Gud skje lov!

Så er blasfemidebatten over for denne gong. Gud skje lov! Ikkje fordi lovforslaget vart trekt tilbake, men fordi det sterkt irrasjonelle aspektet ved debatten kunne ha kome til å smitta over på andre samfunnsdebattar.

Publisert Publisert
icon
Denne artikkelen er over 13 år gammel

Jørn Øyrehagen Sunde,

professor ved Det juridiske fakultet og Centre for Medieval Studies, UiB

Kjernen i blasfemidebatten var for så vidt rasjonell nok: Den sovande § 142 i straffelova av 1902, som gjerne vert referert til som blasfemiparagrafen, vert ikkje vidareført i straffelova av 2005. Paradoksalt nok vart dette føreslått alt i 2005, utan at det var fleirtal i Stortinget for oppheving den gongen, og utan at journalistar, forfattarar og intellektuelle kom på banen. Derimot vert den høgst levande § 135a vidareført i den nye straffelova i § 184 om «hatefulle ytringer».

Etter denne paragrafen er det gjeve vern mot diskriminerande og hatefulle utsegn som gjeld hudfarge, nasjonal eller etnisk opphav, homofil legning, leveform eller orientering, religion eller livssyn. I den nye straffelova er kategorien «nedsett funksjonsevne» tilført. Og så vart det altså føreslått at ein skulle presisera og spissa kravet til hatefulle ytringar mot religion. Ingen irrasjonell tanke etter diskusjonen om blasfemi i kjølvatnet av Muhammed-karikaturane.

Varslingslampe

Funksjonen til § 135a/184 er i realiteten å vera ei varslingslampe som lyser når ein konflikt har nådd eit slik omsynsløysenivå at vald kan verta nytta. Konfliktpotensialet til nettopp ytringar retta mot religion fekk ein eksemplifisert med Muhammed-karikaturane.

Er det truleg at konfliktpotensialet forsvinn dersom diskriminerande og hatefulle ytringar mot religion og livssyn vert tillatne? Eller er det meir rasjonelt å ha ein lovregel som for det fyrste kan visa kva for ytringar som alle i det norske samfunnet må finna seg i, og som gjer det mogeleg å avgjera dei uklare grensetilfella på fredeleg vis i ein domstol?

Irrasjonell debatt

Den viktigaste grunnen for at blasfemidebatten vart så irrasjonell er at det knyter seg så mange fordommar til sjølve blasfemitermen. Eit interessant poeng er at blasfemi faktisk ikkje er nemnt i den norske straffelova av i dag, termen har i alle høve ikkje vorte nytta i straffelov sidan før 1687, og den er ikkje nytta i det no tilbaketrekte lovforslaget.

I staden er det i den gjeldande straffelova tale om «diskriminerende eller hatefull ytring» som vil seia «å true eller forhåne noen, eller fremme hat, forfølgelse eller ringeakt overfor noen». Symptomatisk nok er det meir dei fordommar knytt til blasfemitermen debatten har tatt utgangspunkt i.

Eskalerer til valdsbruk

I dag har ein altså eit strafferettsleg vern mot diskriminerande og hatefulle utsegn som kort sagt gjeld etnisk opphav, homofil orientering, og religion eller livssyn. Det er like lite ei særleg etnisk gruppe, ei særleg homofil orientering eller ein særleg religion som har vern etter lova, men utsegn som kan verka krenkjande på dei som høyrer til ei etnisk gruppe, har ei homofil orientering eller ei særleg religiøs overtyding.

Så kan ein diskutera om religion bør likestillast med etnisk opphav og homofil orientering som ein så sterk identitetsskapande faktor at den bør ha eit særleg vern.

Likevel kan ein slå fast at det er særleg diskriminerande og hatefulle utsegn som gjeld slike kategoriar som gjerne eskalerer til valdsbruk. I så fall treng eit instrument til å kunna gripa inn og avverja bruk av vald.

Diskriminerande og hatefulle

Kva type utsegn kan verta kategorisert som så diskriminerande og hatefulle at dei vert ramma av gjeldande straffelov? I 2007 vart leiaren av den nazistiske organisasjonen Vigrid, Tore Tvedt, dømt for å ha sagt at jødar var parasittar og mordarar som skulle reinskast ut av landet. Ikkje ordlyden isolert, men sett i lys av mellom anna Vigrid si valdsprofilering, gjorde at dette vart rekna som straffbart av Høgsterett.

