Svakare Ap etter 22. juli

Publisert:

Dei kollektive kjenslene etter 22. juli vart også uttrykte i nye heilage symbol, slik som rosehava, songen «Til ungdommen», og dei politiske formlene om demokrati og toleranse.

doc5yfq4fx7rusk4wtuhz8.jpg

Dei kollektive kjenslene etter 22. juli vart også uttrykte i nye heilage symbol, slik som rosehava, songen «Til ungdommen», og dei politiske formlane om demokrati og toleranse.

doc5yfq4fx7rusk4wtuhz8.jpg

  1. juli førte ikkje til fornya solidaritet for arbeidarrørsla og Arbeidarpartiet.
Atle Møen

Terroren 22. juli var eit dramatisert åtak mot verjelause ungdommar på Utøya, og mot bygg, menneske og stat i regjeringskvartalet. Gjerningsmannen utførte og framførte desse massedrapa utifrå ein nøye planlagt dramaturgi, der hans eigen person vart framstilt som ein krossfarar og redningsmann av den vestlege og kristne sivilisasjonen, og han sette i scene eit glorifisert bilete av seg sjølv i ein eigenlaga uniform.

Denne grenselause omsorga for seg sjølv som eit estetisk produkt, kom også til syne i den hulkande gråten i rettssalen, då bilete av uniformshelten vart vist fram under rettsforhandlingane, samstundes som drapsmannen sat som hoggen i stein, utan synlege teikn på medkjensle andsynes all den lidinga han hadde påført ofra, dei næraste og ein heil nasjon.

Vi gret i lag

Denne kosmetisk designa og djupt sjølvopptekne drapsmannen såg på seg sjølv som ein avgjerande historisk figur, som gjennom skrift og gjerning kjempa mot dei øydeleggjande kreftene, først og fremst islam og det framveksande «Eurabia», men også den venstreorienterte fleirkulturalismen, feminismen, og kulturmarxismen, som mellom anna vart fremja av journalistar og sosiologar. Sjølv om fiendane var mange, blei likevel den lettaste utvegen å setja i verk dei grandiose dataspelfantasiane i ein røyndom av verjelause AUF-ungdommar, som i tillegg representerte det som gjerningsmannen hata mest av alt, med stor lidenskap og utan perspektiv og proporsjonar, nemleg det feminiserte Arbeidarpartiet.

Kollektive kjensler

Denne veldige misgjerninga gjekk, som vi alle veit, hand i hand med publiseringa av «Manifestet», som var eit giftig brygg av kulturkonservative og høgreradikale ingrediensar. På mange måtar var drapa eit dramatisk verkemiddel til å realisera eit djupare mål, som var å gjera kjent forteljinga om kampen mellom det gode og vonde, det ærlege og uærlege, reine og ureine, heilage og profane.

Men gjerningsmannen sine dramatiske framføringar vart møtte med masseseremoniar og dramatiske framføringar mot høgreradikalt tankegods og terror. I dagane og vekene etter massedrapa samla det norske folket seg framføre TV-skjermene, og dei aller fleste deltok på denne måten i sørgjeritual og medkjensle andsynes ofra og dei næraste pårørande. Statsministeren talte klokt om at demokratiske verdiar som toleranse, fleirkulturalitet, open diskusjon, og det at politikarane kunne røre seg fritt ute mellom folk, stod på spel. Svært mange gjekk også i tog og samla seg på offentlege plassar, i nær kroppslege fellesskap med sterke kollektive kjensler, og vi gret og song i lag. Desse kollektive kjenslene vart også uttrykte i nye, heilage symbol, slik som rosehava og songen «Til ungdommen».

Så kom kvardagen

Etter ei tid kom ein kvardag, og seremoniane stilna. Dei kollektive kjenslene vart tona ned, og symbola, songane og dei politiske talane, miste gradvis klangbotnen i folket. Songen som pressa fram gråten i oss, vart gradvis meir «hul», dei politiske formlane om toleranse mista den sakrale glansen, og vart meir profane, litt tomme, sjølvsagde og trivielle. Ved å referera til den tyske sosiologen Max Weber kan ein seia at karismaen som vart skapt i masseseremoniane, vart meir rutine og etter kvart kvardagsleg. Dei gamle politiske motsetnadene dukka fram att, folket vart igjen delt opp i ulike grupper, og fleire og fleire talte for at Behring Breivik sine ekstreme synspunkt om innvandring ikkje måtte føra til at all kritikk av islam og innvandring vart tabubelagde.

Skuld og ansvar

Denne nye kvardagen førte også til ei stegvis omdanning av spørsmåla om kven som var offer og kven som hadde ansvaret for at dette kunne skje. I tida etter terroren vart offeret klart definert som idealistiske AUF-arar, og det vart også tolka som eit åtak på den demokratiske arbeidarrørsla, og meir generelt vart det også sett på som eit anslag mot det opne og demokratiske samfunnet. Dei skuldige og ansvarlege var dei ekstreme høgreradikale rørslene og alle bloggarane med same synspunkt som terroristen. Det var også mange som ville plassera skuld og ansvar hjå alle former for kulturkonservativ kritikk av islam og den allmenne frykta for «Eurabia», som var vanleg mellom anna i Frp og deler av KrF og Høgre. Det vart også peika på at Behring Breivik trass alt hadde vore ein aktiv medlem i FpU, og at han sjølv hadde uttalt at denne terroraksjonen neppe hadde vore nødvendig, dersom Frp hadde vunne valet.

Ikkje styrkja solidaritet

I august same år vart 22. juli-kommisjonen sett ned. Den skulle granska alle sider ved denne tragiske og grufulle hendinga, og fokuset skifta gradvis: I debatten etter framlegginga av rapporten vart Ap omdanna frå å vera offeret for terroren til å bli stilt til ansvar for svak terrorberedskap og eit politi som ikkje var førebudde på å hindret åtaka. Det vart avdekt ei rekkje logistiske, tekniske og organisatoriske svikt hjå politiet, og regjeringa vart kritisert for å neglisjera det store ressursbehovet i politiet.

Dei skuldige og ansvarlege for terroren var ikkje lenger eine og aleine dei ekstreme høgreradikale kreftene, det var den norske stat, regjeringa og Ap som brått vart skulda for å forsømma tryggleiken til norske borgarar. Det vart konkludert med at åtaket mot regjeringskvartalet kunne ha vore forhindra, at styresmaktene svikta når det gjaldt å verna menneska på Utøya, og at gjerningsmannen kunne ha vore stogga gjennom ein raskare politiaksjon.

Ut av offerrolla

Den breie moralske og emosjonelle fellesskapen mot høgreradikalismen vart avløyst av spørsmål om beredskap, politi og tryggleik. Gradvis omdanna Arbeiderpartiet seg frå å vera offer til å verta ansvarleg for at politiet var dårleg budd.

I tida etter 22. juli vart det danna ein massiv moralsk og emosjonell fellesskap mot høgreradikalisme og kulturkonservativt tankegods, etter at AUF og arbeidarrørsla vart utsette for ein valdeleg politisk aksjon. Dette kunne ha skapt fornya solidaritet i samfunnet og mobilisering av verdiane i arbeidarrørsla, men denne utvegen vart stengd. Den breie moralske og emosjonelle fellesskapen vart avløyst av eit meir snevert fokus på om politiet var effektive nok i å verna folket mot terror.

Publisert: