– Eg plar seie at eg har ei veldig breidde i musikksmaken min. Eg liker alt frå Bjørn Eidsvåg til Sigvart Dagsland.

Knut Arild Hareide (KrF) hissar seg opp over banning på P3, men ville gjort det dårleg som jomfru.

Eirin Eikefjord
Kommentator i BT

IKKJE UROA: Sylvi Listhaug (Frp) gjer sitt beste for å kapre kristne veljarar, men Hareide er ikkje uroa. - Eg er glad for at KrF ikkje er aleine på verdispekteret lengre, for då får me fleire slike debattar, seier han. Nikita Solenov

– Vil du ha ei skjeva? Når eg kjem heim til folk, byr dei alltid på kake. Men eg liker så godt å få skjeva. Då føler ein seg liksom meir heime.

– Både statsministeren og journalistar får kome heim til foreldra dine. Du må vere ein heimekjær type?

– Heile familiesituasjonen gjer meg tryggare. Eg har ein jobb med mykje uvisse, og familien er ekstra viktig for å gje fotfeste. Ein finn ikkje fotfeste i valresultatet.

KAFFISLABBERAS: Statsminister Erna Solberg (H) var heime hos foreldra til Knut Arild Hareide (KrF), i barndomsheimen hans på Rubbestadneset på Bømlo. Nikita Solenov

– Såg du for deg at du skulle bli partileiar?

– Eg brukte lang tid til å tenkje på om det var noko eg skulle gjere. Det handla ikkje om politikken, men om leiarrolla. Eg trivst betre når ikkje all merksemda er retta mot meg. Det eg kom fram til, var at eg måtte vere partileiar på min måte.

– Og så blei du den mest populære leiaren KrF har hatt – iallfall blant dei som ikkje stemmer på KrF.

– Nja, viss me ser på meiningsmålingane, er me vel ikkje heilt der. Eg trur at KrF-arane synest eg gjer ein god jobb, men at mange skulle ønskt at me var større.

– Kva skal til for at partiet skal vekse?

– Det er veldig mange som er einige i politikken vår og verdiperspektiva våre, men som likevel ikkje stemmer på oss. Mi oppgåve er å få folk til å føle at KrF er eit parti som er nær deg, og få fram at det ikkje skal vere noko eksklusivt å stemme KrF. Det har eg ikkje greidd godt nok.

– For mange er kontantstøtta ein raud klut, og den månadlege summen er nett auka endå ein gong. Burde de vurdere ei anna kjernesak?

– Folk snakkar om kontantstøtta som om det er fireåringar som skal få ho, men det er jo eittåringar. Dette handlar om at KrF er oppteken av både valfridom og heilskap i familiepolitikken.

IKKJE UROA: Sylvi Listhaug (Frp) gjer sitt beste for å kapre kristne veljarar, men Hareide er ikkje uroa. – Eg er glad for at KrF ikkje er aleine på verdispekteret lengre, for då får me fleire slike debattar, seier han. Junge, Heiko / NTB scanpix

– Alle norske politikarar slåst visst om kristenveljarane og norske verdiar for tida. Korleis skal kristenpartiet vinne kampen om dei kristne?

– Me har så å seie all støtta vår blant kristenveljarar, og Sylvi Listhaug (Frp) har lagt seg til ein retorikk der ho medvitent prøver å hente dei til seg. Men eg er ikkje så uroa for Listhaug. Det er ikkje ho som er den største konkurrenten min. Det er Erna og Jonas.

– Kva med det kristenkonservative og framadstormande Senterpartiet?

– Jo, dei og. I verdispørsmål er jo Sp det partiet som står nærast oss.

– Du gjekk i Pride-paraden, og liberale heidningar elskar deg for det. Skjønte du kor mykje problem det ville skape blant veljarane dine?

– Eg tenkte kan hende ikkje godt nok over det på førehand. Men dette er ein sånn sak der eg må vere den eg er, og eg opplevde at det var rett. Det var mediedynamikken som gjorde dette krevjande, fordi det stod fram som om motstanden var veldig stor.

KJÆRLEIK: i 2016 gjekk KrF-leiar Knut Arild Hareide og kona Lisa i Pride-paraden for å feire rettane til homofile, lesbiske og transpersonar. Ikkje alle i partiet var nøgde med den liberale markeringa. Bendiksby, Terje / NTB scanpix

– Du gjekk nett ut mot NRK P3 og sommerlåta «Fy faen». Var det eit strategisk utspel, eller er du opprørt på ekte over banning på ungdomsradio?

– Acta bibelskule har vore med å toppe iTunes med ein av låtane sine, men likevel blir albumet deira avvist av P3. Mitt poeng er at P3 bør ha meir breidde i verdiperspektivet sitt. Korleis kan dei avvise lovsong på innhald, når dei kan gå så langt andre vegen?

– Kva musikk høyrer du sjølv på i sommar?

