Det nynorske sjølvmordet

Når eg ikkje lenger klarer å halde styr på formverket i nynorsk, misser eg då oversynet? Mistar eg det? Mister? Missar . . .? Faen veit. Og han er snart den einaste.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 16 år gammel

Skjalg Longva. Skjalg Longva (53) er utdanna journalist frå medielina ved Høgskulen i Volda. Han har også studert norsk språk og litteratur og jus.

Direktør Ottar Grepstad i Nynorsk kultursentrum har gjort det til ein tradisjon å halde årstale om tilstanden for nynorsk skriftkultur. Fjorårets tale hadde overskrifta «Den språklege lekkasjen». Grepstad tok føre seg det faktum at mange forlèt nynorsken etter grunnskulen. Grepstad spurde kvifor dette skjer og rubriserte målbytarane i sju typar. Alle vert påverka av ytre forhold.

Grepstad stilte ikkje spørsmål om det er noko ved nynorsken sjølv som skremmer brukarane over til bokmålet. Men det er det. Først og fremst formverket. Som er altfor oppkløyvt og omfattande. Dernest dei stadige rettskrivingsreformene. Som gjer nynorsken til ei leikestove for filologar på statleg lønnsregulativ. For oss andre har nynorsken vorte utydeleg. Vi er ikkje lenger sikre på ei einaste bøyingsform. Og vi rømer ut bakdøra.

Det er lett å forstå. Sjølv gruer eg meg som ein hund når kona ber meg tapetsere stova. Eller leggje parkett. Eg er ingen snikkar. Eg meistrar det ikkje. Eg veit på førehand at resultatet ikkje vert tilfredsstillande. Nettopp slik føler mange nynorskbrukarar det. Dei veit at dei har falle av lasset, og at teksten vert full av plett og lyte. Så går dei heller over til bokmål.

Men vi har problem fordi vi les for lite nynorsk, vil mange innvende. At det er årsaka til at vi ikkje lærer denne målforma like godt som den andre. Ja visst, men det er knapt von om at vi får lese meir i framtida. Dermed er det dobbelt viktig med ei målform som er lett å lære — ja, som er mogeleg å lære også for oss som ikkje skal verte norsklærarar, men bønder, kjøpmenn, bilmekanikarar og journalistar.

Vi vil så gjerne, men vi får det ikkje til. Sjå på lesarinnlegga i avisene. Sjå den hjelpelause nynorsken. Sjå kor usikre nynorskbrukarane er. I mi tid har eg lese og redigert nokre tusen slike innlegg. Det er påfallande kor mange nynorskbrukarar som slit tungt.

Så kan vi spørje: Gjer det noko om vi bommar litt i fortid og notid og gjer sterke verb svake? Nei, var det så. Men dette handlar ikkje om rettskriving. Det handlar om fråfallet frå nynorsken. Det nynorske sjølvmordet. For folk er ikkje dumme. Ikkje «folk flest» heller. Dei veit når dei er på tynn is. Då karar dei seg inn på trygg grunn.

Forfattaren Karsten Alnæs tok føre seg problemet på eit målstemne på Stord for nokre år sidan. Han viste til den franske seiemåten «les amis se battent» som på norsk tyder noko slik som at «nokre vener slåst». På fransk kan dette skrivast på berre ein måte. Den rette. På nynorsk kan det skrivast på 36 ulike vis, påviser Alnæs.

Så ille er det ikkje alltid, erkjenner han. Men Alnæs eksemplifiserer: Blar vi i ordlista, ser vi at heilt vanlege ord kan skrivast på fire ulike vis eller meir, til dømes ein motsetnad , som attåt kan heite ei motsetjing , ei motsetting og ei motsetning .

Dette er ei ynskt utvikling. Nynorsken skal femne målføra og gje rom for ulike former og språklege uttrykk. Eller som journalisten og kåsøren Linda Eide formulerte det i LNK-avisa i fjor ein gong: «Ein kan sjonglera med former, triksa med orda, skapa ulike stilar, og likevel følgja rettskrivinga. Vil eg vera gamalmodig ein dag, skriv eg sumar, vil eg ikkje markera noko som helst, skriv eg sommar. Stundom passar det betre med høver, stundom må det berre vera lyt. Nynorsk er friheit, orsak fridom, under ansvar».

