Lov og rett i Dubai

Marte-saka fekk ei lykkelig løysing. Men lovene ho vart dømt etter er ikkje endra og kan fortsatt ramme lokale kvinner.

DUBAI: Shaykhdømma i Golfen er på mange måtar «kunstige» statar bygd på oljerikdom med eineveldige emirar og sultanar, skriv Knut S. Vikør. Foto: Uglum Morten

  • Knut S. Vikør
    Professor i historie, Universitetet i Bergen
Publisert:

Det førte til eit sjokk gjennom Norge og i internasjonal presse, at ein kan bli dømt sjøl etter å ha anmeldt ei valdtekt. Men det er ikkje første gong dette skjer. Særlig har vi hørt om det frå andre patriarkalske land som Pakistan, der slike reglar klart blir brukt som eit våpen for å halde lågstatuskvinner nede. Omstenda der er annleis enn for den norske kvinna i Dubai, men fella dei fall i, var i prinsippet det samme, at anklage om valdtekt førte til straff for anmeldaren.

Sharia og valdtekt

Korleis kan dette skje? Gjer shariaen det straffbart å vere valdtektsoffer? Det kunne ein kanskje tru, og konsekvensen kan altså faktisk bli det — når dei som set lovene ut i verk, vil det slik. Men for å forstå korleis ein kunne komme dit, må ein sjå litt på lovsystema i muslimske land og kva rolle sharia har i dei ulike landa.

Sharia-lova

I utgangspunktet er sharia ei religiøs lov, utvikla av muslimske lærde i middelalderen (frå 900-talet av), som har reglar for det meste. I moderne tid er det berre eitt land, Saudi-Arabia, som brukar denne «klassiske» sharia-lova i tilnærma rein form. Dei fleste andre muslimske land har ei blanding av moderne, sekulære lover inspirert frå Europa og noen nasjonale lover som er inspirert av shariaen, men tilpassa av ein lokal lovgivar. Det er spesielt i familiesaker, for eksempel ved ekteskap og skilsmisse, at ein finn reglar bygd på shariaen, mens straffelovene i dei fleste land er sekulære.

Tyngdepunktet skiftar mye mellom muslimske land, noen har nesten ingen sharia-innverknad, som Tunisia, andre meir konservative land er sterkt påverka. Gulf-statane står langt ute på konservativ side, og har også element av rein klassisk lov i familielova, ulikt dei fleste andre. Noen islamistiske land som Iran og Sudan har også tatt inn att straffereglar frå shariaen som tidligare var fjerna.

Konservative Dubai

Valdtekt hører inn under straffelova, og er altså ikkje direkte styrt av shariaen i desse landa. Men i det konservative Dubai er likevel innverknaden frå shariaens normer og verdioppfatning sterk, slik at dei altså gjer frivillig sex utanfor ekteskap og alkohol-konsum straffbart i si straffelov.

Den klassiske sharia-lova gjeld berre for muslimar, men landets straffelov gjeld for alle i landet. Derfor kan den konkrete praktiseringa av lova vere annleis enn i dei klassiske bøkene. Når det er den nasjonale lovgivaren av i dag som fastset regelverket, kan vi ikkje lese dagens praksis direkte ut frå dei historiske kjeldene.

To straffenivå

Dei klassiske reglane er relativt klare her. Valdtekt er, som vi kan vente, ein forbrytelse som skal straffas hardt, valdsmannen straffas både for ulovlig sex og for valden. Offeret er naturligvis straffri.

Når det gjeld frivillig sex utanfor ekteskap, så må ein skille mellom to straffenivå. Det eine er den straffa som er oppfatta som pålagt i Koranen, den såkalla hudud-straffa, som er dramatisk - dødsstraff eller pisking og forvising - men der det også er så strenge beviskrav at det er nesten umulig å bli dømt, enten fire moralsk høgtståande menn (ingen kvinner) som bevitna sjølve handlinga eller tilståing i retten (som kan trekkas tilbake). At desse beviskrava var satt så umulig høgt, var gjort med hensikt: desse reglane skulle først og fremst avskrekke frå umoralsk handling.

Men sjøl når det ikkje fantes slike bevis, var handlinga likevel oppfatta som ein forbrytelse. Mistenkte kunne derfor også dømmas etter vanlige straffereglar, med lågare beviskrav, men også meir normale straffar som fengsel eller liknande, noe som var langt meir vanlig. Saker om valdtekt vil derfor oftast ha falle i den siste gruppa, også når det gjeld kvinnas påstand om valdsbruk skal det brukas vanlig bevisførsel og indisiar, som til dømes om ho straks gjer anskrik og og varslar nærståande, kan det føre til domfelling av valdsmannen.

Må endras

Dette er altså den klassiske lova, slik den vart utforma i middelalderen. Moderne muslimske statar har da muligheit til velge mellom ulike former: Mange kan sjå heilt bort frå desse reglane, sidan straffelovene for øvrig er moderniserte og sekulære. Dei strenge islamistiske statane kan i staden gjeninnføre dei koraniske hudud-reglane, men under dei klassiske vilkåra, slik at dei aldri eller nesten aldri blir praktisert. Eller så kan landa straffe «ulovlig sex» gjennom eigne straffelover eller i generelle reglar om «usømmelig atferd», «brot på offentlig orden», eller liknende.

Det er altså det siste som er tilfellet i Dubai, og det er dette som er problemet for det vi oppfattar som menneskerettar: At frivillig sex mellom voksne personar blir eit anliggande for staten og rettsvesenet. Utan det ville ikkje dette vore noen sak - det er diverre ikkje uvanlig heller i vårt land at eit offer for valdtekt ikkje blir trudd i retten, som meiner det var frivillig. Forskjellen er den konsevensen ein slik konklusjon fører med seg. Skal vi kunne vere sikker på at det ikkje oppstår fleire «Marte-saker», er det desse lovreglane om sex utanfor ekteskap som må endras.

Ideologisk schizofrent

Det blir ikkje lett å oppnå, for dette lovverket er tett vevd inn i den politiske strukturen i shaykhdømma i Golfen. Dei er på mange måtar «kunstige» statar bygd på oljerikdom med eineveldige emirar og sultanar. På den eine sida er dei heilt avhengige av å operere fritt i den internasjonale marknaden med utanlandske aktørar, og er moderne kva gjeld teknikk og økonomi. På den andre sida kan emirane berre halde på si eineveldige makt og rikdom ved å slå eit bolverk rundt «tradisjonen», ein nostalgisk ideologi om «den frie arabaren» der shaykhen i sin visdom bestemmer det som er godt for alle.

Den strenge moraloppfatninga er ein uomgjengelig del av denne samfunnsideologien, og sidan statsborgarane i landet tener godt på den rikdommen som strømmer til dei, vil dei ikkje risikere at systemet kjem i ulage. Dette er likevel ideologisk ganske schizofrent, og det er spenningar mellom det moderne og det tradisjonelle.

Det kan derfor komme mindre og gradvise reformar gjennom ei sakte endring i normene hos dei unge, men den todelte haldninga om å vere «vestlige» i utlandet og «tradisjonelle» heime bygger mye på frykta for at om ein drar for mye i lause trådar i samfunnssystemet, kan det heile gå i oppløysing. Det er derfor trulig at det er berre ei omfattande endring av samfunnssystemet i regionen som vil føre til grunnleggande reformar i lovverket deira i slike moralske spørsmål.