er for dårleg for å forby boksing utan hjelm i Norge, dette til trass for at fleire publikasjonar i medisinske tidsskrift dei siste åra dokumenterer skadeverknaden av å få gjentekne slag mot hovudet.

Les også:

Når hjernen vert utsett for eit slag, skjer det ein såkalla nevrometabolsk kaskade som påverkar korleis hjernecellene fungerer. Kort forenkla vert hjernecellene overstimulert ved ytre slag mot hovudet, det oppstår mangel på energi i cellene, noko som fører til at cella går i kvile. I denne fasen er hjernecellene med nerveutløparar meir sårbare for å pådra seg varig skade dersom ein får nye slag mot hovudet. Nye avanserte undersøkingar ved hjelp av MR-maskiner kombinert med avanserte teknikkar (diffusjons MR og diffusjons tensor traktografi) stadfestar dette ved at dei syner at nervebanene vert skada i tilfelle der CT eller vanleg MR-undersøkingar ikkje syner teikn til skade.

Eit vanleg problem ved skadar i pannelappen etter slag mot tinning, er redusert impulskontroll der den skada vert meir aggressiv.

Varig hjerneskade (encephalopati) hjå boksarar er beskrive i litteraturen tilbake til 1928. Over tid skjer ein avleiring av protein i hjernevevet som på lengre sikt kan føre til demens. Nyare studiar syner også at det skjer ei endring i hjernecellene i yngre alder som først og fremst gjer seg utslag i psykiske plager, der den råka også kan verte meir ustabil i humør og temperament. Eit vanleg problem ved skadar i pannelappen etter slag mot tinning, er redusert impulskontroll der den skada vert meir aggressiv. Det gjer at skaden også går utover tredje person.

Dessverre ser ein auka førekomst av skilsmisser etter ein hjerneskade. Pårørande har auka førekomst av depresjon og redusert livskvalitet. I eit moderne samfunn med strenge krav til fungering får mindre skadar store følgjer når det gjeld vidare utdanning og arbeid. Sjølv om prognosen er god, vert over 10 prosent av dei som vert lagde inn i norske sjukehus med ein lett hjerneskade varig arbeidsufør.

Dersom ein legg til grunn Familie— og kulturkomiteen sin vurdering, vil mange av dei som pådrar seg varig skade i profesjonell boksing ha rett til yrkesskadeerstatning. Korleis arbeidsmiljølova vert tolka i forhold til reguleringar som set krav til fysisk arbeidsmiljø, verkar heller ikkje å vere avklart no når Stortinget skal stemme over å oppheve lova som forbyr profesjonell boksing. Medisinsk støtteapparat kan ikkje hindre at unge boksarar vert varig skada i bokseringen, berre strenge reglar og utstyr som beskyttar mot slag mot hovudet kan hindre det.

Den frie vilje skal råde, men frie val inneber at den som vel å bokse utan hjelm veit følgjene av å leve med ein hjerneskade - og i verste fall leve med tanken om å ha teke liv i bokseringen. Vil du la dine barn bokse? Dersom ikkje, bør du tenkje deg om to gonger før du neste gang jublar over norske boksebragder.