Korttenkt multikulturalisme

Politi skal etterstreve nøytralitet, difor er det eit prinsipielt mistak å bringe inn spesielle verdimarkørar i politiuniformene.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Kronikk av Gunnar Skirbekk, professor em., Senter for vitskapsteori, Universitetet i Bergen

Er nøytralitet mogleg? spurde Mohammed Usman Rana under eit diskusjonsmøte i Studentsamfunnet i Bergen 05.02.09, idet han tok utgangspunkt i hijab-debatten og gjekk inn for at politiuniforma bør kunne kombinerast med hijab for å avspegle mangfaldet i det norske samfunnet. Dei same poenga tok han opp i eit innlegg Aftenposten 12.02.09 («Forvillede vaktbikkjer»), der han (merkeleg nok) omtalar hijab som eit «tøystykke», og meiner at motstanden mot hijab beror på mistillit til profesjonaliteten hos norske muslimar; og på ny spør han kva skilnaden kan vere mellom å ha eit muslimsk namn og å synleggjere sin muslimske religiøsitet ved hijab, for ein som arbeider i politiet.

Her trengst det ein del begrepsarbeid.

Felles for alle

Nøytralitet kan vere så mangt. Vitskapleg verksemd skal vere verdinøytral (livssynsnøytral, for å seie det slik), men samtidig er vitskapleg verksemd nødvendigvis normstyrt, t.d. ut frå normer om sakleg argumentasjon og om ikkje å fuske under vitskaplege forsøk eller jukse ved presentasjon av forskingsresultat. Tilsvarande for domstolane og politiet, dei er nødvendigvis normstyrte. I ein demokratisk rettsstat skal dei fungere ut frå gjeldande lov og rett, felles for alle samfunnsborgarar. I den forstand er domstolar og politi normbaserte samtidig som dei skal etterstreve nøytralitet overfor særinteresser og gruppespesifikke verdiar. Poenget med politiuniform og dommarkappe er å signalisere denne nøytraliteten: lov og rett er eins og felles for alle. Derfor er det eit prinsipielt mistak å bringe inn spesielle verdimarkørar i desse uniformene.

Eit felles symbol

Er hijab eit tøystykke? Ja, dét også. Liksom Bibelen (i dag) er papir med trykksverte og menneskekroppen stort sett er vatn. Men det er jo tøvete å skulle meine at alt er sagt med det. Tilsvarande kunne vi også seie at flagget vårt er eit tøystykke, men det ville jo vere å sjå bort frå poenget med å ha eit flagg, som eit fysisk symbol på fellesskap.

Og vi bør jo ha eitt flagg (sjølv om det av historiske grunnar er prega av ein kristen kross og av fargane frå den franske revolusjon). For kva er alternativet? Skulle også dette tøystykket ha synlege innslag av forskjellig slag, for slik å avspegle mangfaldet i det norske samfunnet, for eksempel av svenske og danske og polske og tyske og vietnamesiske og chilenske og pakistanske fargemarkørar, etc.? Sjølvsagt ikkje, for dette flagget, nettopp slik det er, representerer eit felles symbol for alle norske statsborgarar. Slik er det også med uniformene i politi og rettsvesen, som symboliserer det vi har felles.

Eit synleg mangfald

For kva er det vi bør ha felles, i eit moderne samfunn med verdipluralisme, der religiøs pluralisme er eitt av innslaga? Mangt kan seiast om poenget med eit synleg mangfald og med at ulike røyster får komme til orde. (Men korleis bestemmer vi kven eller kva som skal reknast med i mangfaldet?) Men samtidig er det også mangt å seie om behovet for at noko er felles. Vi kan saktens drøfte kor balansepunktet bør liggje, men det må i det minste vere slik at lovene og rettsvesenet er eins og felles for alle, at denne rettslege fellesskapen ikkje blir splitta opp etter etniske eller andre inndelingar, og at uniformene for politi og rettsvesen derfor bør vere nøytrale overfor spesielle religiøse og politiske markørar.

Ei felles uniform

Kva så med mørk hud og framandkulturelle namn i politiet? Vil ikkje dette tilsvare det å ha hijab i uniforma, spør Rana. Nei, det er å snu saka på hovudet. Religiøse og politiske markørar er noko ein i prinsippet har valt; og klesplagg, også dei med markørar, tar vi av og på kvar dag. Med hudfarge og namn er det annleis, dei er der; i så måte er vi forskjellige. Men nettopp derfor treng vi ei felles uniform.

Dessutan, desse uniformene er spesielle. Dei er for eksempel ikkje som uniformene for parkeringsvakter eller i Frelsesarmeen, fordi status og funksjon er heilt annleis. Dette er uniformene for dei som utøver legitim makt: Politiet skal etter evne roe ned når det oppstår prekære situasjonar, og politiet kan i gitte situasjonar bruke fysisk makt, i verste fall ved skarpe våpen. Dette er ein avgjerande praktisk grunn til at politiuniforma bør vere nøytral.

Religiøse markørar

I slike tilfelle er det ikkje primært tale om korleis den enkelte polititenestemann/kvinne oppfattar seg sjølv, men korleis dei kan bli oppfatta av andre, i prekære konfliktsituasjonar. Derfor er det ei avsporing å insinuere at det er tale om mistillit til profesjonaliteten til norske muslimar når ein åtvarar mot hijab og andre former for religiøse og politiske markørar på politiuniforma. Problemet her gjeld ikkje for muslimar meir enn andre, og det gjeld ikkje primært korleis politimenn/kvinner opplever seg sjølve, men korleis dei i gitte situasjonar blir oppfatta av andre.

Viltveksande haldningar

Somme har tatt til orde for at vi bør vi gjere som Storbritannia, Sverige og USA i slike saker. Tja, tru det. Det står vel igjen å sjå korleis det går. Og dessutan: Mellom anna på grunn av viltveksande religiøse haldningar, som ikkje i tilstrekkeleg grad er modererte ved seriøs religionskritikk, fører USA ein politikk overfor Israel og palestinarane som er til skade for oss alle. Svenskane er tradisjonelt dyktige til å tilpasse seg og leggje lokk på vanskelege tema. Britane har ei kolonial historie der dei utnytta sikhar og andre folkegrupper som soldatar til forsvar for britiske interesser, idet dei samla seg om kongehus og marknadsinteresser, mens vi har ein tradisjon med universitetsutdanna embetsmenn og sterk rettsstat. Alt i alt er det i dag ingen grunn til at vi, med vår samfunnsskikk og våre historiske erfaringar, skal avstå frå å drøfte problema og at vi passivt skal kopiere dei andre.

Felles og forpliktande

Føresetnaden for ein vellykka pluralisme er at det finst noko som er felles og forpliktande for oss alle. Om ikkje dette skulle omfatta felles lov og rett, og felles symbol knytte til dette, er det vanskeleg å sjå kva det skulle vere, i moderne pluralistiske samfunn. Det er ikkje smart å nøye seg med å framheve at vi alle er forskjellige og at dette bør avspeglast over alt i samfunnet. Ein slik reindyrka multikulturalisme er prinsipielt uhaldbar og dessutan ein farefull veg å slå inn på.

Mohammed Usman Rana: Eg snakkar om homo sapiens , ikkje spesielt om norske muslimar; eg talar om forholdet mellom rettsleg fellesskap og verdimangfald i moderne demokratiske rettsstatar, ikkje berre om hijab, men også om andre politiske og religiøse markørar som ved ein korttenkt og reindyrka multikulturalisme kan bidra til å svekke den rettslege fellesskapen, til skade for oss alle.

Publisert

Les mer om dette temaet

  1. Muslimsk utpressing<p/>

  2. Politifolk sier nei til hijab

  3. It's the religion, stupid

  4. Tror politihijab vil gi bedre integrering

  5. Hijab-strid innad i Ap

  6. Forfattere mot politi-hijab

  7. Vurdererer hijab for dommere

BT anbefaler

Her strømmer de på for å gjøre gratiskupp: – Vi hadde ikke forventet så mange folk

Køen av unge mennesker strekker seg flere hundre meter i solskinnet.

LES SAKEN