Skal åleinemødrene redda velferdsstaten?

Staten truleg vil spara nokre kroner på å kutte overgangsstønaden til åleineforsørgjarar, men det er tale om små summar. For dei som blir ramma av innstrammingane vil det gjera ein stor forskjell.

nav.jpg

  • Helga Eggebø
    Sosiolog og blogger
  • Anne Hege Henden Strand
  • Liv Johanne Syltevik
Publisert:

Internasjonal migrasjon kan på sikt koma til å trugagrunnlaget for den norske velferdsstaten, slår Brochmannutvalet fast. For åførebyggja ei krise må heile folket i arbeid. Eit av dei konkrete tiltakautvalet føreslår er innstramming i overgangsstønaden til åleineforsørgjarar.Men forslaget er for symbolpolitikk å rekna og vil ha liten innverknad påvelferdsbudsjetta.

10. mai leverte Brochmannutvalet sin rapport. Dei harvurdert kva utfordringar den norske velferdsmodellen står overfor på grunn avauka migrasjon. Utvalet teiknar opp eit bilete av at den norskevelferdsmodellen på sikt er truga av innvandring fordi nokre grupperinnvandrarar ikkje kjem i jobb eller ikkje maktar å stå lenge nok i jobb. Eislik gruppe er innvandrarkvinner, og då særleg åleinemødrene.

Må arbeide for velferda

Løysinga utvalet skisserer er å få fleire folk i arbeid. Forå oppnå dette skal ein skjerpa kravet om at dei som tek imot velferdsstatlegeytingar skal vera i aktivitet. Ein lyt prøva skaffa seg arbeid, eller utdanningog kvalifikasjonar slik at ein seinare kan få arbeid, konkludererBrochmannutvalet.

Reint konkret føreslår dei derfor å stramma innovergangsstønaden til åleineforsørgjarar. Utvalet presenterer eit bilete avsomaliske kvinner som på grunn av rause velferdsordningar har gjort barnefødslartil sitt levebrød, kvinner som i den amerikanske konteksten har blitt stemplasom «welfare-queens».

På bakgrunn av denne skildringa føreslår utvalet eimaksgrense for kor mange periodar ein kan få overgangsstønad og eit tydelegarekrav om aktivitet. Brochmannutvalets innstilling er no sendt på høyring ogregjeringa uttrykkjer på sine nettsider at dei ønskjer ein debatt ominnvandring og integrering basert på fakta.

Få langvarige mottakarar

Kva for fakta byggjer så utvalet på når det gjeld overgangsstønaden?Ei undersøking utført av Fafo, som også Brochmannutvalet refererer til, viserat blant dei som tek imot overgangsstønad er det berre fire prosent av deinorskfødde og om lag fem prosent av dei ikkje-vestlege innvandrarane som harfått slik stønad i meir enn sju år (Kavli, Nielsen og Latif Sandbæk 2010).

I realiteten er det altså svært få som får stønad overlengre tid, og mange av dei som har fått stønad i meir enn sju år har faktiskvore under utdanning eller i lønna arbeid i denne perioden. Det er også litesom tyder på at overgangsstønaden hindrar innvandrarkvinner i å koma i arbeid.

Snarare viser Fafo-rapporten at fleire ikkje-vestlegeinnvandrarkvinner gjekk over i jobb etter overgangsstønad, samanlikna mednorskfødde. Dei somaliske kvinnene som Brochmannutvalet refererer til for ågrunngje kutt i overgangsstønaden, utgjer berre tre prosent av alle dei sommottar overgangsstønad i Noreg. Her føreslår ein altså generelle endringar pågrunnlag av eit nokså misvisande bilete av ei svært lita gruppe.

Må basere oss på fakta

Ein offentleg debatt om overgangsstønaden bør vera basert påfakta om ordninga som sådan og effektane ho har for heile gruppa av mottakarar.I 2010 fekk 23.087 personar overgangsstønad og dei fleste mottakarane erkvinner. Dagens ordning gjev opp til 12.607 kroner pr. månad, dersom ein eråleine med omsorga for barn under tre år.

Overgangsstønaden er dermed eit dårleg alternativ forkvinner som har moglegheit til å vera i lønnsarbeid med eit anstendiglønnsnivå. Dersom barnet er eldre enn tre år er det allereie eit krav at ein eri minst 50 prosent aktivitet, det vil seie i utdanning, lønnsarbeid elleraktivt arbeidssøkjande. Det er med andre ord berre dei med veldig små barn som«passivt» kan ta imot stønad. Dei fleste mottakarane er unge, åleinemødrer utanutdanning, samt skilte kvinner som treng økonomisk stønad rett etter eitsamlivsbrot.

Gir overgang til arbeid

Den nemnde Fafo-rapporten viser at dei som tidlegare harmotteke/motteken/mottekne overgangsstønad (både dei med og utaninnvandrarbakgrunn) faktisk var sysselsett i større grad enn andre kvinner medsame alder, utdanning og bustad.

Det er altså lite som tyder på at overgangsstønaden hindraryrkesdeltaking og fører til «passivitet» verken for åleinemødrer med eller utaninnvandrarbakgrunn. Snarare tyder tala på at overgangsstønaden fungerer i trådmed Brochmannutvalets målsetjingar – ordninga bidrar til å få folk i arbeid.

Lågare stønad gir fattigdom

Kutt i stønadene vil nemleg ikkje utan vidare få folk over ijobb. Alternativet kan like gjerne bli inntektstap og fattigdom. Innafor dennorske velferdsmodellen har det å hindra fattigdom blant åleineforsørgjarar ogdeira barn vore ein viktig politisk målsetjing.

Dette er noko Noreg langt på veg har lukkast med. Foreksempel viser komparative undersøkingar at skilsmisse ofte fører europeiskekvinner ut i fattigdom, og at dei taper økonomisk samanlikna med sine eks-menn.Dette er faktisk ikkje tilfelle i Noreg, viser doktorgradsarbeidet til AnneHege Strand ved UiB. Ifølgje/i følgjet analysane til Strand spelarvelferdsstatlege overføringar ei sentral rolle i å dempa dei negativeøkonomiske konsekvensane skilsmisse har for kvinner i Noreg.

Samtidig er framleis mange åleinemødrer i ein vanskelegøkonomisk situasjon. Kutt i overgangsstønaden vil ramme ei lita gruppe relativtlågt utdanna, unge kvinner, som åleine har den daglege omsorga og detøkonomiske ansvaret for små barn.

Kutt som symbolpolitikk

Vi stiller oss undrande til kva Brochmannutvalet vil oppnåmed kutt og strengare aktivitetskrav i overgangsstønaden all den tida mange avdei som får slik stønad i ein periode faktisk kjem seg i jobb etterpå. Sjølv omstaten truleg vil spara nokre kroner på å kutte overgangsstønaden er det ikkjeher dei største utgiftsposten ligg for Noreg i framtida.

Samanlikna med utgifter til pensjon og helse er det her taleom små summar. Forslaget er derfor for symbolpolitikk å rekna. Ein gjevinntrykk av at ein gjer noko for å redda velferdsstaten, men i realiteten vilnytteverdien av tiltaket mest sannsynleg vera svært liten.

For dei som blir ramma av innstrammingane på den andre side,vil det gjera ein stor forskjell. Åleineforsørgjarstønaden vart i si tidinnført for å redda kvinner frå ekteskap dei ikkje ønskja og frå fattigdometter skilsmisse. Dette har ein langt på veg lukkast med i Noreg. Men er det novorte slik at det er åleinemødrene som må ta i eit tak for å redda den norskevelferdsstaten?

Sei di meining i kommentarfeltet under!