Medisinar er ikkje for alle

Har du eigentleg råd til å kjøpe ny mobil til sonen din? Du har i alle fall råd til å kjøpe antibiotika mot halsbetennelsen han har fått. Årleg døyr ti millionar menneske grunna manglande tilgang på medisinar.

  • Norsk Medisinstudentforening (nmf)
  • Universities Allied For Essential Medicines (uaem)
  • Kristine Husøy Onarheim
  • Johanne Helene Iversen

Julestria er over oss. Julenissar og englar ser ned på deg og butikkane er fulle av varer som skrik etter å bli kjøpt, pakka inn og lagt under juletreet. Jula er dyr for mange; Har du eigentleg råd til å kjøpe ny mobil til sonen din? Kanskje ikkje, men du har i alle fall råd til å kjøpe antibiotika mot halsbetennelsen han har fått.

Ifølgje Verdas helseorganisasjon døyr ti millionar menneske kvart år grunna manglande tilgang på medisinar. Logistiske problem, forståing av helse, korrupsjon, sal på ulovlege marknader, patent, høge prisar og mangel på fungerande helsesystem bidreg til at sjuke menneske ikkje får medisinane dei treng.

Patentrett og pris styrer

Ei av årsakene til manglande tilgang på medisinar er patentrett. Eit patent vernar ei konkret løysing på eit teknisk problem. Verdens handelsorganisasjon (WTO) utarbeida Trade Related Aspects of Intellectual Property-avtalen (TRIPS) i 1995 for å samkøyre internasjonal patentlovgiving. Den gir patenttakar einerett til å utnytte oppfinninga kommersielt og kan hindre andre i å produsere, importere og selje oppfinninga i 20 år.

Andre farmasøytiske selskap kan ikkje konkurrere og presse prisane ned og ein får kunstig høge marknadsprisar. I 2001 blei DOHA-erklæringa vedteken av WTO. Den stadfestar at dersom det er folkehelsekrise, kan myndigheitene tvangslisensiere ein medisin utan samtykke frå patenthaldar for å produsere medisinen det er behov for. I ein aukande globalisert økonomi viser erfaring at vidareføring av landets posisjon som handelspartnar og internasjonalt press er viktigare enn å teste ut potensialet i DOHA-erklæringa.

Hindrar utvikling

Neglisjerte sjukdommar er sjukdommar som ofte finnast i låg— og mellominntektsland. Dei får lita merksemd globalt, både i media og forskingsmiljø, men rammar over ein milliard menneske. Frå 1975 til 1997 kom 1223 nye medisinar på marknaden. 31 % av desse var terapeutiske innovasjonar, berre 1 % var retta mot neglisjerte sjukdommar. Globalt forum for helseforsking estimerer at 90 % av alle forskingsmidlar går til 10 % av verdas sjukdomsbyrde. Det er fleire medisinar i utvikling mot hjernetumor enn tuberkulose, som tek særs mange liv globalt.

Helse og utvikling er tett knytt. Menneske som er sjuke vil ikkje kunne nå sitt fulle potensial. Når ein ikkje har medisinar til å behandle sjukdomar, eller dei er for dyre, vil dei ikkje kunne bidra med utvikling i samfunnet. Å hindre menneske tilgang til medisinar eller å sjå vekk ifrå sjukdomsbyrda ved fokus i forskinga, vil gjere at menneske ikkje kan gå på jobb og skule. Å hindre menneske tilgang til medisinar hindrar utvikling.

Marknaden styrer

Å forske fram og utvikle medisinar er dyrt. Legemiddelindustrien forsvarar høge prisar på nye medisinar ved argumentet om at det er naudsynt for å tene inn att det dei har brukt på utvikling og utprøving av medisinar. Dei brukar eit liknande argument for å forsvare at dei nyttar lite ressursar på å forske på neglisjerte sjukdomar, då marknaden ikkje har råd til å kjøpe medisinane.

