Etter samlivsbrot vert borna alltid taparar. Debatten om likeverdige foreldreskap eller delt bustad fekk nye impulsar etter at Foreningen for sakkunnige psykologar (FOSAP) kom på bana med sin «rettleiar» om samver for born mellom 0 og 3 år. Innspelet frå FOSAP har resultert i oppslag i media som «fri barna fra 50/50 krav» og «barn må slippe å forholde seg til to hjem».

At borna faktisk må oppleve to heimar er umogeleg å argumentere seg bort frå, når eit samlivsbrot vert ein realitet for ein familie som er tufta på to foreldre. Skal samfunnet kunne regulere seg bort frå slike realitetar må samlivsbrot gjerast rettsleg ulovleg.

Difor er det viktig at interesseorganisasjonen FOSAP vert møtt med sakleg argumentasjon for at haldningar som det ligg økonomiske motiv bak, ikkje skal påverke prosessane på ein negativ måte når foreldre med felles born vel å gå frå kvarandre. Det er berre to måtar å unngå at born vil få eit forhold til to familiar: anten å forby samlivsbrot eller å bestemme at borna skal miste kontakten med ein av sine foreldre når mor og far ikkje er kjærastar lenger. Ingen av desse alternativa kan tilrådast. Kvifor blir det likevel argumentert frå FOSAP at delt omsorg eller delt bustad ikkje er til det beste for barna?

Delt omsorg betyr ikkje at tida skal delast likt mellom begge foreldre, men at begge foreldre vert likestilte til å ta del i borna sine liv, og motsett. Det at borna har begge foreldra å støtte seg til er viktig for å få stabile rammer for utvikling og oppvekst. Det betyr også i praksis at det vert to hushald å ta del i. Delt omsorg eller likeverdig foreldreskap betyr ikkje at tida blir delt likt, men at foreldra deler på rettar og pliktar i høve til felles barn og tar viktige avgjersler om barna i fellesskap. Akkurat slik foreldra gjorde då dei budde saman med borna sine. Likeverdig foreldreskap er den føresetnaden foreldre har hatt då dei gjekk inn i rolla som foreldre for felles barn.

Borna treng både mor, far og begge foreldregreiner som kvardagsressursar. Dette er realitetar som dagens småbarnsfamiliar har forstått etter kvart. SSB sine undersøkingar frå 2012 viser at ein fjerdedel av oppløyste samliv med born faktisk vel likeverdige løysingar for felles born. Og dette utan å bruke offentleg støtteapparat som omfattar både familievernkontor, krisesenter eller domstol. Dette er ein tydeleg trend som vil fortsetje.

Norsk lov og norsk rettspraksis skal speglast i allmenn rettsoppfatning for kva som rett og feil i eit sivilisert samfunn som vårt. Det er på tide at barnelova vert oppgradert i høve til det som vert oppfatta av folk flest skal vere allment rettsgyldig på dette området. Det er derfor uheldig at ein organisasjon som FOSAP, som har økonomiske interesser i at foreldrekonfliktar vert køyrt fram i rettsapparatet, får påverke utviklinga på ein negativ måte for familiar som opplever store livskriser på grunn av samlivsbrot.Slike livskriser vil også kunne prege nærmiljøet og arbeidsplassen for foreldra på ein negativ og destruktiv måte når sosiale nettverk vert oppløyste og arbeidsproduksjonen på jobben går ned. Det er viktig at borna sine behov for å kunne oppleve støtte og kjærleik frå begge sine foreldre må gå framom særinteresser som «ekspertane» definerer.

FOSAP tilrår ikkje delt bustad for born under tre år. Dette vert sterkt kritisert av det internasjonale forskarsamfunnet som står framom eit paradigmeskifte i tolkinga kva som er barnas beste ved samlivsbrot. I 2014 presenterte Richard Warshak (USA), saman med 110 andre forskarar, ein konsensusrapport som tilbakeviser vitskapleg funn som diskrediterer den av foreldra som ikkje er mor. Dette som ein reaksjon på ei utdatert oppfatning som McIntosh-rapporten (Australia) målber, ein rapport enkelte norske forskarar har lagt vekt på.

Også foreldra sjølve gjev sine bidrag til paradigmeskiftet. I løpet av dei siste 10 åra har talet på foreldre som vel delt bustad for felles barn tredobla seg. Bruken av «utvida samver», som i praksis betyr å ha to heimar, har også vorte meir vanleg. Dette er ein trend som vil fortsetje. Karita Bekkemellem, tidlegare statsråd for Ap, var leiar for utvalet som presenterte for statsråd NOU-rapporten «Med barnet i fokus», i januar 2007. Dette var ein gjennomgang av barnelova sitt mandat og regelverk om foreldreansvar, bustad og samver. Og dei økonomiske rammene for born og foreldre etter eit samlivsbrot.

Denne offentlege utgreiinga førte til ein revisjon av barnelova som vart gjort gjeldande frå 2010. Eit steg i rett retning, men likevel prega av ei utdatert oppfatning av foreldreskap sidan mor og far ikkje vart juridisk likestilt. Prosessen er i gang for ein ny revisjon av barnelova. Det er nødvendig å gjere denne tidsaktuell i høve til det norske samfunnet når familiar skal reorganiserast etter samlivsbrot. Og det må skje til det beste for borna.