Innvandrarar må kunne nynorsk

Å lære målforma som er brukt der dei bur, er viktig for integreringa.

Publisert Publisert

BYGDESPRÅK: Mange innvandrarar ser på nynorsk som eit språk for bønder og bygda, skriv Hilde Osdal. Foto: Arkivfoto: Rune Sævig

  • Hilde Osdal
  1. Leserne mener

I nynorskkommunen Lindås stilte Anna K. Valle frå Lindås Senterparti følgjande interpellasjon til kommunestyremøte tidlegare i haust: «Vil ordføraren syta for at det vert fremja ei sak med sikte på vedtak om at nynorsk skal vera opplæringsspråk ved Vaksenopplæringa i Lindås, frå hausten 2017?»

Eg spør: Kvifor må eit slikt spørsmål stillast i ein nynorskkommune?

I 2009 gav 12 av 115 nynorskkommunar opplæring på nynorsk til vaksne innvandrarar. I 2015 var talet auka til 39 av 113, og i år er det 44 av 113 nynorskkommunar som har vedteke å gje norskopplæring til nye nordmenn på nynorsk.

I Hordaland har ti av 30 nynorskkommunar gjort eit vedtak om nynorskopplæring. Trass denne framgangen for nynorsk - kvifor går dette så sakte? Bak manglande lovverk, løyvingar og læremiddel ligg nok negative haldningar til nynorsk.

Etter at Noregs Mållag gjorde vedtak om å arbeide for at innvandrarar i nynorskkommunane måtte få norskopplæringa si på nynorsk, hevda redaktøren i Aftenposten at mållaget la vekt på «å utbre sin sprogvariant til grupper som ikke ønsker den», og «riksmål og bokmål er det normale bysprog». Og vidare stod det at å presse nynorsk inn i problematikken rundt norskopplæring for framandspråklege ville ende med at ein «rammer uskyldige.» Leiaren stod på trykk 4. august 1987.

Les også

Nynorsken har rotna på rot

Aftenposten ville ha ordlagt seg annleis i dag, men er dette haldningar som er heilt avleggs? «Ein må ikkje blande inn målsak i dette» og «Innvandrarar må få sleppe nynorsk». Dette er utsegner frå dagens debattar om val av målform i nynorskommunar.

På ein konferanse om to-språk og danning i 2012 skildra journalisten Vidar Kvalshaug situasjonen i nynorskland:

Far er blitt igjen i bygda. Mor har høgare utdanning – frå Russland eller Baltikum. Far er frå Oppigarden, mor er frå Filippinene. Far er frå Nerigarden, mor er frå Brasil. Lærer desse kvinnene nynorsk skriftspråk, eller lærer dei bokmål på norskkursa? Kva lærer borna frå slike blandingsekteskap med det vi må tro er mange tradisjonelle kjønnsroller: Lærer dei å skrive mors nylærte bokmålsnorsk eller fars eventuelle nynorsk? Kva med asylantane som skal integrerast i Noreg. Lærte dei bokmål eller nynorsk på det første mottaket dei kom til? Kva lærer arbeidsinnvandrarane som industrien treng, og som vert sende på norskkurs?

Innvandring er avgjerande for vidare vekst, til dømes i mitt heimfylke, Møre og Romsdal, der nesten kvar tiande innbyggjar i fylket er fødd i utlandet. Forsking syner at dei fleste meiner det vil vere lettare å lære bokmål, det er eit mykje breiare læremiddeltilbod på bokmål, dei er omgjevne av bokmål og bokmålstekstar, også i nynorskkommunane. Fleire ser likevel at å lære målforma som er brukt der dei bur, er viktig for integreringa. I Valle i Setesdal har kommunen, som den einaste i Aust-Agder, vedteke å gje opplæring av innvandrarar på nynorsk.

Ein flyktning frå Burma seier: «Eg meiner bokmål er enklare å lære enn nynorsk. Men det er viktig i ein kommune som har nynorsk som administrasjonsmål og skulemål at også vaksne får opplæring i nynorsk.» Dei fleste innvandrarar har eit nytteperspektiv på dette , dei skal hjelpe borna sine med lekser, dei vil gjerne ha arbeid i kommunen, eller dei har ambisjonar om utdanning og yrke som krev at dei er stø i begge målformer. Ei nyleg innvandra kvinne med ambisjonar uttrykte det slik: «It’s better to learn Nynorsk because it will be easier to understand bokmål than it would be to understand Nynorsk if I only learned bokmål.»

Dette handlar likevel ikkje berre om praktisk nytte. Opplæringa i nynorsk gjev innpass i ein særmerkt kultur. Innvandrarar bør få høve til å ta del i den norske kulturen, «samfunnsveven», med trådar av både bokmål og nynorsk.

I samband med 200-årsfeiringa av Ivar Aasen i 2014 kom Nynorsk kultursentrum og Noregs mållag med ei språkerklæring: «Gjer nynorsk til eit språk også for innvandrarar. Å møte nynorsk gir innvandrarar eit breiare bilete av det å leve i Noreg i det 21. hundreåret, gjer det mogleg for etniske og innvandra nordmenn å forstå kvarandre betre og forstå meir av det landet vi bur i. Norsk kulturarv utan nynorsk er ikkje lenger tenkjeleg.» (§10)

Kvifor får så få opplæring på nynorsk? Den mest prekære og konkrete utfordringa har vore mangelen på læremiddel. Mållova gjeld ikkje for vaksenopplæring, og då heller ikkje kravet om at læremiddel skal kome på begge målformer. Situasjonen har likevel betra seg. Som fleire av leiarane på kursa som gjev nynorskopplæring seier: No finst det tenlege nynorske læremiddel til alle lovpålagde norskkurs for innvandrarar. Likevel er det himmelvid skilnad i utvalet.

Les også

Nynorsk er på A-laget

Er det haldningar til nynorsk som gjer at lovverk og løyvingar som sikrar lik tilgang av læremiddel på begge målformer, ikkje er på plass? Nynorsk er det avstikkande språket, seier språkforskaren Brit Mæhlum. Målformene har ulike konnotasjonar. Nynorsk vert knytt til lokalsamfunnet, til periferien, det rurale og tradisjonen. Bokmålet vert knytt til storsamfunnet, det overregionale. Det er geografisk nøytralt, men ofte assosiert til sentrum, til urbanitet og modernitet. Haldningar smittar, så også mange innvandrarar ser på nynorsk som eit språk for bønder og bygda.

Korleis kan ein arbeide for reell jamstilling mellom dei to målformene? Målpolitisk arbeid er avgjerande. Lokalt må ein, som i Lindås, arbeide for politiske vedtak om opplæringsmålform. Sentralt må ein arbeide for at mållova også gjeld vaksenopplæringa og introduksjonsordninga. Då må læremiddeltilbodet utvidast, også for dei som treng norskopplæring for å kunne studere. Mangel på tenlege nynorske læremiddel på høgre nivå kan bidra til at nynorsk vert sett på som «ikkje-akademisk», eit språk med låg status.

Språkopplæring er svært sentralt i integreringsprosessen. Innvandrarar skal verte del av den norske språkkulturen, ein kultur med to målformer og eit dialektmangfald. Den språklege jamstillinga må også gjelde i norskopplæringa for innvandrarar. Først når alle nivå i opplæringa får det same læremiddeltilbodet på nynorsk som på bokmål, vert det eit reelt val mellom dei to målformene. Kanskje vil vi då sjå ei haldningsendring til nynorsk?

Publisert