Farewell, America

USA er statsminister Jens Stoltenbergs akilleshæl. Noreg er ikkje lenger i den inste krinsen av USA sine allierte. Med Obama i Det kvite hus vil Noreg gjerne tilbake i det gode selskap. Men har Noreg saker og arenaer for tette band til USA?

DØROPNAR: Noreg har prøvd å gjera fredsarbeid og bistand til ein døropnar i dialogen med USA.ARKIVFOTO: JUSTIN LANE/EPA

  • Bjørn H. Amland

Under den kalde krigen var Noreg strategisk viktig både for NATO og USA. Noreg stod sentralt i eit vestleg skjebnefellesskap som kravde djupt samarbeid og nær kontakt med det amerikanske leiarskapen. I dag er Noreg meir perifer, medan Danmark har vorte USA sin nye darling.

Torsdag 15. september 2005 ringde president George W. Bush til Jens Stoltenberg for å gratulera med raudgrøn valsiger. Ingen utanforståande veit nøyaktig korleis orda fall, men Stoltenberg fortalde Bush at Noreg ville trekkja ut sine 20 siste offiserar frå Irak. Avgjerda var eit kompromiss med regjeringspartnaren Sosialistisk Venstreparti (SV) som også var mot norsk NATO-medlemskap.

Norsk USA-kritikk

Reaksjonen kom i mai året etter. NRK melde at Bush hadde avslått ein førespurnad frå statsminister Stoltenberg om eit møte i Det kvite hus. Årsaka var den norske regjeringa si USA-kritiske linje. Heilt på slutten av Bush-epoken skreiv VG at Stoltenberg var den einaste regjeringssjefen i dei gamle NATO-landa som ikkje var invitert til Det kvite hus, forutan den spanske statsministeren José Zapatero som trakk spanske troppar ut frå Irak i 2004. Kontrasten var sterk til Stoltenberg sine danske og svenske kollegaer. Den danske statsministeren Anders Fogh Rasmussen var ein nær støttespelar for Bush både under krigen i Irak og Afghanistan.

Han møtte Bush fleire gonger. I 2005 la George W. Bush og presidentfrua Laura turen innom København på veg til G8-møtet i Gleneagles i Skottland.

Det er ikkje sikkert Noreg får betalt hos Obama fordi ein var kritisk til Bush.

Band til Obama

Der feira han gebursdagen sin over ein frukost med det danske statsministerparet. Seinare var Bush vertskap både på landstaden Camp David og hans private ranch i Crawford, Texas.

Rasmussen møtte sterk kritikk for alliansen med upopulære Bush, men forsvarte venskapen. Til Politiken sa han at det var eit historisk godt forhold mellom USA og Danmark: «Det er sjølvsagt til ein viss grad – kanskje også i høg grad – eit resultat av at Bush og eg personleg kjem godt overeins».

Sverige pleia forholdet til president Bush trass i at landet ikkje deltok i invasjonen av Irak. Fredrik Reinfeldt vitja Bush i Det kvite hus våren 2007 for å drøfte klima— og energispørsmål og EU har vore ei god plattform for å knyta band til Obama.

Dansk støtte til terrorkrig

I fjor haust hadde Sverige presidentskapet og representerte EU på G20-møtet i Pittsburgh og klimaforhandlingane København med fleire møte mellom Reinfeldt og Obama.

Danskane har utan atterhald gitt USA støtte i krigen mot terror, medan Sverige med EU som arena drøfta dei store globale spørsmåla med den amerikanske presidenten. Den norske regjeringa hadde ikkje slike alternativ på hand.

Det utanrikspolitiske etablissementet i Arbeidarpartiet har med kløkt forvalta forholdet til USA i mange av etterkrigsåra og det dårlege forholdet til Det kvite hus må ha vore ein høg pris å betala for regjeringsmakt med SV. Med Obama i Det kvite hus har Stoltenberg prøvd å reparera forholdet til USA.

