Eit forsvar for fakta. Og faktasjekk.

Å halde seg til fakta er viktig, men kan vere vanskeleg. Å sjekke fakta er ikkje lett det heller.

Publisert: Publisert:
Bård Vegar Solhjell
Generalsekretær WWF Verdens naturfond

KRITISK BLIKK: «Både kommentatorar, akademikarar og politikarar har hevda at faktisk.no svekkar pressa, og undergrev god debatt. Eg er djupt usamd. Eg har stor tru på prosjektet, og meiner eit meir kritisk blikk på faktafeil i samfunnsdebatten er viktig», skriv Bård Vegar Solhjell. Foto: SKJERMDUMP: FAKTISK.NO

«In addition to winning the Electoral College in a landslide, I won the popular vote if you deduct the millions of people who voted illegally.»

Denne meldinga la USAs president Donald Trump ut på Twitter, 27. november 2016. Han presenterte ingen dokumentasjon eller bevis. Påstanden er nøye sjekka av fleire uavhengige kjelder, og er utan unntak bedømt som falsk.

Mange trur at Trump kan ha sikta til skuldingar om valfusk blant innvandrarar i enkelte statar. Men ei rekke av desse statane har opna opp materialet sitt, som viser at det ikkje kan stemme i eit slikt omfang. Påstanden er ikkje trekt tilbake, og ikkje korrigert.

Det er velkjent at nyhende kan vere feil eller mangelfulle. At statsleiarar snakkar usant er heller ikkje ukjent. At det bevisst blir produsert falske nyhende, og at dei når breitt ut, er derimot relativt nytt.

Amerikanske Buzzfeed News undersøkte etter det amerikanske presidentvalet omfanget og spreiinga av dei falske nyhendesakene på Facebook. Dei tre siste månadene før valet skapte dei 20 største falske nyhendesakene større engasjement enn dei 20 største vanlege nyhendesakene frå alle dei leiande amerikanske media til saman. Det er knapt til å tru. Løgn hadde større spreiing enn sanninga, på det største og mest allmenne sosiale nettverket i vår tid, om det viktigaste vegvalet amerikanarane tok for seg sjølve og verda.

Dette er ei livsfarleg utvikling. For det finst felles fakta som vi bør legge til grunn for ein meiningsfull offentleg samtale. Det finst rett og gale, sanning og løgn. Den gjennomsnittlege middeltemperaturen på jorda har stige sidan førindustriell tid, og mesteparten av auken kjem av menneskeleg aktivitet. Holocaust skjedde, og det var ikkje ein jødisk konspirasjon bak angrepet mot USA 11. september 2001.

Eit samfunn der vi får fakta og informasjon med heilt ulikt innhald, frå heilt ulike stader, er dømt til å føre oss lenger frå kvarandre. Den tidlegare amerikanske senatoren Daniel Patrick Moynihan formulerte det slik i sitt forsvar for eit opplyst demokrati: «Alle har rett til å ha si eiga meining, men ikkje sine eigne fakta.»

Mange fryktar at USA er på veg bort frå dette, men vegen derfrå til Noreg 2017 er uhyre lang.

«Før noen faktasjekker. Joda, jeg tok hardt i på #dax18. Det er 50% økning i bemanning og ressurser til Beredskapstroppen. #stolt»

Denne twitter-meldinga vart lagt ut av vår statsleiar, statsminister Erna Solberg 20. juni. På radioprogrammet Dagsnytt atten kom ho i skade for å seie at troppen var dobla, altså at auken var på 100 prosent.

Politikarar bør ikkje seie ting som er feil. Statsministeren si melding er like fullt eit døme på at det i Noreg framleis er oppfatta som uheldig, ja til og med utruverdig, å ta feil eller snakke usant. Ho fann det raskt naudsynt å rette opp sin eigen faktafeil. Slik vart det heile ein uskuldig feil, ikkje ein politikar som feilinformerte eller laug.

I sommar vart tenesta faktisk.no lansert. Det er den første store faktasjekktenesta i Noreg, med eigen redaksjon og store ressursar til arbeidet sitt. Målet er eit faktabasert ordskifte og ein konstruktiv samfunnsdebatt. «Faktisk.no skal avdekke og forhindre spredningen av oppdiktede meldinger som utgir seg for å være ekte nyheter», seier dei om sitt eige formål.

Lanseringa fekk stor merksemd, og hard kritikk. Til dels rystande hard kritikk, slik eg ser det. Både kommentatorar, akademikarar og politikarar har hevda at faktisk.no svekkar pressa, og undergrev god debatt. Eg er djupt usamd. Eg har stor tru på prosjektet, og meiner eit meir kritisk blikk på faktafeil i samfunnsdebatten er viktig.

Men dei kom skeivt ut. Kvifor? Vel, av to grunnar trur eg.

For det første fordi avstanden frå det amerikanske «fake news»-scenariet til den norske røynda er vel stor. Ein journalist som arbeider med faktasjekk sa til meg nyleg at han trudde det var litt for lite løgn i norsk politikk til å halde det gåande. Han hadde oppdaga at det var få spektakulære, alternative fakta, gitt av gale narsissistar.

Faktisk.no sine første sjekkar gjorde det særs tydeleg. Dei hadde sjekka ei rekke påstandar frå norske politikarar, og bedømte mange til å vere feil. Men ingen framstod som kyniske løgner, ville påstandar eller notoriske forsøk på å fordreie sanninga for ein heil nasjon.

For det andre synst eg tenesta så langt har lagt for lite vekt på kva type faktafail vi har med å gjere.

Mange av påstandane som er dømt som «faktisk helt feil» var enkle faktafeil og upresise påstandar. Uheldig, men ikkje grove overtramp. For politikarar, som for deg, er det fort gjort å hugse feil, bruke feil kjelde eller kanskje forenkle litt for mykje i ein debatt eller eit innlegg. Gjer du aldri det, er du neppe menneskeleg.

Etter mi oppfatning er det uheldig å vere upresis, men heller ikkje meir enn det. Å seie nok som er direkte feil er dumt, men ikkje særleg alvorleg. Særleg ikkje om det blir retta opp.

Det er meir uheldig om eit parti i ei avisannonse eller eit flygeblad, eller statsministeren i ein nyttårstale, presenterer feil opplysningar. Verkeleg alvorlig blir det først om denne feilen openbart er presentert bevisst, og i den hensikt å skape debatt eller utryggleik om det som står der kanskje stemmer – til dømes for å sverte andre.

Farleg blir det om eit parti eller ein sentral politikarar nektar å akseptere vitskaplege fakta, eller korrigere eigne feil – til dømes fordi ein spekulerer i at mange menneske vil stemme på noko som utfordrar vitskaplege fakta eller sanningar.

Vi treng dei som sjekkar fakta, og hegnar om sanninga – også dei enkle og trivielle fakta. Det er positivt at vi har fått eit sterkt miljø med dette som sitt oppdrag. Det er difor sentralt at dei klarte å utvikle tenesta. Å skilje mellom gradar av feil, alvoret i feilen og å bruke ressursar når det verkeleg er alvor. Det er faktisk viktig.

PS! Eg sit i styret for institusjonen Fritt Ord, som har løyva pengar til faktisk.no. Så eg er ikkje heilt uhilda, faktisk.

Publisert: