Tenk deg at du har vore kunde hjå ei forretning i ti år. Så bestemmer du deg for å byte til konkurrenten. Men forretninga vil ikkje finne seg i det, saksøkjer deg og får i første rettsrunde medhald i at du inntil vidare ikkje har lov til å handle med konkurrenten. I tillegg må du betale forretninga sine sakskostnader på 250.000 kr.

Forretninga rustar seg så til ei ny rettsrunde. Dei vil få deg dømd til å inngå ein kontrakt som bind deg til å handle med dei — og berre dei - i åtte år til. Dei førebur saka med dyr advokathjelp i nesten eitt år. Medan du ventar, blir du var at du kan kome fri, juridisk, ved at du avviser boda frå begge tilbydarane, både konkurrenten sitt - det du ville ha - og forretninga sitt - det du ikkje ville ha. Grunnlaget for rettssaka fell då bort.

Forretninga vil ikkje gje seg. Direktøren hånar deg i avisa for manglande rekneferdigheiter. Det heile endar med forlik, der du må betale alle advokatutgiftene som forretninga har hatt med å forfølgje deg gjennom året, i tillegg til dei 250 tusen du har betalt frå før. Noko som dette kan ikkje skje, tenkjer du. Det er ingen forretningar eller direktørar som oppfører seg slik, trur du vel. Då seier eg: Velkomen til utdannings-Noreg anno 2014 og Itslearning AS!

Rotete og uoversikteleg

Nett dette, og alt dette, har Itslearning gjort mot NTNU det siste året. Det byrja i fjor vår, då Itslearning ikkje fekk fornya kontrakt om å levere læringsstøttande dataprogramvare til NTNU.

Itslearning AS har laga og marknadsfører eit dataprogram som dei kallar ein «læringsplattform». Elevane likar det ikkje. Foreldre klagar. Overalt kor eg møter lærarar frå fjern og nær der dei er pålagde å nytte Itslearning, er det sukk og stønn og oppgidde miner. Nokre av karakteristikkane frå lærarar, foreldre og elevar er: «fjollete», «maltraktert», «pyton», «tragisk» og «tungvint». Programmet fører ikkje til meir læring. Det stel tid frå oss lærarane og elevane. Itslearning er ikkje nokon læringsplattform. Det er rotete og uoversiktleg. Altså manglar det «form». Berre «platt» står att.

Itslearning er ikkje nokon læringsplattform. Det er rotete og uoversiktleg. Altså manglar det «form». Berre «platt» står att.

Utanforståande kan lure på korleis eit så sterkt mislikt produkt kan vinne fram i marknaden. Det heng saman med at dei som kjøper produktet ikkje er dei same som dei som skal bruke det. Dessutan har det nærast blitt tradisjon at skuleeigarar i Noreg kastar seg på fikse trendar og trer meir eller mindre uprøvde idear ned over hovudet på lærarane sine.

Slike idéfikse trendpåkast blir oftast tvungne igjennom med ein sarkastisk retorikk om at lærarar som ikkje vil med på ferda, er gammaldagse og lite tilpassingsdyktige.

Kristisk til digitale læremiddel

Det er som professor i biologisk psykologi, Hermundur Sigmundsson, ved NTNU minner om: Den tradisjonelle måten å drive undervising på, i avgrensa klasserom med tavle, er sett opp slik av ein grunn: Det er det som skapar mest ro og konsentrasjon, og mest læring. Den same Sigmundsson manar oss til å stanse opp og stille spørsmål ved satsinga på digitale læremiddel i skulen.

New York Times melde i oktober 2011 at dataingeniørar og toppleiarar i selskap som Google, Apple og eBay sender borna sine til Steinerskulen i Sillicon Valley (Waldorf School of the Pensinula), der det er 0 - null - datamaskiner i klasseromma, fordi dei har tru på at elevane lærer betre utan. «Datamaskiner hemmar kreativ tenking, rørsle, menneskeleg interaksjon og evna til å konsentrere seg over lengre tidsspenn», seier dei der. Kanskje den norske offentlege skulen er på villspor med «digitale verktøy» som éin av fem forskriftsfesta «grunnleggjande ferdigheiter»? Kanskje Steinerskulen oppgitt må vise veg for oss inn i framtida?

Utdatert programvare

Men uansett, digitale verktøy eller ikkje: Skal vi ha dei, må dei vere av tilfredsstillande kvalitet. Og der har Itslearning ein lang veg som dei ikkje klarer å gå. Programvara Itslearning var opphavleg eit studentprosjekt frå dot-com-tida som har enda opp som det dataingeniørar kallar «spagettikode»: Programkoden er blitt så uoversiktleg at det er vanskeleg å vidareutvikle programmet og bøte på grunnleggjande svakheiter i det, utan at veven raknar. Einaste praktiske løysing er å skrive heile programmet på nytt. Både Apple og Microsoft har vore der. Men Itslearning har neppe økonomi til å gjere det.

Itslearning er som T-Ford. Det var moderne i 1999. Itslearning er som T-Ford. Det var moderne i 1999. I dataverda er det svært lenge sidan. Dei som argumenterer for at det er nyttig at elevane lærer seg Itslearning med tanke på digitale ferdigheiter i framtida, argumenterer eigentleg for å nytte T-Ford i køyreopplæringa. Same kor flink du blir med startsveiv og reverspedal, er det ikkje ferdigheiter du får bruk for i dagens trafikk. Men Itslearning har i alle år vore skarpskodde og flinke til å presentere produktet sitt som nymotens og framtidsretta, og har lukkast med å få skuleeigarar og innkjøparar til å tru på det. Forretningsideen deira ser ut til å vere å halde fram med dette.

Kjære skuleeigarar og politikarar: Ikkje høyr på Itslearning sitt sjølvskryt! Lytt til lærarane! Og med «lærarane» meiner eg ikkje den vesle dilettantiske eliten av Itslearning-ressurslærarar, som de har gjeve nedsett undervisningstid og som de sender på Itslearning-brukarkonferansar på luksushotell med god pleie og kulturelle opplevingar, dei som på sett og vis er «kjøpt og betalt» av dykk og Itslearning, men alle dei andre.

Uforeinlig med kvalitet i skulen

Til kommunar som enno ikkje har gått i den digitale fella og kasta seg på den idéfikse «læringsplattform»-trenden: Styr unna eit selskap som Itslearning. Kan de ikkje unngå dei, så sørg for å vere tungt væpna med juridisk hjelp når de møter dei og kommuniserer med dei. Det vil lønne seg. Sjå kva dei har gjort mot NTNU.

Kjære frustrerte lærarkollegaer, sei ifrå! Fortel skuleadministrasjonen eller politikarane i kommunen din, no i sommar, korleis du opplever Itslearning. Om elevar og foreldre også gjer det same, er det fint. Kanskje lokalpolitikarane og skulebyråkratane høyrer, før det endar like gale som det har gjort med dei fleste ope-kontorlandskapsskulane rundt omkring?

Dette handlar om kvalitet i skulen. Dataprogrammet Itslearning kan etter mitt skjøn ikkje sameinast med det.