– Eg plar seie at eg har ei veldig breidde i musikksmaken min: Eg liker alt frå Bjørn Eidsvåg til Sigvart Dagsland. Då eg budde i kollektiv som student, blei alle CD-ane stolne, bortsett frå mine.

– Trass KrF sin lave oppslutnad, kan det godt hende at de kjem i regjering. Kva ministerpost vil du helst ha?

– For oss i KrF er det politisk gjennomslag som betyr mest, ikkje ministerpostar.

– Men om du får velja fritt?

– Ein post eg synest er spanande, er arbeids- og sosialminister. Både fordi det sosiale alltid har lagt meg og KrF nært, og fordi eg er meir av ein brubyggjar enn ein som skaper avstand. Arbeidsliv er sterkt ideologisert, og det er ei viktig oppgåve å finne gode løysingar.

– Alle kvinner får dette spørsmålet, så: Korleis er det å kombinere ein så krevjande jobb med familieliv?

– Det optimale er ikkje å jobbe så mykje på det tidspunktet familien treng deg mest. Akkurat det er mitt store, dårlege samvit. Dessutan går min jobb på kostnad av kona mi. Eg får lett ei oppleving av at eg er på feil plass, uansett om eg er på jobb eller heime.

JOBB OG FAMILIE: Akkurat no er livet mykje jobb og familie, men det hender Hareide får tid til fotball, løpeturar, Downton Abbey eller ein alpetur for å halde Telemark-svingane ved like. - Eg rekk ikkje så mykje meir enn det. Men livet mitt er så rikt på opplevingar og engasjement, så eg føler ikkje noko savn, seier han. Åserud, Lise / NTB scanpix

– Kva er det som driv deg til å halde fram likevel?

– Ole Paus sa at KrF har politikk for dei som treng politikk. Det motiverer meg.

– Du seier du er ein brubyggjar. Inneber det at du er oppteken av å bli likt? Eller er du berre konfliktsky?

– Eg liker godt når folk er einige. «Du kunne aldri vore jomfru, for du greier jo aldri å seie nei», sa Gudmund Hernes i ein tale til eitt av mine store politiske førebilete, Jon Lilletun. Noko av det same kan seiast om meg. Eg liker einigheit betre enn konflikt.

– Og så er du god på «onelinarar». Kjem dei spontant, eller er humoren din utstudert?

– Det med «onelinare» ligg for meg. Rolla mi gjer jo at eg er litt meir frampå på jobb enn privat, og eg tenkjer jo gjennom ting, men dei beste er spontane. Og det er min humor.

FOLKEKJÆR: Knut Arild Hareide seier at han er nysgjerrig på menneske. - Folk gir meg energi. Eg trur eigentleg det kjenneteiknar politikarrollen i Noreg. Det er ein føresetnad å like folk for å trivst som politikar. Alley, Ned / NTB scanpix

– Er det nokre trekk ved personlegdomen din du ikkje er like nøgd med?

– Eg er ganske distré. Og så kunne det nok gjort seg med litt meir kynisme. Eg er ingen strategisk spelar, og eg gjer feil. Tabbeutspelet med Trygve som statsminister, til dømes. Det skjedde fordi eg fekk spørsmålet om kven, viss ikkje Erna, eg ville ha.

– Kvifor skal vestlendingar stemme på KrF?

– Dei same gode grunnane som nordmenn generelt: Me fekk stoppa at rekninga for flyktningkrisa blei sendt til dei fattigaste i verda. Me har sikra det mest offensive klimabudsjettet nokosinne. Me er eit verdiparti som er opptekne av at familie skal la seg kombinere med arbeidsliv.

– Kva er den viktigaste saka for Hordaland dei neste fira åra?

– Arbeidsplassar etter oljeprisfallet. Sjølv om det er mange positive signal no, er det viktig å sikre folk i ei krevjande tid.

– Korleis ser du for deg partiet ditt i framtida?

– Eg vil leia eit parti som er drive av å sjå noko større enn meg og mitt. Søndagen, tvillingabort, surrogati, eggdonasjon, aktiv dødshjelp. Me kan ikkje stanse teknologien, men eg trur mange vil setje pris på eit politisk parti som løftar dei debattane. Sorteringssamfunnet handlar ikkje berre om Downs syndrom, men om rom for å vere ulike.

– Apropos surrogati og eggdonasjon: Er det ikkje ein form for nestekjærleik å hjelpe folk å få barn?

– Når ein tar sånne val, er det vel så viktig å lytte til etiske refleksjonar. Som politikar meiner eg derfor det er enkelt: Om ein fjernar den grensa, kor skal då grensa gå, kor skal me stoppe?

STØRRE ENN SEG SJØLV: - Alle parti er endring. Me opplever at tru og religion er meir aktuelt enn nokon gong, seier Hareide. Målet hans er å leie eit parti som er større en seg og sitt. Her saman med nestleiarane Kjell Ingolf Ropstad og Olaug Bollestad, på utestaden Himkok. Junge, Heiko / NTB scanpix