Sveinung Rotevatn

Europa har vore gjennom den verste økonomiske krisa sidan 1930-talet. Takka vere opne grenser har det likevel vore mogeleg for menneske i ein vanskeleg situasjon å søkje lukka for seg og sine.«Vi må vise solidaritet med fattige i andre land», er ei setning dei fleste i norsk partipolitikk kan stille seg bak. Også underteikna. Det ein eigentleg meiner med dette, er at ein skal sende pengar til nokon.

Les også:

Bistand og nødhjelp kan vere vel og bra, men det er fort gjort å gløyme kva som er det desidert viktigaste verkemiddelet for fattigdomsreduksjon: Å byggje ned grenser.

Få stadar er dette meir tydeleg enn i vår eigen verdsdel. Gjennom inkludering av stadig fleire land i det europeiske økonomiske samarbeidet, har grensehindringar for 500 millionar menneske blitt bygde ned.

Der tollmurar og visumsøknadar tidlegare la effektive hinder i vegen for vareflyt og arbeidsmigrasjon, er dagens Europa ein grenselaus verdsdel for dei aller fleste av oss.

Dette har ikkje skjedd utan kamp. Og prinsippa for fri flyt har sine motstandarar. Her heime trivst motstanden best på dei politiske ytterfløyene, samt i det agrare sentrum. Vi skal likevel vere glade for at dei liberale prinsippa har vunne fram.

Les også:

Ikkje minst no når Europa har gjennomlevd ein periode med stor økonomisk uro, har det vore avgjerande at arbeidskraft kan søkje seg dit det er arbeid å få. Dette har ikkje kunne hindre til dels dramatisk høg arbeidsløyse i mange land, særleg i Sør-Europa. Men det har dempa problema.

For Noreg sin del har vi opplevd at svært mange frå andre land har søkt seg hit. Vi har gjennom det siste tiåret opplevd ein historisk økonomisk vekst, godt driven av rekordhøge oljeprisar, og det har skapt eit stort behov for arbeidskraft. Særleg svenskar, polakkar og litauarar har søkt seg til landet vårt.

Til dømes bur det no rundt 100.000 polakkar i Noreg. Den store arbeidsinnvandringa har halde arbeidsløysa i sjakk i heimlanda til migrantane, har sørgja for at dei sjølve får høgare inntekt. Den har også halde lønsveksten i Noreg i sjakk.

Les også:

No når norsk økonomi bremsar opp, igjen på grunn av utviklinga i oljeprisen, ser vi at innvandringstakten går ned. Ferske tal frå SSB viser at 8600 personar innvandra til Noreg i årets første kvartal — ein nedgang på 2600 frå i fjor.

Dette skuldast truleg at mange ser svekkja utsikter til vekst i landet vårt, men - på den positive sida - betre utsikter til vekst i sine eigne heimland. Systemet fungerer, og veksten i arbeidsløysa her heime er dermed lågare enn den elles ville vore, sidan mange no vandrar vidare til andre arbeidsmarknadar.

I starten av denne månaden var eg på reise i Aust-Europa med Stortingets arbeids- og sosialkomité. Der fekk vi sjå og høyre om utviklinga i Polen, Litauen og Romania, land som alle har slutta seg til EU-samarbeidet i løpet av det siste tiåret. Det er definitivt ei historie på godt og vondt.

At svært mange borgarar har vald å forlate desse landa på jakt etter betre inntekt og arbeid, har skapt utfordringar for heimlanda. Mest dramatisk for Litauen, som har sett folketalet falle med over 20 prosent sidan sjølvstendet frå Sovjetunionen i 1991. Les også:

At mange dyktige handverkarar og høgt utdanna borgarar forlèt landa, skapar ei viss uro. Samstundes sender emigrantar til dels store summar heim til familiane sine, og mange vender også tilbake med ny kunnskap og erfaring. Og ikkje minst: Dei vender heim med høgare forventningar til antikorrupsjon og godt styresett.

I eit land som Romania, der utfordringane innanfor desse områda framleis er store, vert dette sett som eit stort gode.

Dei positive effektane av å vere ein del av fellesmarknaden er tydelege for alle som vil sjå. Det kanskje tydelegaste dømet er Polen. Då jarnteppet fall, hadde Polen og Ukraina om lag like stort brutto nasjonalproduktet (BNP). Polen valde å vende seg vestover og søkte integrasjon i EU, medan Ukraina er ei historie for seg sjølv. I dag har Polen eit BNP som er tre gonger større enn nabolandet.

At dei rike landa i nordvest-Europa har opna opp sine marknadar for andre europearar, først frå sør og deretter frå aust, har skapt ein del utfordringar. Men først og fremst har det vore til stort utbyte for alle.

Vi er vitne til eit av dei mest vellukka omfordelingsprosjekta i verdshistoria, og det har hovudsakleg skjedd ved å la menneske og bedrifter søkje lukka der dei måtte ønskje.

Samstundes har det også blitt brukt ein del ressursar på direkte overføringar frå rike land til fattige land i Europa. Også Noreg, som ikkje har fullt EU-medlemskap, er med på denne dugnaden. Gjennom dei såkalla EØS-midlane brukar vi atskillege milliardar kvart år til ulike prosjekt, i all hovudsak i Aust-Europa.

I Romania besøkte vi to av desse: Eit SFO-tilbod for fattige barnefamiliar i Bucuresti, og eit fengsel som tilbyr utdanning og rehabilitering til kriminelle. I det store biletet er nok marknadstilgangen og rørslefridomen mykje viktigare enn direkte tilskot, men det er liten tvil om at mange sosiale prosjekt er svært viktige for at alle skal kunne ta del i velstandsveksten.

Les også:

Kulturar som møtest vil alltid skape friksjonar. At millionar av europearar søkjer lukka i andre land, er ikkje problemfritt — verken for mottakkarland eller avsendarland. Utfordringar med arbeidslivskriminalitet, diskriminering, tigging og utnytting er det all grunn til å ta på høgste alvor.

Men i ei tid der vår felles solidaritet har blitt sett på prøve gjennom dramatiske økonomiske svingingar, skal vi likevel vere stolte av at vi - trass alt - har klart å halde fast ved suksessoppskrifta frå eit halvt hundreår med europeisk samarbeid: Fri flyt av varer, tenester, kapital og arbeidskraft.