Hyggjeleg for Linda Eide. Men: Ho er på statsregulativ i NRK og har slikt å gjere. For oss andre er det til slutt ingen ting som er rett og ingen ting som er gale. Og Riksfondet for nynorsk presse gir Vinjeprisen til ein språkleg anarkist som Andreas Hompland.

Kan vi tenkje oss det same i andre språksamfunn? At Det Franske Akademi gir ein heiderspris til ein skribent som konsekvent bryt med fransk rettskriving? Det framstår som utenkjeleg. Men i den nynorske skriftkulturen er det mogeleg. Kva seier det om nynorsken? Mange ting faktisk. I denne samanhengen at kløyvinga i formverket har gått så langt at normløysa har vorte prisverdig.

«Dialekt kan vera bra, men når dialektar vert opphøgde til skriftnorm, går det gale. Og ettersom bokmålisering øydelegg dialektane meir og meir, endar me i ein hjelpelaus kvasinynorsk. Dette aukar ikkje respekten for nynorsken blant dei som vil nynorsken til livs, og dei kan med full rett seia: 'Nynorskfolk kan jo ikke sitt eget språk'», skreiv pensjonert grunnskulelærar Hallvard Hegna i eit innlegg i Dag og Tid i fjor. Han avslutta med eit krav til nynorskfolket om «ein skikkeleg normal».

Til hausten kjem Bibelen i ny utgåve på nynorsk. Utgåva illustrerer eit anna problem: at dagens vide nynorsknormal også femner om former som ligg tett opp til bokmål. Det ber Bibelen preg av, og det er ikkje uventa. Den nye direktøren i Norsk språkråd, Sylfest Lomheim, har vore språkkonsulent for den nye utgåva. I eit intervju med Dag og Tid i februar i år seier Lomheim at «eg synest det er flott at skilnaden på nynorsk og bokmål kan vera liten og usynleg». Språket i den nye bibelomsetjinga synest å vere tufta på dette prinsippet.

Men dersom skilnaden på nynorsk og bokmål vert usynleg, kva skal vi då med nynorsk? Og kvifor skal elevar i grunnskule og vidaregåande skule lære sidemål? Og korleis i all verda skal vi nynorskingar klare å lære nynorsk når vi ikkje ser skilnad på vår målform og bokmålet?

På oppdrag frå departementet har Norsk språkråd nyleg freista å forenkle den nynorske rettskrivinga. Det lykkast ikkje. Systemet med hovudformer og sideformer vert oppretthalde. Så debatten er naturlegvis ikkje ny. Langt ifrå. Han har gått i heile nynorsken si levetid. Om det her vert lagt til eit nytt moment, så er det at utydeleggjeringa er ein pådrivar til målbyte.

Nei, forresten, det er visst også sagt før. Og mykje betre. I april 1871 skreiv Ivar Aasen til bladstyret i Andvake: «Det er dog den første og simpleste Fordring til ethvert Bogmaal, at det altid skal vise sig i samme Form, og at Ordene skulle see ligedan ud i den ene Bog som i den anden, og i det ene Aar som i det andet. Var ikke dette, saa kunde vi ikke engang lære at læse og endnu mindre at forstaae noget Sprog tilgavns».

Nei, nettopp. Og no må vi gje nynorsken attende til bønder og bilmekanikarar og journalistar. Det gjer vi på denne måten: Vi vedtek ein normal utan sideformer og klammeformer. Berre ein einaste skrivemåte er rett. Alle andre er feil. Og så gjer vi prinsippvedtak om at denne normalen skal vere uendra i hundre år. Nei, fem hundre år! Så klarer vi å lære nynorsk alle saman. Og bruke han.

NYNORSKEN er under angrep frå alle kantar, og ikkje berre utanfrå.
Publisert
BT anbefaler

Fire ting du må vite om superstjernen som skal spille for 23.000 mennesker i Bergen

Artisten fra Dallas har vært en av de mest markante stemmene i den internasjonale popmusikken de siste ti årene.

LES SAKEN

Mest lest akkurat nå

  1. – Høgaste tal vi har sett på lenge

  2. Hordviktunnelen åpen igjen

  3. 30 prosent av bilene skulle vekk. I stedet har det motsatte skjedd.

  4. – Jeg har en viktig melding til dere som river andre ned

  5. Ny byarena kan stå ferdig om få år. Først må de bruke 250 millioner på å fjerne Bygarasjen.

  6. Her sparker hun i gang Post Malone-festen