Bergen er truleg verdas største opphoping av sjølvfortreffelegheit. Kan ein mann herifrå klaga over at bygdefolk står på for ein heimstad dei er stolte av? Byrådet Warloe sat i har år etter år vunne krinsmeisterskapen i syting over hovudstadsmakta. Kan han no syta over at folk andre stader tviheld på det vesle kommunale sjølvstyret dei fortsatt har? Tydelegvis. Der ingen skulle tru...

Ein kalkulert provokasjon

Når ein tidlegare kulturbyråd for Høgre, frå tjukkaste Bergen, omtalar norske bygder som unødvendige pengesluk, er det sjølvsagt ein kalkulert provokasjon. I min sundagskommentar 8. desember oppfordra eg fiender av Distrikts-Norge og levande bygder til å spela med opne kort og gå ope inn for nedlegging av distrikta, i staden for seigpina bygdene med sniksentralisering og gradvis nedbygging. Warloe verkar å ha teke meg på ordet.

«Folk på de ytterste utposter forlanger samme pris på strøm, samferdsel, bensin og matvarer som i tettbygde strøk, til tross for at kostnadene til fremføring og distribusjon er mye høyere», skriv Warloe. Han snublar her i ei rekke sjølvmotseiingar.

For olja sin del ligg Europas nest største oljehamn, Mongstad, i den vesle distriktskommunen Austrheim med 2800 innbyggarar, ein kommune rik på meiningslaust dyre bruer og gjennomsubsidierte ferjestrekningar.

Eit subsidiesluk

Når det gjeld straum, så ligg alle dei ti største kraftverka i Norge på små drittstader, i små drittkommunar. Sjølv om mange kraftkommunar har god økonomi, går dei store pengane heilt andre stader. I 2007 var Warloe byråd for finans, kultur og næring i Bergen, og kunne gassa seg med eit driftsbudsjett på rundt ein halv milliard. Same år tok Bergen kommune ut 350 millionar i utbyte frå kraftselskapet BKK. Mesteparten av BKK sine inntekter kjem frå kraftsal. Krafta er produsert av mellom anna Sima Kraftverk, i Eidjord i Hardanger; eit subsidiesluk med knappe tusen innbyggarar. Monstermastene mellom Sima og Samnanger som no pryder fjelltoppane langs fleire mil av Hardangerfjorden vart bygde for å sikra straumforsyninga til Bergen.

Hardanger-krav

«Folk i Hardanger krever milliarder for å rassikre alle(!) veier», skriv Warloe. Som utflytta harding sjølv kan eg garantera at ingen i Hardanger trur ein kan «kjøre overalt uten risiko for at det går et ras», slik Warloe skriv. Det ein ber om er at kjende rasstader som år etter år sperrar veien vert gjort noko med. Det er forskjell på ein rassikra veg og ein rasfri veg. Det skjøner også Warloe, om han vil.

Av samferdslepengar i Hardanger/Voss dei siste åra har soleklart mest vore brukt på dei store gjennomfartsårene. Hardangerbrua (2,3 mrd), Folgefonntunnelen (400 mill), Jondalstunnelen (890 mill) og Vossapakko (1,1 mrd) er ikkje lokale tulleprosjekt.

Visst finst det eit utal feilinvesteringar og overdrivne subsidieordningar i distrikta. Warloe trekker fram enkelteksempel som den famøse, dødfødde dørfabrikken i Årdal til 89 millionar. Han påstår at noko liknande aldri kunne ha skjedd i ein by, som om statlege distriktsinvesteringar er den einaste staden ein finn konkursar og pengesløsing. Prisen for å pussa opp Oslo sin gamle hoppbakke auka frå 580 millionar til 1,8 milliardar. Høgrebyrådet sitt store prosjekt i Bergen, skulen og badeanlegget Helleren, auka frå 780 millionar til 1 860 millionar.

Subsidieleiken

Det er fleire enn Warloe som kan leika subsidieleiken. Et klassisk eksempel er at kvar einaste billett til Den Norske Opera & Ballett vert sponsa med rundt 2000 kroner. Bergen Assembly, ein kunstfestival Warloe sjølv tok initiativ til som kulturbyråd, vart i år sponsa med over ti tusen kroner pr. solgte billett. Den summen kunne ha finansiert kinobesøka mine i ganske mange år framover.

Slikt er likevel småpengar. Gjennom skattefrådraget for bustadlån sponsar staten norske bustadeigarar med godt over tjue milliardar kvart år. Dei fleste bustader, og iallfall dei dyraste som får mest frådrag, ligg i byane. Eig du ei leiligheit i Bergen sentrum får du langt meir i bustadsubsidier enn om du eig ein vanleg einebustad inne i ein fjord.

Når Warloe lett parodisk framstiller høge bustadprisar i byane som urettferdig for byfolk, snur han det heile på hovudet. Prisane er eit stort hinder for folk som skal inn på marknaden, det er riktig. Men for alle som allereie eig bustaden sin, er prisveksten ein enorm fordel. Byfolk flest har tent hundretusener dei siste 10— 15 åra, utan å løfta ein finger.

Tenester, ikkje innsparingar

Inntektsutjevning, det at staten tek frå bemidla kommunar og gjev til fattige, opplever Warloe som eit «ran», der «enorme beløp overføres fra de store kommunene til de små». For 2012 gav Bergen frå seg omtrent syv prosent av skatteinntektene til inntektsutjamning. Av dei kommunane i Hordaland som måtte gje frå seg pengar, er Bergen ein av dei som gav frå seg lågast andel.

Ein kan hissa seg opp og forestilla seg at Bergen sine pengar gjekk til å støtta teflonbelegg i møkkarennene i økologiske fjøs i Fusa eller møtegodtgjersle for kultur- og næringskomiteen i Sund. Eller ein kan gleda seg over at pengane gjekk til veg- og bustadprosjekt som gjer det mogeleg å bu i Knarvik, på Kleppestø, på Straume, og pendla til Bergen og jobba på bedriftene der, bedrifter som ellers måtte ha funne seg ein anna stad å halda til. Bykommunane kan ikkje vera alt for alle.

For Warloe er økonomiske innsparingar eit hovudargument for kommunesamanslåing. Hans eigen partileiar har slått fast at målet med samanslåingar er betre kommunale tenester, ikkje innsparingar. Så langt tyder korkje forsking eller erfaringar frå mellom anna Danmark på at det er noko særleg å spara på samanslåing.

Eit bynært ekko

Det som verkeleg er ei hellig ku i norsk politikk er byane: Halvstore folkeansamlingar og liksom-urbane landsbyar som med nød og neppe har klora seg ut ei hylle mellom fjell og fjord. 40 prosent av Bergen og rundt to tredjedeler av Oslo kommune er dekka av skog. Likevel gir byane oss eksosluft me ikkje klarar å puste i, bilkøar det er umogeleg å byggja seg ut av, og andre meiningslaust kostbare infrastrukturproblem. Bergen bygger for eksempel bossug for ein milliard kroner. I byen breier me oss i stadig meir utflytande bustadfelt i suburbia, med hagar, garasje og vedskjul med hoggestabbe, i fåfengte forsøk på å skapa eit bynært ekko av den bygda me har forlatt.

På indre austland skal staten no bygga tog for 150 milliardar, i hovudsak for å få folk fortast mogeleg inn til Oslo sentrum. Kanskje me alle burde hoppa på eit av toga innover og bli verande der. Det ville tross alt vore mest lønnsomt.