Nyheiter som har profilert Bergen

Avgjerda om å starte nyheitskanal vart teken i løpet av få minutt i eit lite kontor på Nøstet.

Publisert Publisert

NYTT FRÅ NØSTET: TV 2 fekk gjennom den nye kanalen betre nyheitsberedskap, og vart ofte dominerande i Noreg på nyheitsdekninga av hendingar i innland og utland, skriv Kjell Øvre Helland, som var med på å starte opp kanalen. Foto: TV 2

  • Kjell Øvre Helland

Sundag 15. januar fyller TV 2 Nyhetskanalen 10 år. Kanalen endra tempo, rytme og innhald i norsk tv-journalistikk då den kom på lufta i 2007.

Kanalen sette rekordar i oppslutning i 2016 og har dei siste åra styrkja nyheitskraft og nettsatsingar i TV 2. Etter omorganiseringa i fjor omfattar TV 2 Nyhetskanalen alle som arbeider med tv-nyheiter i TV 2.

Hausten 2017 flyttar kanalen saman med Universitetet i Bergen og ulike medie- og teknologiselskap inn i Media City Bergen.

Les også

Bergens mediemiljø flytter sammen

Avgjerda om å starte nyheitskanal vart teken i løpet av få minutt ein føremiddag i februar 2006. Sjefredaktør Kåre Valebrokk sat i tett sigarettrøyk på eit lite kontor i femte etasje i TV 2 på Nøstet. Som leiar for TV 2 Nyhetene hadde underteikna presentert han for eit nytt prosjekt.

– Ja, vi må ha nyheitskanal, sa Kåre, kjapt. – Men, vi må vel først levere noko til styret, la han til.

Som vanleg i TV 2 var iveren stor og planleggingstida for kort.

Dei fagorganiserte tykte 38 nye stillingar var altfor få for å drive ein 24-timars kanal, men styret i TV 2 vedtok sommaren 2006 å starte kanalen. Særleg styreleiar og seinare sjefredaktør Alf Hildrum tala varmt for kanalen, spesielt for at ei slik satsing ville styrkje TV 2 i konkurransen med NRK.

Inntektsgrunnlaget var uvisst, men det var opplagt at kanalen måtte ha lågare driftskostnader enn det som hadde vore vanleg i fjernsynsindustrien. Dette skapte innovasjon. Eitt resultat var Mosart, eit enkelt system skapt av produsent Mads Grønbæk i TV 2 Nyhetene.

Studiosendingane, som tidlegare hadde eigne personar for kvar funksjon, vart omgjort til datastyring for kamerakøyring, lys og alt det andre som skjer i tv-studio. Mosart revolusjonerte avvikling av fjernsyn over heile verda, og er i dag ein suksessfull del av teknologiselskapet Vizrts portefølje.

Unge, flinke journalistar vart multiarbeidarar. Dei laga innhald, foto, redigering, grafikk, kommentar og studiopresentasjon i mange kanalar og på ulike plattformer. Etter 11 månaders planlegging var kanalen på lufta frå studio i Bergen. Mah-Rukh Ali og Terje Svabø var dei første programleiarane.

Inn mot klokka 12.00 måndag 15. januar tikka ei nedteljingsklokke til sendestart. Det hadde vi lært frå TV 2 Danmark sin nyheitskanal, TV 2 News, som starta sendingane i november 2006. Kulturminister Trond Giske føretok høgtidsam opning.

Det var ikkje lenger ekstra nyheitssendingar, det var direkte publisering. I ei tid då Facebook og iPhone var ukjente og Snapchat ikkje påtenkt.

Les også

«Grooming» av studenter i Media City Bergen

NRK og utanlandske nyheitskanalar var TV 2s samanlikning. TV 2 fekk gjennom den nye kanalen betre nyheitsberedskap, og vart ofte dominerande i Noreg på nyheitsdekninga av hendingar i innland og utland. Den første saka som synte dette, var LO-leiar Gerd Liv Vallas dramatiske avgang i 2007. I seinare år vart brannen i Lærdal i 2014 og terroren i Paris i 2015 døme på at TV 2 kunne ha omfattande dekning medan statskanalen var fråverande. NRK, som ikkje starta nyheitskanal, vart ofte usikker på kva som skulle prioriterast i konkurransen med TV 2 Nyhetskanalen.

Tidspunktet for å starte TV 2 Nyhetskanalen var veleigna, og truleg var det berre mogeleg i eit kort tidsvindauge. Sendenettet for fjernsyn i Noreg vart digitalisert i 2007–2008, og det var brått plass for fleire kanalar enn tidlegare. Men det var framleis avgrensingar gjennom tildeling av «kanalpakker».

Selskapa som distribuerte fjernsyn, hadde også bruk for nye produkt i den endra konkurransen. Helst ynskte dei kanalar som ikkje fanst frå før. Canal Digital vart til dømes ein aktiv pådrivar for å få nye norske kanalar i drift slik at dei kunne distribuerast på kabel og satellitt.

TV 2 Nyhetskanalen hadde mange timar å fylle. Dette gav rom for mange gjestar. Ein ny generasjon med kunnskapsrike kommentatorar kom til studio i Oslo og Bergen. Ikkje minst kom dei til TV 2 i Bergen for å kommentere politikk, økonomi, helse, klima, kultur og media, sport og vær.

Frå Universitetet i Bergen, Norges Handelshøyskole, Haukeland universitetssjukehus, Bergen kommune, bankar og forsikringsselskap, og frå kulturen i Bergen var det rekruttert nye ekspertar som snøgt fekk status som nasjonens fremste formidlarar innanfor sine fagfelt.

TV 2 Nyhetskanalen var til stades i politikk og økonomi på nye måtar gjennom at det var sendt direkte frå små og store hendingar. Det gjorde at norsk politikk med eitt vart mykje meir synleg for eit større publikum.

Ofte er det også laga reportasjar frå Bergen og Vestlandet med lyd og bilete som forsterkar at TV 2 plassert i Bergen har gjort det lokale synleg og det regionale viktig.

Kjell Øvre Helland arbeidar no som leiar for lærings- og formidlingslab på kommunikasjonsavdelinga ved Universitetet i Bergen.

Publisert