Regnskog og global helse

Svein Melby, seniorforskar ved Institutt for internasjonale forsvarsstudier, åtvarar mot for stor optimisme og seier regjeringa i eit land ofte har lang hukommelse. Det er ikkje sikkert Noreg får betalt hos Obama fordi ein var kritisk til Bush.

Fredsprisen til Barack Obama gav Stoltenberg eit unikt høve til å gjere inntrykk på presidenten. I Oslo hadde dei eit timelangt møte der tema var nordområda, Afghanistan, Midtausten, og Stoltenberg sine to utanrikspolitiske hjartesaker regnskogsatsinga og global helsebistand. Spørsmålet er om dette er sakene som kan knyta sterke band til USA. Fire av tema på møtet med Obama var heilt eller delvis finansierte av bistand. Såkalla bilaterale saker som olje og energi blei skuva ned på ministernivå. Den norske militære innsatsen og bistanden til Afghanistan er truleg Noreg si viktigaste sikkerheitspolitiske sak.

Fred som døropnar

Oberstløytnant Tormod Heier ved Forsvarets Stabsskule har peika på at solidaritet i NATO no betyr å bidra militært langt borte. Stayerevne blir viktig. At Noreg ikkje vil delta i Sør-Afghanistan har svekka Noreg sin posisjon i alliansen.

Noreg har prøvd å gjera fredsarbeid og bistand til ein døropnar i dialogen med USA. Heier trur ikkje «dei mjuke humanitære saksområda gjev like god innverknad som politiske spørsmål som har med tryggleiken til eit land å gjere.»

Samstundes som Noreg har færre felles saker med USA er konkurransen om å nå fram i Washington DC blitt hardare, med nye land på arenaen som Kina, India og Brasil.

«Ein historisk dag»

Fire månader etter at president Obama drog frå Gardermoen i Air Force One, kom president i Russland Dmitrij Medvedev på ei to dagar lang vitjing. Kontrastane kunne nesten ikkje vore større. Djupe bilaterale saker var på dagsordenen og etter førti år med forhandlingar om delelina i Barents- og Polhavet hadde ein nådd ein avtale med russarane.

Stoltenberg omtalte det som «ein historisk dag» og sa at forholdet mellom Noreg og Russland aldri har vore betre. Ein smilande russisk president helsa på skuleborn på slottsplassen og delte ut russiske medaljar til norske krigsveteranar. Naboskap og felles historie blei stadfesta.

Balansen i slike nære relasjonar med Russland er Noregs vestlege forankring. Sidan vi ikkje er med i EU, blir USA enda viktigare. Trass i dei kjølige politiske relasjonane på politisk nivå under Bush-epoken, har samarbeidet med USA på embetsmannsnivå halde fram nesten uforstyrra.

Fred, regnskog og bistand

Utanriksdepartementet har dei siste åra invitert til debattar på ei rekkje område i lys av ein ny global dagsorden. Det omfattar bistand, Noreg si rolle i internasjonale konfliktar som Afghanistan, ny India-strategi og Kina. Nesten dagleg kan ein finne arrangement eller seminar i hovudstaden.

Det er eit stort og positivt engasjement, og for regjeringa er det viktig å forankra politikken. Men vi har ingen omfattande debatt om vår viktigaste allierte USA i ein ny global verdsorden. Kva er Noreg sin USA-strategi? Kan fredsmekling, regnskog og bistand vera viktige berebjelkar i Noreg sitt forhold til USA?

Sterke folkelege band

USA-politikken ser framleis ut til å vera eit konfliktfylt tema i den raudgrøne regjeringa og mest noko for embetsverket å sysle med.

Det er over to generasjonar sidan krigen var slutt og enda lengre sidan den store utvandringa til Amerika knytte sterke folkelege band. Historiene om heltane frå krigen og slektningar som utvandra lever nok framleis i mange norske heimar. Men politisk er vi kanskje i ferd med å seie eit langsamt «Farewell, America».