Ikkje akkurat ein stat

Om IS forhandlar med Vesten, vil kalifat-tanken og rekrutteringa døy bort. Det vil dei aldri gå med på.

Publisert: Publisert:

TERRORSTAT: IS-kalifatet er ein terrorstat, men det er kanskje den første terrorstaten vi har sett etter al Qaida starta opp. Det betyr nok ikkje at ein kan forhandle med IS-staten, for IS er bygd på ein ideologi som totalt avviser andre statar, skriv Knut Vikør.

Knut S. Vikør

Ein del av namneforvirringa rundt IS/ISIL/ISIS kjem av at mange ikkje vil anerkjenne at IS har rett til å kalle seg Den islamske staten. Den er ikkje islamsk og ikkje nokon stat, seier dei. Reint bortsett frå at alle desse forkortinga – også det nye arabiske Da’ish – har orda «Islamsk Stat» i seg, er det grunn til å spørje seg om dette framleis er rett, at IS korkje er islamsk eller nokon stat.

Siste nummer av IS sitt propagandaorgan, Dabiq, har ein artikkel signert John Cantlie om korleis Vesten ser på IS. Namnet ser ut som eit dårleg dekknamn, men dette er faktisk er reell person. Cantlie er ein britisk reporter som vart tatt til gissel i 2012. Han har seinare stått fram på videoar for IS, og kan nå altså ha slutta seg til sine fangevaktarar. Artikkelen er iallfall fri for dei Koransitata og misjoneringa som pregar tidsskriftet elles, men triumferer over at vestlege media som New York Times nå har «forstått» at IS faktisk er ein stat.

Knut Vikør.

Ein amerikansk general er sitert på at IS «fyller alle kriteria til å bli anerkjent som stat. Vesten må anten gå til krig mot dei som ein stat, eller forhandle med dei som ein stat». For eigen del slår Cantlie, gissel eller medløpar, fast at det er to mogelege resultat av konflikten: Anten at IS når ei naturleg grense og konsoliderer seg som ein permanent stat, eller at dei med eit angrep større enn 11. september klarer å tvinge USA og allierte inn i ein full bakkekrig som vil føre til «det endelege slaget mellom muslimane og krossfararane ved byen Dabiq i Syria, slik profetia har forutsagt».Det siste er ei skremmande, men truleg rett framstilling av IS sine mål: Dei prøver å tirre Vesten slik at dei går til full bakkekrig og dermed får muslimane til å reise seg i forsvar under IS sine faner.

Stadig flere bruker et nytt navn på terrorgruppen:

Les også

Dette er grunnen

Men rapportar viser faktisk også at IS prøver å gjere det ein stat gjer for sine innbyggjarar: Sørgje for vegar, skular, sjukehus, handel og økonomi. Ingen veit nøyaktig korleis IS finansierer seg, men ei oversikt i Le Monde anslår at ved sida av svartebørssal av olje (verdt kanskje 50 millionar dollar i månaden) er skattlegging av innbyggjarane den største inntektskjelda, i overkant av 30 millionar i månaden. Jordbruksvarer produsert i IS-områda i Eufrat-dalen blir frakta til det øvrige Syria og seld der. Faktisk får statstilsette som bur i Rakka og andre IS-byar framleis si lønn utbetalt frå Damaskus, og IS tar tjue prosent skatt av dette.

Dette er jo ikkje ei normal statsdanning. Skatten glir over i utpressing. IS tar seg også godt betalt for tenestene dei gir, og lov og rett går etter middelaldersk sharia. Skulane kan berre undervise det IS godtar, samfunnsvitskap er forboden. Gisseltaking og annan kriminalitet er også viktige inntektskjelder, og vi kjenner alle den brutaliteten dei viser overfor annleis tenkjande. Det er ein terrorstat, men det er kanskje den første terrorstaten vi har sett etter al Qaida starta opp.