FNs menneskerettskonvensjon stadfestar at retten til liv inkluderer retten til helse. I dag fungerer ikkje systema vi har for utvikling av medisinar til alle som treng det, og for å redde fleire liv og auke livskvalitet må systema endrast. Kva kan vi, Ola og Kari Nordmann, gjere med det? Universiteta i Noreg bør spele ei større rolle.

Yale ville - vil UiB?

Utdanning, forsking og å spreie kunnskap er søylene universiteta er bygd på. Dei norske universiteta er offentlege forskings- og utdanningsinstitusjonar. Med utgangspunkt i at forsking skal komme menneske til gode, meiner vi at universitetsforsking bør vere tilgjengeleg for samfunnet, både nasjonalt og globalt. 31 % av forsking som førte til nye medisinar mellom 1995 og 2007 kom frå verdas universitet. Korleis kan UiB, på 135. plass på Times Higher Education liste over verdas fremste universitet, sikre at den viktige forskinga kjem folk til gode?

På University of Yale i 2001 møtte studentar, Legar utan Grenser og forskarar universitetsleiinga for å forhandle ned prisen på hivmedisinen d4t frå det farmasøytiske selskapet Bristol-Myers Squibb (BMS).

Kva gjorde dette mogeleg? Forskarane som forska fram bakgrunnsmekanismane bak d4t hadde det opphavlege patentet på medisinen før BMS tok lisens på det. Press på BMS gjorde det mogeleg å redusere prisen på d4t i Sør Afrika frå 1600$ til 55$ i året ved hjelp av kopimedisinar. Når ein er sjuk og fattig, er ein slik prisreduksjon livreddande.

Einige universitetsstudentar

For å unngå å kjempe kampen om igjen er det behov for grunnleggjande endringar. Dette har skjedd på universitet som Yale, Edinburgh og Charité ved å tillempe meir samfunnsvennlege retningslinjer når det gjeld teknologioverføring. Om eit universitet lisensierer ein lovande kandidat for ein medisin til eit farmasøytisk selskap, krev universitetet at selskapet tillet at den ferdige medisinen skal bli gjort tilgjengeleg i låg- og mellominntektsland til lågare pris.

Erfaring seier at dette har lite finansiell innverknad på selskapet eller universitet. Endringa i universitetspolitikken har skjedd etter press frå studentorganisasjonen Universities Allied for Essential Medicines (UAEM). UAEM meiner universiteta bør leggje til rette for å betre global tilgjengelegheit til gode for samfunnet. Philadelphiakonsensusen skildrar tre langsiktige mål for å sikre dette:

  • Lik tilgang til medisinar.
  • Auka forsking på neglisjerte.
  • Måle forskingssuksess på basis av innverknad på menneskeleg velferd.

Vi vil ha svar

I regi av Norsk medisinstudentforening er UAEM etablert av medisinstudentar i Bergen, Oslo og Trondheim. Mange spørsmål står framleis utan svar: I kva grad fremmar universiteta utvikling av medisinar og forsking retta mot global sjukdomsbyrde? Korleis arbeider universiteta for å gjere kunnskap og innovasjon tilgjengeleg for dei som treng det mest? Kva pull- og pushfaktorar avgjer kva forskarar vel å forske på?

Desmond Tutu, Jeffrey Sachs, politikarar, organisasjonar og universitet har signert Philadelphiakonsensusen. Vil universiteta i Noreg følgje etter?

Omsorg verda over i jula

Jula handlar om gåver, god mat og julenissen - og om å kjøpe ny mobiltelefon til sonen din. Men jula er også ei tid for ettertanke og omsorg. Ikkje berre for dei nærmaste, men og for dei millionar av menneske som ikkje har det like godt som oss.

Når vi veit at menneske over heile verda opplev barrierar som vi kan gjere noko med, meiner vi det er vårt ansvar å gjere hindringane så små som mogleg. Erfaring har vist at desse tilnærmingane kan redde liv. Hadde ikkje dèt vore ei fin julegåve?

Synspunkter? Si din mening.