Likskapstyranniet

Velferdsstaten duger ikkje som nasjonalt prosjekt. Er lagnaden åt det norske demokratiet forsegla, spør tredjeprisvinnar i kronikkonkurransen, Ola Godø Andersen.

VELFERDSSTATEN: Med Erna Solbergs bok vart alle bruer brent. Når ein les «Mennesker, ikke milliardar», kan ein spørje seg om ikkje ordet velferdsstat faktisk bør forståast reint bokstaveleg, og at vi faktisk har å gjere med eit slags founding document til ein ny stat, skriv Ola Godø Andersen.

JAN M. LILLEBØ (ARKIV)
  • Ola Godø Andersen
    statsvitar og konsulent

Denne vinteren har vore rik på døme på folkestyret sin mangslungne natur. På den eine ytterkanten finn vi ei ung og dynamisk arabisk middelklasse som har fått ferten av den søte lukta av fridom, tar Historia i eigne hender og med vidopne auge og eld i hjartet styrtar inn i uvissa.

I motsett ende finn vi dei breie, halvgamle og politisk tempererte norske mellomlaga. Som sine klassefrendar i sør tok dei mannsterkt og flaggviftande ut i hovudstadens gater, men her var det ikkje noko tale om demokratisk revolusjon. Snarare heller det motsette, sidan det nett er uvissa og utryggleiken som er adelsmerka åt det sanne demokratiet. I deira namn er nemleg sterke krefter sette i sving med sikte på å meisle ut den politiske røyndomen for generasjonar frametter. Det er i så fall tale om ein slags antirevolusjon, eller ei forsegling av det norske demokratiet.

Eldgammal spådom

Med partiet Høgre sitt sjølvvalde fall inn i velferdsstaten, er Noreg ved inngangen til det 21. hundreåret i ferd med å oppfylle Alexis de Toquevilles 170 år gamle spådom: i eit demokratisk likskapssamfunn vil folkestyret til slutt tømmast for all meining og kverve bort lik eit utgamalt ritual ingen lengre kan hugse føremålet med, eller eit språk ingen lengre kan tyde.

Likskapssamfunnet, velferdsstaten, «fellesskapet», verdas mest likestilte land. I det seindemokratiske Noreg har dei klassiske politiske byggjesteinane nasjon, historie, religion og kultur alle blitt kasta på havet til fordel for dette gåtefulle mantraet om likskap.

Det endelege fallet inn i likskapsserviliteten som Toqueville åtvarar mot, byrja i vinter med Høgre sin paniske kamp for eigarskap til velferdsstaten og debatten om ’velferdsfella.’ Då NHO lanserte dette omgrepet – ei trendframskriving kor fleire og fleire av landets unge vert permanent fordelte på ymse trygdeordningar medan talet på eldre og førtidspensjonerte veks i rekordfart – skulle ein kanskje tru at her fann endeleg liberale og konservative av alle fargar saman om i det minste eit ord som inviterte til tvisyn om dei politiske og sosiale røyndomane.

Umerkbart glir fridomen unna i ein graut av oppussing, trening til Birken og Nav-reformer

Uuthaldeleg ordskifte

Men som eit vedvarande flashback til studentersamfunna vart debatten som følgde kapra av ungdomspolitikarar og tenketanktenkarar i alle aldrar og redusert til dette uuthaldelege liksomordskiftet kor gladideologisk ungdom slår kvarandre i hovudet med velferdsstatistikk og historier om kor mykje verre alt hadde vore om dei andre fekk styre. Og med Civitahistorikar Bård Larsens bok om SVs flørting med kommunistiske terrorregime i syttiåra, måtte vi sanneleg gå nok ein runde med venstresida si tapte uskuld.

Med Erna Solbergs bok vart alle bruer brent. Når ein les «Mennesker, ikke milliardar», kan ein spørje seg om ikkje ordet velferdsstat faktisk bør forståast reint bokstaveleg, og at vi faktisk har å gjere med eit slags founding document til ein ny stat. Velferds— og forvaltningssjargongen er så totalt dominerande at den må vere meint å erstatte religion, nasjonal kultur og klassiske dygder som nasjonale mytar og metafysisk råstoff i denne nye staten. Kva slags samfunn vil dette bli?

Den mjuke despotismen

Toqueville meinte å ha oppdaga at det nye demokratiet han gjorde ei rundreise i kvilte på ei veldig motsetning. Dei like vilkåra ser nemleg ut til å produsere isolerte og einsame individ opptekne med trivielle kvardagssyslar, og dermed ute av stand til kollektiv handling. Slik legg likskapen grunnlaget ikkje berre for generell demokratisk apati, men ei ny og meir omfemnande form for tyranni. Av alle samfunn trer denne mjuke despotismen mest tydeleg fram der kor demokratiet er bygd på restane av det falne aristokratiet – slik som hjå oss, kor attreisinga av det gamle embetsmannsstyret vert tydelegare for kvar maktutredning.

Lik tåka som sig inn Oslofjorden vinterstid smyg det stadig meir djuptfemnande forvaltningsregimet seg inn mellom menneska og bygg opp usynlege murar mellom individa. Umerkbart glir fridomen unna i ein graut av oppussing, trening til Birken og Nav- reformer. Sjølv Framstegspartiet, som umedvite vêrar djup mistru til velferdsterminologien, blir slite mellom fridomsinstinktet og det minst like gamle agget mot annleistenkjande.

Vestlandsopprøret

Sentralisering er ein sjølvsagt del av likskapssamfunnet. Trass motkulturar og uhøyrde konstellasjonar som sentrumsregjeringar og tre statsrådar for to tingmenn, let ein sentraliseringa av politisk og økonomisk makt passere som noko heilt naturleg i Noreg. Med Senterpartiet i regjering vart regionsreforma forbigått i stille.

I spaltene til Bergens Tidende har det lenge vore tale om eit gryande vestlandsopprør. Men etter monstermastvedtaket skal visst det lokale Ap-laget i Granvin leggjast ned. Gir bortgangen bod om ein nasjonal demokratisk død?

Harmoni utan ideologi

Vi kan tenkje oss at einskapen og serviliteten i mellomlaga fungerer bra som grunnstammen i likskapssamfunnet utover det andre tiåret i det tjueførste hundreåret. Men det er ein forvalta harmoni og difor eigentleg utan ideologi. Etter kvart vert desse store, og i botnen godlynte, masseutdanna mellomlaga stilt ovanfor stadig vanskelegare val som særleg utfordrar solidariteten nedover. Utover det neste tiåret byrjar presset på velferdsordningane å auke medan det vert verre og verre å halde dei rike i taumar.

Straumen av oljepengar søkk brått til det halve på knappe tjue år. Samstundes har trygdeproletariatet, diverse innvandrargrupper og dei andre på utsida av normaliteten for lengst avslørt at "fellesskapet", som alle parti frå SV til Høgre enno svergjer til, er utan innhald. Hatet mot forvaltninga veks og stadig oftare visar det seg at trygd og arbeidslause går i arv. Allereie i 2011 kunne ein vekevis lese avisinnlegg kor Nav vert skulda for å ha øydelagt livet til elles oppegåande folk. Men fordi det ikkje rår nokon politisk fridom i praksis synast det uråd å byggje nye politiske rørsler.

Framtida

I ein kortlevd koalisjon med Høgre etter valet i 2013 vert Framstegspartiet splitta og kjem seg aldri att. Dei lukkast aldri med å splitte eliten og vart dels inkorporert og dels gløymd. Mellomlaga har konstruert ein offentleg skule bygd på sinnelagsetisk moralisme for eigne born, og fungerer dermed ikkje lenger som sosial løftestong. I alle høve ser det ut til at dei fleste med god råd held seg med private tilbod innan utdaning og helse. Dei rike såg seg etter kvart leie på politisk eksklusjon og satsa i staden på å ta over staten frå innsida via enorme kvasistatlege selskap etter kinesisk modell.

Heldigvis held Toqueville ei dør open. Det er opp til nasjonane sjølve om likskap ender i fridom eller servil trældom. Om dei utskjelte arabarane skulle kome til å redde demokratiet ville nok det ha vore ein historisk ironi fleire enn Toqueville hadde sett pris på.

Diskuter kronikken under: