Bioenergi er ikkje alltid klimavennleg

Den beste matjorda i Afrika står i fare for å bli kjøpt opp for å drive produksjon av biodrivstoff. Og storsatsing på jatropha-plantar vil slå negativt ut i CO2-rekneskapen, skriv Trygve Refsdal.

Foto: Rune Nielsen

Publisert:

_Av Trygve Refsdal,

forstkandidat, Voss_

For snart to år sidan tok ein norsk investor kontakt med meg og bad meg å vurdera ei eksotisk satsing på bioenergi. I samband med leiting etter olje i Ghana hadde han hatt nokre møte med kongen av Ashanti. Kongen hadde stor tru på biodiesel, og kunne stilla meir enn ein million hektar til rådvelde for dyrking av jatropha; — meir enn alt norsk jordbruksareal.

Mange set store voner til Jatropha curcas , ein «mirakelplante». Han kan veksa på tørr og skrinn mark og frøa er rike på olje. I Ghana er det store areal som kan nyttast til slik dyrking.

Mat framfor biodiesel

Eg var skeptisk til planane, og reiste ikkje til Ghana. I min stad reiste Egil, ein nøktern og erfaren kollega. Han konkluderte med å frårå satsinga, - om det skulle investerast, ville han satsa på dyrking av mat framfor biodiesel.

Det var fleire grunnar til min skepsis:

NEg såg på planar for nokre prosjekt i regionen, og meinte at dei mangla realisme. Eitt av dei var norsk, med altfor ambisiøse mål. (Det har no gått konkurs.)

NSatsinga på bioenergi er sterkt knytt til Kyotoavtalen; - som seier at bioenergi er «rein energi», eller CO2-nøytral. Så enkelt er det ikkje.

NMykje av vår satsing på såkalla «rein energi» er avhengig av subsidiar, ikkje berre i startfasen, men også i driftsfasen. Dette gjeld også bioenergi.

NFolk trur blindt på «energikriser». Dette gjev oss overinvesteringar på dette feltet.

Både pluss og minus

Ser me på dyrkinga av jatropha, så har ho både pluss- og minussider.

Frøa utgjer berre ein liten del av planten sin biomasse. Om me plantar jatropha på tørre og marginale areal, der det veks lite frå før, så bind plantane CO2 i stamme, greiner og røter. Då vil det naturlege karbonlageret auka; - og dette kjem i tillegg til bindinga i olja i frøa.

Klimarekneskapet, rekna for ein tjueårsperiode, vert veldig positivt, men hovudgrunnen er auken i naturen sitt karbonlager. Dette gjeld mest småskala dyrking, med hakke og manuell innsats.

Negativ CO2-rekneskap

Annleis er det når me plantar jatropha i kommersiell skala. Økonomien i dette krev god mark, der det ofte veks gras, busker og tre. Det må ryddast og pløyast, med tunge maskiner. Dette frigjer mykje CO2 dei fyrste åra etter planting, og pløyinga kan gje betydeleg erosjon i sårbare tropiske jordsmonn. Ofte vert det frigjort meir CO2 frå dette enn det me sparar ved at biodiesel erstattar fossil diesel, rekna for ein 20-årsperiode. I sum vert då klimaeffekten negativ; - produksjon av biodiesel gjev større utslepp enn om me brukar fossil diesel.

Grunnen til skilnadene er at olja frå frøa berre er eit lite biprodukt. Men i eit Kyoto-perspektiv får dette biproduktet all merksemd. Olja gjev «klimavinst», medan den langt større naturlege CO2-bindinga, eller -frigjeringa, vert neglisjert. Her er Kyotoavtalen irrasjonell; - han kan gje oss dårleg forvalting av viktige naturressursar. Også på andre felt fungerer avtalen dårleg. Det at CO2-innhaldet i lufta no aukar mykje raskare enn før avtalen kom i stand i 1997 er ein indikasjon på dette.

Bush satsa på bioetanol

President Bush sette i 2007 i gang eit storstilt program i USA for å produsera bioetanol av mais. Mest for å gjera landet meir sjølvforsynt med drivstoff, men også for å minska utsleppa av drivhusgassar ved at bioetanol erstattar vanleg bensin. Programmet er ikkje serleg effektivt som eit klimatiltak.

Det gjev ein viss klimavinst, men han er nær null der rydding og pløying av nytt åkerland frigjer mykje CO2. Bioetanol frå sukkerrøyr, mest i Brasil, har eit mykje gunstigare klimarekneskap.

Maisen vert dyrare

I fjor vart 26% av maishausten i USA levert til bioetanolfabrikkar, og me kan rekna med rask auke i åra som kjem. Prisen på mais har stige som fylgje av dette. Mange synest at dette er umoralsk - i ei verd med svolt tek rike bilistar i USA maten frå fattigfolk.

Sjølv ser eg ikkje så svart på dette, sett på lang sikt. Dumpingsal har skadd matmarknadene i fleire fattige land. Landa sine elitar har satsa på import av billeg mat og forsømt si eiga landsbygd og landbruket. Kanskje dette no vil endra seg? Eg ser ein større fåre i oppkjøp av den beste matjorda i Afrika med tanke på produksjon av biodrivstoff.

Skogen rotnar ikkje på rot

I Noreg kjem det meste av bioenergien frå skog og tre. Fleire utgreiingar rår til å auka uttaket av biomasse dramatisk, mellom anna frå Lavutslippsutvalget, Bellona og Zero. «Norsk skog rotnar på rot», skriv forskarar frå Norsk senter for bygdeutvikling.

Men er det så enkelt og problemfritt? Nei, det er ikkje det. Norsk skog rotnar ikkje på rot. Tvert om, han er dynamisk og veks som aldri før, og han lagrar CO2 i store mengder, 25-30 million tonn kvart år, netto. Halvdelen av alle norske utslepp! Grunnlaget for denne lagringa vart lagt for meir enn ein generasjon sidan, mest i åra 1930-1980, med god skjøtsel av ungskog. I tillegg gjev dagens moderate hogst oss eit rekordhøgt nivå for netto lagring.

Trugar karbonlagringa

Me kan ta ut meir enn me gjer i dag, men om hogsten aukar dramatisk vil me få stor nedgang i karbonlagringa dei fyrste og kritiske 25-35 åra. Etter 35-60 år vil me då få ein ny auke i lagringa.

Eit optimalt opplegg er å auka hogsten i glissen skog på god mark, i skog der det er stor risiko for stormfelling eller rotråte, og frå treslag med korte livsløp, som or og bjørk. Medan ein ventar med hogst i gode skogbestand for å få betre dimensjonar og større karbonlager.

Fyr med pellets

Energien bør nyttast effektivt, mest til oppvarming, spesielt i kalde periodar. I vårt kalde klima kan bruk av pellets og ved i moderne omnar ha ekstra stor verdi for å jamna ut forbruket av elkraft og minska krava til maksimal utbygging.

Her trengst prioritering. Biomasse er ein knapp ressurs: Ein kubikkmeter skogsvyrke brukt direkte til brensel kan erstatta 160 liter olje, medan same mengde vyrke, teknisk konvertert til biodiesel, vil erstatta berre 55 liter olje!

Fotosyntesen fjernar CO2

Det er eit nært samband mellom karbonlageret på jorda og i lufta. Når det aukar på jorda, ved fotosyntese, vert store mengder CO2 fjerna frå lufta. Denne bindinga skjer naturleg, ved grøne plantar sin vekst. Nokre tal viser dimensjonane: På landjorda er det lagra nær 2200 milliardar tonn karbon, nær tre gonger så mykje som i atmosfæren. Om karbonlageret på landjorda kunne aukast med berre 10%, så ville lufta sitt innhald gå attende til førindustriell tid!

Eit sentralt og effektivt klimatiltak er å auka dette lageret. Potensialet er størst i nordlege skogar. Det kostar lite, det er direkte og byggjer opp viktige ressursar for framtida. I ein slik samanheng er bruk av bioenergi berre eit lite biprodukt. Kyotoavtalen gjev her ei skeiv prioritering, - han legg all vekt på bioenergi, og neglisjerer karbonlageret.

Pengar, karriere, møte

Signala frå Kyoto viser veg for alle våre institusjonar. Dei viser veg til pengar og karrierebygging. Signala opnar opp for konferansar og forskingsmidlar. Signala gjev grønt ljos for teknikk, raudt ljos for natur, diverre.

I kva grad bør ein satse på bioenergi? Diskutér saka.