Lat oss tenkja oss at Tore Tvedt i staden hadde sagt at katolikkar eller muslimar var parasittar og mordarar som skulle reinskast ut av landet. Sett i lys av kva for ein organisasjon Vigrid er, er det mogeleg at ei slik utsegn hadde vorte ramma av det lovforslaget som er trekt tilbake. Det same kunne ha vore tilfellet om bodskapen hadde vorte uttrykt i teikning eller musikk. Er det verkeleg ein siger for rasjonalitet og ytringsfridom om ein fritt kan uttrykkja hat mot dei som har ei særleg religiøs overtyding eller eit særleg livssyn?

Finst det døme?

Ytringsfridomen ville ha vorte innskrenka av det tilbaketrekte lovforslaget, men truleg ikkje i mindre grad enn den er det i dag. Er ei slik innskrenking verkeleg eit problem? Finst det døme på nokon fridom som kan utøvast i samfunn med andre menneske som ikkje har sine grenser? Ytringsfridomen sine grenser er til dømes privatlivet sin fred og hatytringar, fordi ytringsfridomen då vert nytta på ein slik måte at den innskrenkar andre sin fridom.

Til dømes var Tvedt si utsegn om at jødar skulle reinskast ut av landet eigna til å få jødar til å føla seg utrygge, og føra til at dei la band på sin eigen rørslefridom. Det ville ha vore rasjonelt om katolikkar og muslimar hadde følt det same dersom utsegna hadde vorte retta mot dei.

Når alle er snille mot alle

Men er det verkeleg lov som er den beste måten å hindra hatefulle utsegn på? Sjølvsagt ikkje. Lov er aldri den beste måten å regulera eit samfunn på. Det ideelle er at alle er snille mot alle. Men kva så med dei som absolutt meiner dei har ein rett til å krenkja andre? Kva med dei som meiner dei har ein rett til å trakassera ekskjærasten sin, eller ein rett til å trakassera nokon med ei særleg religiøs overtyding?

I slike tilfelle må ein ha instrument til å kunna gripa inn før vald vert nytta, og eit slikt instrument er lovregulering. Så kan ein sjølvsagt hevda at det er betre å diskutera enn å ty til straffedom. Den som vil ha ein lengre diskusjon med medlemmar av Vigrid om etnisk og religiøst mangfald må gjerne prøva den metoden. Sjølv held eg ein knapp på lovregulering som den mest rasjonelle framgangsmåten.

Den Store Stygge Muslimen

Blasfemidebatten vart altså hemma av at ein haldt seg meir til fordommar knytt til blasfemi-termen enn til realitetar. Ein annan grunn er truleg frykta for Den Store Stygge Muslimen som kjem og tek verdiane våre. Dei kristne har stort sett vorte like politisk korrekte som alle andre i det norske offentlege rommet. Men Den Store Stygge Muslimen trampar til tider rundt som ein politisk ukorrekt elefant og ønskjer at blasfemiforbodet skal vekkjast av Tornerosesvevnen.

For i kjølvatnet av Muhammed-karikaturane oppdaga norske journalistar, forfattar og intellektuelle noko dei enno ikkje hadde forstått i 2005 — det finst nokon der ut som faktisk trur på nokon, og som meiner det dei trur på er viktig. Og enno verre - desse personane køyrer ikkje lenger bare t-banen, men er journalistar og advokatar som argumenterte godt mot publiseringa av Muhammed-karikaturane. Og dersom ein ikkje ryddar av vegen eit kvart vern om religiøs overtyding kan det vera at det går med muslimane i Noreg som med austeuropearar i Melodi Grand Prix - dei skulle få lov å vera med, men så øydelegg dei heile moroa med å gå hen å vinna.

Harselering med religion

Men har nokon merka seg at verken den no oppheva blasfemiparagrafen eller det strafferettslege forbodet mot diskriminerande og hatefulle ytringar mot religion og livssyn vart nytta for å stoppa Muhammed-karikaturane? Og det rammar ikkje Da Vinci-koden, ei heller Jesu siste freisting, Life of Brian, eller Kristendommen, den tiende landsplage. I det heile har ikkje straffelova vorte nytta i samband med harselering med eller åtak på religion sidan 1882. Det har i staden vorte med snakket, det snakket som har skapt myten om blasfemiforbodet, særleg etter at filmsensuren, og ikkje domstolane, stoppa visninga av Life of Brian. Det er dette mytiske forbodet som har vorte diskutert i den siste blasfemidebatten. Kunne det gå godt? Gud skje lov at blasfemidebatten er over! No overtek vonleg ein debatt om korleis driva rasjonell politikk og journalistikk i Facebook- og bloggkvardagen.

Publisert