Slaveri, terror og dommedag:

Les også

IS tror på slaveri og voldtekt av småjenter

Det betyr nok ikkje at ein kan forhandle med IS-staten, for IS er bygd på ein ideologi som totalt avviser andre statar. Om dei gjekk inn på forhandlingar, ville kalifat-tanken døy bort og rekrutteringa med det. Men det betyr at – ulikt al Qaida – så styrer IS eit område der det budde fleire millionar innbyggjarar. Mange er flykta, men det må vere hundretusenar att. Vi kan ikkje utslette IS militært dersom det skal bety å rasere det området dei held til i, for det vil knytte innbyggjarane tettare til dei. For å vinne over IS må vi i staden klare å skilje folket der frå organisasjonen IS. Og mellom innbyggjarane varierer det nok frå undertrykking til med— eller motvillig aksept av IS-styret.

Er så IS islamsk? Det er ikkje noko objektivt svar på det, for det er opp til kvar truande kva som er rett tru og tolking for dei. Andre muslimar kan med god rett seie at drap og vald ikkje er islam slik dei kjenner det, det er ein pervertert versjon av deira tru. Men det er også rett at teologane i IS kan argumentere ut frå islamske tekstar. Det er fordi dei reknar samfunnet på 600-talet som den perfekte tida da Gud talte til menneska. Dermed følgjer jo mellomaldersamfunnet med. Andre muslimar meiner at religionen må følgje med tida, at det er etikken i Profetens bodskap som ein må følgje i dag, ikkje samfunnsmodellen på hans tid.

Det ser ein på slaveriet som IS har gjeninnført, sidan det er omtalt nøytralt i Profettradisjonane. Det er heilt rett at på Profetens tid var slavehald rekna som ein naturleg og sjølvsagt ting, som det vel var overalt på 600-talet. Derfor hadde lova reglar for å regulere det. Men, seier alle andre muslimar, i dag er jo ikkje slaveri akseptert nokre stader, og da er desse lovene ikkje lenger relevante. Dei kan også peike på det etiske i at Profeten og islam rekna det som fromt å frigi slavar. Poenget er likevel at sjølv dei aller mest konservative salafistane, utanom IS, aksepterer at på dette punktet har verda endra seg, og islam må endre seg med det.

Dette er visjonen til IS-lederen:

Les også

- Terrorisme er å tilbe Allah

Ei interessant reportasje i New York Times sist veke illustrerer noko av dette. Dei hadde møtt tre unge jenter som hadde flykta frå IS sin hovudstad Rakka til Tyrkia. Alle tre hadde latt seg verve til IS sitt kvinnelege moralpoliti, det gav dei status og vern. Alle hadde også blitt gift med IS-soldatar, ikkje ut frå tvang, og dei følte dette var «ekte» ekteskap, det var gode og kjærlege ektemenn. Men då ektemennene fall som martyrar, hadde IS forlangt at dei straks skulle gifte seg med andre IS-folk som dei plukka ut. Då forstod dei tre enkjene at dei berre var bruksgjenstandar for IS, og flykta utan å sjå seg tilbake.

Det slåande, men som verkar som ein detalj på andre, er at dei skulle straks gifte seg opp att. Ein heilt grunnleggjande regel er at ei enkje skal ha ei ventetid på tre månader (idda) før eit nygifte, slik at det er ikkje er nokon tvil om farskapet dersom ho viser seg gravid. Ingen av desse tre fekk den ventetida, IS hadde sagt at det gjaldt ikkje for martyrar.

Men det er ein heilt openbart tøvete grunn, regelen har med kvinnas rettar og plikter å gjere, ikkje ektemannen. Ingen muslimsk teolog har på fjorten hundreår kunne sett denne regelen til sides. Her ser vi altså IS bryt sine eigne reglar, og at deira handlingar klarte å snu desse jentene bort frå meir enn halvvegs støtte til å flykte. Dette er den indre spenninga som kan grave grunnen under IS. Ikkje at dei er for islamske, men at dei viser at det ikkje er mogeleg for dei å følgje det islamske fundamentet som dei preker for andre.

Publisert: