Skal vi opne opp for fleire useriøse aktørar?

Det kan ikkje utvikle seg ein praksis med at useriøse aktørar automatisk kan velte kostnadene over på utbyggjarane dersom det blir avslørt at de har svindla arbeidarane sine.

Publisert: Publisert:

ANSVAR: Helse Bergen skal ikkje overta Enemonas ansvar, men vi vil strekke oss langt for å bidra til å leggje press på Enemona slik at dei oppfyller det dei har forplikta seg til, skriv kronikkforfattarane. Pavel Jelev er prosjektleiar for elektrikararbeidet på byggeplassen Foto: Ørjan Deisz

  • Teknisk Divisjon
  • Drift
  • Divisjonsdirektør
  • Askjell Utaaker
  • Helse Bergen Hf
  • Organisasjonsdirektør
  • Personal-
  • Trond Søreide

Askjell Utaaker

Det har vore mange saker i ulike media rundt sosial dumping knytt til Enemona JCS, den bulgarske leverandøren av elektriske installasjonar ved barne— og ungdomssjukehuset på Haukeland universitetssjukehus.Det er flott at dette har kome fram i lyset, slike forhold er totalt uakseptable. Det at Enemona ikkje har lønna sine tilsette i tråd med dei arbeidskontraktane som vi har blitt vist, er noko Helse Bergen tar sterk avstand frå. Vi synest det som har skjedd er svært beklageleg, og vi har stor forståing for den vanskelege situasjonen som arbeidarane har kome i.

Trond Søreide

Mange har meint mykje, og det har kome krav om at Helse Bergen må gå inn og overta Enemonas ansvar for deira tilsette. Dette reiser likevel prinsipielle spørsmål som kan skape presedens, og som vi må ta omsyn til.Lovkrava til offentlege innkjøp og ein stadig meir internasjonal marknad gir utfordringar. Det er eit problem at det er vanskeleg å oppdage sosial dumping med firma som har aktivitetar i fleire land. Men det kan ikkje utvikle seg ein praksis med at useriøse aktørar automatisk kan velte kostnadene over på utbyggjarane dersom det blir avslørt at de har svindla arbeidarane sine. Dette vil kunne auke faren for at det blir fleire useriøse aktørar. Kva firma vil nokon gong ta ansvar dersom dei veit at andre vil rydde opp for dei?

Les også:

Les også

Arbeiderne på Haukeland fikk ikke lønnen sin. De måtte be Kirkens Bymisjon om mat.

Helse Bergen kan og skal ikkje overta Enemonas ansvar, men vi vil strekke oss langt for å bidra til å leggje press på Enemona slik at dei oppfyller det dei har forplikta seg til. Dei bulgarske arbeidarane er organisert i El & IT-forbundet, og Helse Bergen har dialog med forbundet for å finne måtar vi kan samarbeide på for å presse Enemona til å gjere opp for seg. Vi har også kontakta NHO og Spekter for å høyre om dei har kontaktar i bulgarske arbeidsgivarorganisasjonar som kan bidra.

Mediedekninga har ikkje alltid gitt eit nyansert og heilt bilete av kva Helse Bergen har gjort hittil.

Her er nokre punkt, først i høve til arbeidarane:

  • Det var kontraktfesta at dei skulle ha lønn på norsk nivå.
  • Eit eksternt firma vart engasjert til å kontrollere sikkerheit, helse og arbeidsmiljø — inklusive lønns- og kontraktforhold.
  • Denne dokumentasjonen blei også lagt fram for El & IT-forbundet, som ikkje hadde innvendingar mot dokumentasjonen eller fann dokumentasjonen utilstrekkeleg.
  • Då arbeidarane hadde ein to timars punktstreik i mars, fekk vi vite at Enemona ikkje sørgja for utbetaling av lønn til rett tid. Dette tok Helse Bergen opp med Enemona.
  • Det viste seg etter kvart at Enemona berre i nokon grad følgde opp dette.
  • Media har meldt at arbeidarane var nøydde til å pante flasker og gå til Kirkens Bymisjon for å få mat. Helse Bergen syrgde for mat til arbeidarane straks vi fekk melding om at nokre av dei var utan pengar. Vi har fleire gonger både direkte til arbeidarane og til El & IT-forbundet sagt at Helse Bergen vil ordne med mat og andre livsnødvendige varer dersom det er behov for det.

Manglande lønnsutbetalingar til arbeidarane var ein av dei viktigaste årsakene som vart lagt til grunn for å seie opp avtalen med Enemona.

Vi ser på ulike mogelegheiter for korleis vi kan bidra til at Enemona betaler det dei skal.

Korleis kunne denne ulykksalige situasjonen oppstå? Gjekk Helse Bergen inn i dette med skylappar og låg pris som einaste mål?

Dette var ein så stor kontrakt at den måtte ut på anbod i heile EØS-området. Vi fekk fem tilbod, fire norske og eit bulgarsk. Enemonas tilbod var betydeleg lågare enn dei norske. Dette fekk oss sjølvsagt til å bli skeptiske. Media melder at vi fekk mange åtvaringar frå eksterne, men høyrde ikkje på dei.

Les også:

Les også

Advarte Helse Bergen mot sosial dumping i 2011

Det stemmer at vi fekk åtvaringar utanfrå, men dei sterkaste åtvaringane gav vi oss sjølve. Derfor gjorde vi ekstra grundige undersøkingar rundt selskapet. Vi fann eit stort, børsnotert selskap med oppdrag i fleire europeiske land, vi fann gode referansar og vi fann ingen formelle feil ved tilbodet deira. Dei hadde gode forklaringar på at dei kunne liggje så lågt i pris, mellom anna rimeleg materiell produsert i Bulgaria. Slik vi såg det da, hadde vi ikkje nokon sakleg grunn til å forkaste tilbodet sett i lys av Lov om offentlige anskaffelser.

Dei andre tilbydarane fekk ein gjennomgang av Enemonas anbod, og heller ikkje dei fann saklege grunnar til å melde oss inn for Kofa, Klagenemda for offentlige anskaffelser.

Det har så langt heller ikkje kome fram i media eller på annan måte at andre norske byggherrar eller juristar med kompetanse på anskaffingar har funne at Helse Bergen har handla gale i denne saka.

Kontrakten inneheldt punkt som skulle sikre at arbeidarane fekk lønn etter norske tariffar. Dette skulle følgjast opp av kontrollar. Arbeidsavtalar og lønnsslippar vart kontrollerte av det selskapet vi hadde engasjert til dette arbeidet, vi fekk den dokumentasjonen dei fann og vi gav den vidare til El & IT-forbundet. Ingen av oss fann grunn til å reagere på denne dokumentasjonen.

Så viser det seg altså at Enemona har operert med to sett kontraktar for arbeidarane. Eit sett på norsk, der alt er i tråd med avtalen mellom Enemona og Helse Bergen, og eit hemmeleg sett med ein klausul om at arbeidarane ikkje har lov til å fortelje om innhaldet til Helse Bergen.

Les også:

Les også

- Kontrakten forbød oss å snakke om lønnen

Kunne vi gjort noko for å oppdage dette tidlegare? Kunne vi hatt andre avtalepunkt? Kunne vi fått arbeidarane til å gi oss dei rette tala, sjølv om dei hadde skrive under avtale på at dei ikkje hadde lov til det? Hadde vi hatt mogelegheit til å gå inn i alle bankkonti og slik at vi kunne sjå om det verkeleg var arbeidaren som hadde disposisjonsrett og ikkje Enemona?

Desse og ei rekke andre spørsmål har vi sjølvsagt stilt oss mange gonger dei siste vekene. Vi ønskjer å få ei full kartlegging av heile prosessen og kva for mogelegheiter vi hadde på ulike tidspunkt. Vi har derfor engasjert eit eksternt advokatfirma til å gjere ei evaluering. Den vil vere viktig for oss og andre som får internasjonale leverandørar på store byggjeprosjekt i åra framover.

Denne saka har gått sterkt inn på alle involverte. Sjølvsagt først og fremst arbeidarane, men det går også sterkt inn på oss i Helse Bergen. Vi er ikkje uberørte av dei menneska som blir råka av dette, og vil gjerne bidra så langt vi kan.

Samstundes har vi nokre formelle og prinsipielle forhold å ta omsyn til. Dersom vi ryddar opp for Enemona, vil dette kunne auke faren for at det blir fleire useriøse aktørar på den norske byggmarknaden.

Publisert: